Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Model 3 i Bergen?

Startet av My2cents, torsdag 22. november 2018, klokken 11:58

« forrige - neste »

hogst77

Var innom Minde i dag og sjekka ut Model 3. Opplevde den som finare og meir "premium" enn det eg har sett på bilder. Er litt i tenkeboksen då eg har fått to ungar sidan bilen blei reservert. Sjølv om det er ein sedan er det forholdsvis god plass når ein legg saman trunk og frunk. Dersom ein har bagvogn m.m vil det nok vere i knappaste laget. Eit must for min del er takstativ, men det er heldigvis stadfesta at det skal komme til Model 3.

Den føltes luftig innvending og eg opplevde kvaliteten som god. Har fått veldig sansen for det minimalistiske designet og synes skjermen fungerte godt og var rask og responsiv (litt som ein iPad Pro). Har ein 2016 model Outlander PHEV og den føles som ein gammal traktor samanlikna med Model 3'en når eg køyrde heim etterpå.

Eit lite minus i mine auge er at døra er nokså tjukk og vinduet heller ein del innover. Det kan gjere det litt tungvindt å komme seg inn og ut av bilen på trange parkeringsplassar.

I prisklassen framstår likevel Model 3 som eit veldig bra kjøp.





© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA