Kjøpte Ioniq 19-modell i haust, til pendling 6 mil kvar veg. Kjempefornøgd på alle måtar, komfortabel, økonomisk og effektivt.
Men på tysdag begynte det å snø.
Vi er på det brattlendte Vestlandet, og då eg skulle opp bakkane heim tysdag kveld enda eg med å "kante" (snu 180 grader i motbakke og snu nedover fordi bilen byrjar gli bakover) tre gangar. (Med ungane i baksetet, hurra.) I går måtte vi ha to forsøk opp bakken heim, og i staden for den vanlige høgresvingen opp bakken må vi køyre omvei og få venstresving slik at vi får med oss nok fart til å spinne opp bakken. I dag enda vi med å køyre oss fast tre gangar på 2 km skyss til skule og barnehage, og måtte skuast i gang på flat parkeringsplass.
Det står piggfrie Continental ContiViking på, kom med bilen, eg får 6-7 mm djupn når eg måler.
Kva er det eg gjer feil? Bør eg køyre med eit bestemt oppsett eller modus? Mykje eller lite regelendring? Eller bør eg rett og slett gå over til spark?
Takksam for innspel og forslag frå mer røynde eigarar.