Heisann!
Takk for innspel! Budsjettet er spikra og urokkeleg, slik budsjett helst skal vere
Plassproblemet for trebarnsfamiliar med barnestolar til alle tre er hovudsakleg breidda baksetet (frå dør til dør), ikkje den generelle størrelsen på bilen, lengda mellom framsete og baksete eller bagasjeromsstørrelsen. Vi kan fint spare på bagasjeplassen ved å reise utan barnevogn og alskens utstyr, men det er vanskeleg å finne bilar med stor nok breidde til tre seter i baksetet (slik t.d. fossilbilane Ford S-max og VW Touran har). Dette problemet gjeld også for bilane i høgare budsjettklassar, som Audi, Jaguar og Tesla (med unnatak av X, som har ei ekstra seterad å bidra med). Med eit spedbarn må vi nok også forvente å ha ein forelder i baksetet i lang tid, med ein unge framme og to ungar bak. Difor er det eit mål å gjere det minst mogleg kjipt og trafikkusikkert å vere den foreldren som må tvinge seg inn mellom barnestolane.
Ad forskjellen mellom ID.4 og Enyaq har eg inntrykk av at sistnemnde har pittelitt breiare baksete, men eg har endå ikkje komme meg til ein utstillingsbil for å få stadfesta dette.
Målt frå dør til dør er
Kia e-niro 131 cm i både skulder og hoftehøgde (ved bruk av isofix, som nok er ei gløymesak for vår del, er det 36 cm mellom dei inste festepunkta).
VW ID.4 er 137 cm i skulderhøgd og 136 cm i hoftehøgd (og her er det 41 cm mellom dei inste isofix-festepunkta: Ingen melder seg frivillig til å sitte der heller

).
Så dersom
Skoda Enyaq har berre ein cm eller to ekstra er det nok til å vippe vektskåla for vår del.

Vi har vel i prakisk fått oversikt over det som finst i marknaden innanfor dei kriteria vi har sett oss ut. Det er berre Model X som er eit reelt alternativ, men det medfører anten massiv budsjettsprekk (pengar vi ikkje har) eller bil utan nybilgaranti.
Kunne vi venta til 2022 hadde
retrobomba VW Buzz løyst alle våre problem med innstegspris på 400 000, 500 km rekkevidde og surfebrett på taket

Det vi treng er ein heilt normal og kjip fleirbruksbil/MPV som kan rulle og gå i mil etter mil, og det finst per i dag ikkje i elbilform.