Som Lars C. Krogenæs og Forum Admin har vore inne på, er det ingenting i vegen for at eit selskap kan drive privatrettsleg verksemd sjølv om det er eigd av det offentlege. Det kjem heilt an på intensjonen bak selskapet. Skal dei sikre inntekter til det offentlege, driv dei privatrettsleg for å sikre like konkurransevilkår med konkurrentane. Skal dei yte offentleg service, driv dei etter offentlegrettslege reglar.
Eit parkeringsselskap som driv parkeringshus eller andre typar parkeringsanlegg vil som regel hamne i første kategori, då dette er verksemd som private like godt kan drive med, og slett ikkje er særprega offentleg servicetilbod. Så lenge det då er skilta som privatrettsleg parkering, er dette heilt uproblematisk.
Noko anna er det med parkering på offentleg veg / på gateplan, då private ikkje kan kjøpe opp fortauskanten på offentleg veg og starte parkeringsdrift der. Slik parkering vil vere særprega offentleg, og underlagt dei offentlegrettslege parkeringsreglane.
Lovheimlane du ber om er med andre ord dei privatrettslege reglane om drift av parkeringsanlegg, som dei er i sin fulle rett til å nytte seg av, som eit privatrettsleg parkeringsselskap.