Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 495 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Meldinger - Trond Mjøs

Sider: [1] 2 3
1
Lade hjemme / Sv: Hjemmeladepunkt til Nissan Leaf 2018
« på: Tirsdag 21. April 2020, klokken 12:41 »
Å bruka ein slik overgang til fast lading strir etter mitt syn mot intensjonen med forskriften. Poenget er at schuko ikkje er laga for kontinuerleg høg belastning. Pluggen til ladekladden bør difor vera av CEE-type slik at ein kan kutta ut overgangsadapter.

2
Eller kjøp en slik overgang. Temperatursensoren vil sørge for at dette både blir trygt og elegant.

https://www.clasohlson.com/no/Overgangsadapter/p/Pr364551000

Om du brukar denne må ein sjekka at sikringen er på maks 10 A?

3
CCS / ChaDeMo hurtigladere / Sv: Nye BKK ladestasjoner
« på: Fredag 17. April 2020, klokken 14:25 »
Eg observerer graving ved sidan av BKK sine ladarar i Aurland. Er det BKK som utvidar med fleire ladarar?

4
Lade hjemme / Sv: Tiårets mest meningsløse dings?
« på: Fredag 17. April 2020, klokken 14:20 »
Poenget med Kokong er vel å bryte strømmen når den går under eit visst lavt nivå. Dvs når lading er ferdig. Har ANSLUT på noko vis denne funksjonen, Lars?

Sent fra min SM-G960F via Tapatalk

Ja. På en enda mer elegant måte :D  Når bilen er ferdig med lading, stopper bilen pilotsignalet til ladekladden. Ledningen mellom ladekladd og bil blir da strømløs. Ønsker bilen mer strøm, blir det gitt beskjed gjennom pilotsignalet og med Anslut kan bilen få strøm til forvarming, vedlikeholdslading etc.  Ladekladden trekker, i likhet med Kokongen bare bittelitte gran strøm på tomgang. Begge alternativer er sikret til 10A.

Like bra, bare mye mye mye mye billigere :-)

Fins det noko vern i bilens ladar som koplar ut lading dersom det skjer ein feil i ladekladden slik at den ikkje slår seg av når pilotsignalet vert kopla ned? Eg har hørt historiar om at det har skjedd "overlading". Det vil sei at ladinga ikkje vert stoppa når den skal.

Elles er det ofte slik at ein innfører redundans for å gi ekstra sikkerhet dersom det skulle skje feil i eit vernsystem. Om ein nyttar logikken at "dette tar ladekladden seg av" så kan ein samanlikna dette litt med å kopla ein kaffitraktar til ein vanleg stikkontakt utan nedtellingsur fordi kaffitraktaren vil jo slå seg av når den er ferdig? Eg håpar det er god sikkerhet i desse ladekladdane, men alt er jo avhengig av dei komponentane som vert nytta.

5
CCS / ChaDeMo hurtigladere / Sv: Nye priser hos Circle K
« på: ſøndag 02. Februar 2020, klokken 22:53 »
Og prisen til BKK er lik prisen til Grønn Kontakt.

6
Lade hjemme / Sv: Ohme ladestasjon
« på: Mandag 23. Desember 2019, klokken 14:03 »
Elles er det vel slik at mange bilar i dag har mykje funksjonalitet knytta til lading. Min Opel Ampera-e kan til dømes setjast opp for lading i høve til "peak-prisar", fordelt på kvar enkelt vekedag. For Norge sin del vil nok nattlading "alltid" vera rimelegast vil eg tru? Min bil kan også setjast opp for å alltid lada bilen opp til 40 %. Dette kan vera greit for folk som utnyttar batteriet ned mot 20 % kvar dag. Kan vera greit å ha 40 % kapasitet dersom ein plutseleg treng det på kvelden.

7
Lade hjemme / Ohme ladestasjon
« på: ſøndag 22. Desember 2019, klokken 01:53 »
Er det noko firma i her i landet som importerer Ohme (https://www.ohme-ev.com)? Dette er den første ladestasjonen som etter det eg har funne ut kommuniserer med bilens system på den måten at den utnyttar til dømes info om SOC. Det er mogleg den er "spesialdesigna" for den britiske marknaden, men ser veldig spennande ut.

8
CCS / ChaDeMo hurtigladere / Sv: Nye og kommende hurtigladere - post bilder og info her
« på: ſøndag 22. Desember 2019, klokken 01:25 »
Grønn kontakt har montert hurtig- og lynladar ved Coop Xtra på Skulestadmoen på Voss. Ser ikkje ut til å vera i drift enno, men er nok like før. Dei er allereie oppført på Grønn kontakt sitt ladekart.

9
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Hvilken RFID til hvor?
« på: Lørdag 12. Oktober 2019, klokken 17:18 »
Eg mistenkjer at mange ulike rfid-brikker kan nyttast. Er det nokon som har prøvd Yale doorman brikke, eller rfid bankkort? Ein kan jo lesa ut nummeret på brikka ved hjelp av app på mobilen.

10
EQV - Vito Electric / Sv: Nå starter salget av elektriske Mercedes eVito
« på: Tirsdag 13. August 2019, klokken 18:06 »
Slik eg forstår det som står på websida er det same ladeløysing som egolf. 2x16 A på IT-nett. Det betyr at det kun er 3,6 kW ved einfase lading?

11
Ladeplasser og ladekabler / Sv: England og UK krever kortbetaling på nye ladestasjoner
« på: ſøndag 28. Juli 2019, klokken 23:23 »
Dette meiner eg er den beste løysinga. No etter at "alle" bankkort har kome med kontaktlaus betaling utan at ein treng å tasta pinkode på beløp under 200,-. På denne måten treng ikkje ein heile "terminalstyret". Kan ikkje dette bli ri universell løysing?

12
CCS / ChaDeMo hurtigladere / Sv: Køsituasjon på hurtigladere i påsken
« på: ſøndag 21. April 2019, klokken 18:19 »
Ingen ladekø på strekninga Aurland- Bergen i dag. Kun toalettkø!

13
Lade hjemme / Sv: Fordyret installasjon av hjemmeladeboks.
« på: ſøndag 03. Mars 2019, klokken 15:32 »
https://elby.no/jordfeilautomat-type-b-elbil-lader-32a-30ma-4mod-ga-1631004.html

Denne er på 4 modular. Finst i diverse størrelsar.

14
Lade hjemme / Sv: Fordyret installasjon av hjemmeladeboks.
« på: ſøndag 03. Mars 2019, klokken 12:18 »
Er enig i at overgang til jordfeilautomatar er den beste løysinga. Kan elles nemna at det no er jordfeilautomat med type B vern i sal. Dette sparar plass i skapet. Elles er det jo ein grei løysing å nytta ladestasjon med innebygd B-vern.

15
Lade hjemme / Sv: Fordyret installasjon av hjemmeladeboks.
« på: Lørdag 02. Mars 2019, klokken 00:09 »
Er det hovudsikring oppe til venstre? (Kurs nr 1). Den ser ut til å vera på 40 A om eg greier å lesa rett. Kva med å kopla seg direkte etter denne utan eigen sikring? Bruke dobbeltisolert kabel PFXP som toler 40 A. (Kjem an på forlegningsmåte). Ja, eg veit at hovudsikring vil løysa ut ved overbelastning på denne avgangen, men med kun 40 A hovudsikring vil sannsynlegvis denne vera den begrensande faktor. På den måten treng ein gjerne berre eit koplingstykke i sikringsskapet. Ladestasjonen må då sjølvsagt ha type B jordfeilvern. Ikkje ein ideell løysing, men om det ikkje er langt til ladestasjonen er ikkje kabelkostnaden høg.

Sider: [1] 2 3