Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Holraven

#1
Hei hå! Tipsar dei interesserte om Twizyen vår, som med "heimelaga" batteri har om lag 10 mil rekkevidde (eg klarte sjølv om lag 11!).

https://www.finn.no/car/used/ad.html?finnkode=269125420

Bare å ta kontakt om de lurar på noko!
#2
Twizy / Stolen PowerBox og batterikontroller
tirsdag 26. november 2019, klokken 08:17
PowerBox BT og custom battericontroller stolen frå Twizy i Oslo. Takksam for tips!
#3
Polestar 2 / Polestar 2 Road Show - Göteborg
fredag 24. mai 2019, klokken 12:52
Tok meg ein busstur for å sjå på Polestar 2 i levande live. Lekker sak, men kan nok bli litt knapt med bakseteplass for barn i barnesete. Bagasjerommet er ganske romsleg, medan "frunken" er kun for ladekablar. Tok litt bilde derfrå med fokus på ting ein ikkje ser så godt på pressefoto. Bilen står for øvrig på Kungstorget til og med i morgon, laurdag 25. mai. Norge blir fyrst besøkt godt utpå hausten. (https://www.polestar.com/road-show)


Sett utanfrå.


Frunken har god plass til ladekablar, men andre ting er bare å gløyme. Legg merke til fordjupninga i bakkant som har rom for jekk, medan det finst kompressor og lappe-/verktøysett under matta. Spylarvæskepåfylling til venstre er også lett tilgjengeleg.


Bagasjerommet er ganske djupt, men også litt smalt og ikkje minst lågt. Ei barnevogn tar mykje plass her, men om det stadiet er tilbakelagt er det god plass til sekkar og koffertar.


Under golvet i bagasjerommet er det også litt plass, men utforminga sett klare avgrensingar. Gunstig for vaskesvampar, ekstra spylarvæske og liknande.


Det kan sjå ut som om det både er spylar nedanfor ruta og på sjølve viskaren. Det er for øvrig også lyktespylarar.


Airwooferen frå XC40 er også på plass her.


Fargeprøver. "Snow" har litt perlemor i seg og er langt finare enn ein streit "kvit" bil. "Midnight" har ein dæsj blått.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA