Eg må starte innlegget med å skrive at eg er medeigar i Mikrobil AS, og sel desse bilane sjølv, for å ha det heilt klart og synleg. Eg ønskjer ikkje at tråden skal vere ein reklametråd for firmaet og bilen, men vil ha ein tråd der denne (og evt tilsvarande mikrobilar) kan diskuterast. Om admin meiner dette er ein interessekonflikt, gje meg gjerne beskjed.
Vi byrja å sjå på elbil og miljøvennleg personbiltransport tidleg, og vurderte sterkt Reva eller Buddy i siste halvdel av 2000-talet. Problemet var at vi då budde rett ved E16, som òg var einaste veg til og frå bygda. Vi endte difor opp med vanleg gamal bruktbil. Når vi no etter 5 år med kun elbil ser på moglegheita for å skaffe oss ein langrekkjeviddebil, ønska vi òg å skalere ned den andre bilen, og byrja igjen å sjå på elektriske mikrobilar av Reva-typen. Vi endte til slutt opp med å importere ein Today Sunshine M2 (+ 3stk for vidaresal) frå Kina, og er veldig nøgde med det. Så no står det berre att å finne den perfekte langrekkjeviddebilen og kvitte seg med Kiaene
.
Bilen går i 80, har 10,8kWh batteri, svært bagasjerom og elles godt med utstyr som ein finn i vanlege bilar. Den er på den andre sida registrert som motorsykkel, og har ikkje same sikkerheitskrav som vanleg bil. Det er sjølvsagt òg ei viktig grunn til at det er mogleg å lage ein velfungerande liten bil som ikkje veg meir enn 600kg. Definitivt eit køyrety for spesielt interesserte, men veldig moro, og ein blir definitivt lagt merke til når ein er ute og køyrer.
Eg legg ut nettsida til den italienske importøren, både fordi deira nettside er vesentleg betre enn vår, og på grunn av eventuell interessekonflikt: https://www.todaysunshine.it/en/
Andre som har erfaringar med mikrobilar litt utanom det vanlege, eller som har tankar om dette?