Frustrerande variabel effekt på AC lading

Startet av Gazer75, søn 09. nov 2025, kl. 04:38

« forrige - neste »

Gazer75

Som eg har skrive i andre innlegg så fekk vi eit anlegg i blokka her før sommaren. Og etter nokre månader så har eg merka noko som er veldig irriterande.

Sidan dette er 3-fase så kan bilen bruke ein eller to av desse, men det virkar vilkårleg kva det blir. Og pga dette så vil også det vere vilkårleg om eg får f.eks. 5A på ein fase eller 5A på to, altså 10A totalt.
Dette lagar også problem for det automatiske systemet med hentetid osv. Det virkar å forvente 2x5A, 2x10A, 2x13A eller 30A (1x30A eller 2x15A). Så når bilen då får kun f.eks. 5A på ein fase så er jo bilen langt frå opplada til forventa avgang. Den er jo då berre halvvegs til sett prosent.
Eg er 100% sikker at eg var den einaste som lada når dette skjer.

Vil jo unngå å sette minste % langt over det ein normalt treng.
Ved å sette lågare straum så tenkte eg å redusere eventuelle problem med at andre ladar samtidig.
Har skjedd ein gong at bilen berre fekk 6-7A (ca 1,4kW) gjennom natta endå den sto på max, så den var langt frå det den skulle vore ved programmert hentetid. Glad eg ikkje skulle noko den dagen og bilen fekk jo maks når eine sikkert reiste på arbeid rett etter kl 8 på morgonen.

Er det Easee systemet som bestemmer dette? Reknar med det er noko fase balansering inne i biletet her? Kan sjå i appen at det varierer kva fase boksen leverer frå. Trur eg faktisk såg ein gong at den fekk meir frå ein fase enn den andre også.
2020 e-Golf (2023-)

TB

Her eg bur er det Zaptec Pro ladeboksar. Det er IT nett, blir automatisk fordelt mellom fasar av Zaptec. Det blir aldri tildelt trefase, svært få bilar kan lade på trefase IT.

I det daglige har eg sett maks lading til 90% og start kl 2200 på kvelden, då er bilen lada til 90% nesten alltid. Unntak kan være feil på nettilgang eller feil på Zaptec sky. Då blir effekt justert til ca 6-7 A. Ved start kl 2200 og avreise kl 0700 vil det være lada ca 12 - 15 kWh.

No har eg ein fordel. Varsling ved feil på nett går til meg, slik eg vil være klar over feilen. Feil ved Zaptec sky går automatisk ut til alle som har meldt seg på varslingtjensta. Easee har truleg tilsvarende tjeneste?
Citroen C-Zero 2012 -2019
Hyundai KONA Electric 2019 - 2023
KONA Electric Long Range Premium 2024
Lørenskog

Gazer75

Vi har 400V TN her så eg kan bruke to av fasane med e-Golf.

Har søkt litt og det virkar vere fasebalanseringa som lagar krøll. Det er litt vilkårleg kva fasar Easee boksen gir meg.
Uansett rart at det varierer om det blir 5A på ein fase eller 5A på to og dermed 10A totalt.

Einaste eg kanskje kan gjere er å be admin sette boksen min til 1-fase slik at eg alltid får all effekt på ein og dermed fast effekt så lenge det er ledig. Utfordringa er jo då at systemet ikkje kan balansere effekten like godt mellom fasane.

PS! Om admin ser så bør nok dette flyttast til burettslag og sameige delen av forumet.
2020 e-Golf (2023-)

© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA