Erfaringar

Startet av YngveGS, man 17. nov 2025, kl. 01:15

« forrige - neste »

YngveGS

Kva er erfaringa med lysa på denne bilen? Er dei gode i mørket? Like gode som matrix-lys?

Kjem bilane med skvettlappar på?

Nokon som har andre erfaringar med bilen som dei vil dela?

YngveGS

Sidan ingen andre hadde noko å seia, trass i at det er solgt over 300 av bilen i Noreg no:

Eg har hatt den no i halvannan månad og har fått prøvd den i nokre tusen kilometerr, inkludert to litt lengre turar (30 mil t/r og 60 mil t/r) på klassiske vestlandsvegar. Og oppsummeringa er særs blanda..

Bilen er svært god å køyra! Definitivt ingen sportsbil, trass i enorme krefter. Men det er fint å ha det ekstra skyvet når ein treng det. Overraskande gode seter.

Når det kjem til det eg lurte på fyrst, lysa: Dei er svært dårlege. Merkar stor skilnad samanlikna med førre bil med Matrix. I tillegg er dei svært lite intelligente og overfølsomme når det gjeld å blenda opp/ned.

Det plingar meir enn i eit eksentrisk jazzband, og ein må hugsa på å slå av verstingane føre kvar tur.

Varmeappratet er svært dårleg. Eg køyrer rundt med det innstilt på 25-26 grader, for å få ok temperatur innvendig. Har alltid hatt det på 22 grader i europeiske bilar. Om du ikkje har brukt forvarminga, tek det lang tid før det er varmt innvendig. Det er rart.

Forbruket er høgt, ikkje vore under 1,9 på mila, det til trass for at det ikkje har vore so kaldt her. Men bilen held det den lovar på rekkevidde. Køyrde den 290 km på ein langtur, hadde rundt 50 km igjen på rekkevidden då eg var framme. Så 340 km rekkevidde i desember lever eg greitt med.

I følge ein DN-artikkel skal fokuset til Zeekr vera teknologi. Eg har lite erfaring med dei større modellane deira, men basert på mi erfaring med X, har dei langt igjen. Det er ein software på bilen eg ikkje vert klok på.

Eg skjønar ikkje kva som skal til for å få bilen til å låsa seg sjølv, den koplar seg opp på Apple Car play kanskje halvparten av tida, innstillingar slår seg av med jamne mellomrom, plutseleg i jola var eg logga av både i app og på skjermen og måtte styra med å logga meg inn igjen.

Men det førebels aller dummaste eg har opplevd er dørhandtaka. Dei fellar seg jo inn når ein opnar bilen. Ser fancy ut. Eg bur i Bergen, og sett vekk frå dei siste to dagane har det ikkje vore særleg kaldt her. Men då eg skulle bruka bilen på fredag, etter å ha stått i ro i to døgn i tre minus grader opna ingen av dørhandtaka seg. Dei var frosen fast. Då tenkte eg å prøva å komma meg inn via bakluka, men der og ligg det jo eit tjukt lag med is over knappen. Det fekk eg vekk og fekk opna bakluka og kom meg inn sånn, slik at eg fekk opna ei av dørene bak frå innsida. Men om det fungerer so dårleg her, kva er då erfaringane til folk som faktisk bur på ein kald plass?

Og enno har eg ikkje byrja å snakka om den rare forseinkinga som er på cruisecontrollen.

So alt i alt er konklusjonen at eg er glad eg har leasa og ikkje kjøpt bilen. Slit med å anbefala den førebels, trass i at den er fin å køyra. For eg ser faktisk fram til å køyra den om dagane. Det er berre det at alle dei andre tinga er langt frå godt nok enno.

turfsurf

Takk for at du deler. Virker som om det er litt mangel på kuldetesting. Når det er sagt så er jo is på dørhåndtak stort sett enkelt å kakke forsiktig vekk. Evt bruke pose med varmt vann i.
i4 M50 2024 | Model Y P 2022 | BMW CE 04 2022 | x - e-tron 55 SB 2021  x - e-tron 50 SB 2021 | x - e-tron 50 2020 | x - Model 3 LR 2021 | x - I-Pace HSE 2019 |
x - i3 120Ah 2019 | x - Model X 100D 2017 | x - i3 60Ah 2015 | x - Model S 85D 2015  | x - Model S85 2013

© 2026, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA