Rar oppførsel på batterimålaren

Startet av Froro, torsdag 21. januar 2016, klokken 20:36

« forrige - neste »

Froro

Hei
Har 2013 Nissan Leaf, av den gamle typen. Km stand 61000. Skjedde noko rart i dag. Hadde att 8 strekar på bilen, 18 minus, og skulle berre ein tur opp på åsen på ski. (5 km, 450 høgdemeter). På veg ramla plutseleg strekane fort bort, med kanskje 10 sekund mellom kvar strek. Måtte snu rett under toppen, for der hadde eg att ein strek og 4 km... Vart litt skremt, gitt.
Fekk snudd og trilla nedover att. Og då kom strekane fort tilbake, slik at eg hadde 5 att då eg kom ned.
Har nokon sett noko liknande, og/eller veit kva dette var?
La merke til at bilen heile tida påsto det var 21 minus, sjølv om reell temperatur nede i dalen var 18 minus og temperatur på åsen var 14 minus. Har kanskje ikkje smh.

Aleco

Eg har opplevd å gå frå 70% til 30% på berre nokre få hundre meter, men då eg skrudde bilen av og på, så vart alt i fint att. Akkurat som om peilarane fekk ein liten spasme.

© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA