Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 600 kroner per år. elbil.no/medlemskap
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - kjetilho

#1
Model X 2014 - 2022 / Sv: Gytis eller Tesla gulvmatter?
onsdag 13. september 2017, klokken 22:11
Sitat fra: Anders LH på mandag 11. september 2017, klokken 15:36
Sitat fra: nix på torsdag 07. september 2017, klokken 22:46
Noen som vet hva det originale mattesettet koster til 5-seter?

https://shop.tesla.com/us/en/product/vehicle-accessories/model-x-all-weather-floor-mat.html?sku=1103024-00-A

Takk!  Har dei verkeleg ikkje matter for bakre rad på ein 5-seter?  No har eg Gytis og er berre mellomfornøgd, dei sit veldig dårleg.
#2
Model X 2014 - 2022 / Sv: Forbrukstall TMX, abetterrouteplanner.com
søndag 03. september 2017, klokken 19:31
Sitat fra: gr på lørdag 26. august 2017, klokken 18:32
Tester litt på abetterrouteplanner.com og ser at den ligger inne med referanseforbruk på 250Wh/km ved 110km/t. Savner en vinterknapp med korrigering for temperatur/føre.

Ser at jeg med 75D skal komme meg 232km fra Sandnes til supercharger i Bygland, via Tonstad/Evje, med 29% på tanken, noe jeg syns virker urealistisk egentlig både sommer og vinter på de svingete veiene med masse bakker og mange aksellerasjoner. Hva er realistiske tall med ferielastet bil og vinter?

Putter jeg inn referanseforbruk på 350Wh/km ved 110km/t så skal jeg ha 3% igjen ved SuC. Vil tro det er mer realistisk i 5-15 minusgrader og dårlig føre? Hvis den distansen går uansett føre, og egentlig også med ski på kroken, så klarer jeg meg uten Chademo-adapter...

No har eg berre to turar på vinterføre innanbords på min X, men eg hadde penare forbrukstal enn på sommaren.  Tildels glatt vegbane gir vel mindre rullemotstand også :-)

Svingete vegar og mykje opp og ned har ikkje så frykteleg mykje å seie om du køyrer moderat aktivt, dvs. ikkje meir aktivt enn at du klarer å halde foten borte frå bremsepedalen.  Ekstra vekt har heller ikkje så mykje å seie om ein køyrer i jamn fart, vi hadde ein tur med 700 kg baderomsflis i bilen utan å merke det på forbruket.  350 Wh/km er forbruk som tilseier tilhengar eller 200 km/h på Autobahn.  Sjølv reknar eg 220 Wh/km i Abetterrouteplanner når det er tørt føre, og 250 når det er vått.
#3
Model X 2014 - 2022 / Sv: Barnesete, 5seter utgaven
søndag 03. september 2017, klokken 19:21
Sitat fra: Vhagar på mandag 28. august 2017, klokken 02:42
Hodet kommer litt farlig nær taket i ønsket posisjon, men pga benlengde så må nok setet helt bak.

Interessant.  Eg er rett nok berre 188, men eg må senke setet ganske langt ned rett og slett for at ikkje sikta skal verte hindra av den sota framruta (rattet må justerast tilsvarande ned for å ikkje vere i vegen for instrumenta).  Kona og eg har omtrent same posisjon på setet (fram/bak), men ho sit veldig mykje høgare, og eg har noko meir bakoverlent seterygg for å kompensere for mine "gorillaarmar".
#4
Model X 2014 - 2022 / Sv: Premium-pakke og konfigurasjon av nybil
søndag 13. august 2017, klokken 23:26
Sitat fra: krokhol på mandag 07. august 2017, klokken 09:37
Premium-pakke, fordi lyden er like bra i X uten hi-fi som S med hi-fi. Har dog ikke hørt dette selv, noen som vet hvordan standardlyden er i X kontra S?

Synest det stemmer bra det andre seier om at standard-hifi i X er samanliknbart med ultra i S - når bilen står stille.  Er ein del meir vind- og dekkstøy i X, så det er kanskje ikkje så dumt med fleire høgtalarar for å kompensere.

Sitat fra: krokhol på mandag 07. august 2017, klokken 09:37
Vurderer også å klare meg uten AP2, siden dette evt kan etterleveres. Kan klare meg med vanlig AC, TACC er kjekt når det er en bil foran å følge, men mine erfaringer med AP1 er at den lever sitt eget liv på landeveien uten trafikk, gjør umotiverte nedbremsinger, bremser altfor mye før sving og lignende.

Dette fungerer veldig bra no med AP2.  Eg synest bilen er flink til å velje korrekt fart gjennom skarpe svingar også når eg køyrer åleine.  Om noko så er bilen litt aggressiv og passasjerane dine vil kanskje synest det vert mykje sidevegs G-krefter.  Einaste irritasjonsmomentet mitt er når ein bil svingar av inn på ein sideveg, så er TACC svært forsiktig og bremsar heilt ned til det er klar bane.  Det er forståeleg, men...  Eg ville i alle fall ikkje vore forutan TACC.  Det er utruleg kor mykje mindre slitsamt det er å køyre langt når ein slepp å bruke hjernekapasitet på å tilpasse farten til trafikken rundt seg.
#5
Model X 2014 - 2022 / Sv: Ny Teslakunde: Er dette et godt kjøp?
lørdag 12. august 2017, klokken 23:11
Sitat fra: Natesla på onsdag 02. august 2017, klokken 20:34
Rente er ikke av betydning, betaler kontant.

Du får 2,0% rente på pengane dine i banken.  Dette er ein gåvepakke på over 10000 i året, takk ja til lånet!
#6
Sitat fra: Beamer Screamer på onsdag 05. juli 2017, klokken 13:22
Enig i at den premiumpakken begynner å bli rimelig tynn. Åpenbart at her kommer det endringer ganske snart. Mine ønsker for en premiumpakke:

-Adaptive LED nær- og fjernlys (ikke bare cornering lights som i dag)

Dette er standardutstyr, reint bortsett frå at vi framleis ventar på firmware-oppgraderinga som har denne funksjonaliteten.

Sitat
-Top view kamera. Et must på en så diger bil.
-HUD. Dette hører hjemme på en premium high-tech bil.
-Fotsensor til bagasjeluke og FWD. Elektrisk åpning av bakluke har etter min mening lite for seg med mindre man også har fotsensor.
-Massasje i forseter. Ikke et must men nice to have - og det er vel det premium dreier seg om.

Kva meiner du med fotsensor?  og kva meiner du med top view camera?

For min eigen del ønskjer eg meg justerbar og/eller automatisk dimming av bakspegelen.  Eigentleg drøymer eg om at dette skal kome i ei firmware-oppgradering, sidan den er altfor mørk til å skulle vere slik til dagleg.
#7
Lading av Tesla / Sv: Tesla Wall Connector og TN-C-S i Sverige
tirsdag 20. juni 2017, klokken 10:48
Takk for klare svar!  Hurra, då vert det snøgglading - eg trudde eg måtte avfinne meg med 4 kW-varianten.
#8
Lading av Tesla / Tesla Wall Connector og TN-C-S i Sverige
tirsdag 20. juni 2017, klokken 01:34
No har eg brukt timesvis på å lese gamle trådar, men er framleis usikker.  Vi har eit hus i Sverige, og ifylgje Wikipedia har så godt som alle svenske hus TN-C-S-system (C-S tyder visst at ein har felles jord/nøytral inn til huset, men separat jord/nøytral i det interne ledningsnettet).

Spørsmålet mitt er om TN alltid er å rekne som 400V?  Der går visst ei trefase-ledning bort til garasjen, så om vi får bytta sikringsskap der borte kan vi få lada med tre fulle 230V-faser à 16A, altså 11 kW?  (Har berre standardladar, X90D.)

(forøvrig kudos til Øggen for denne lettfattelege tabellen  :+1:)
#9
Model X 2014 - 2022 / Sv: Verditap og pris per km/mnd.
torsdag 15. juni 2017, klokken 00:43
einig med spirrevipp.  eg brukar adaptiv cruisecontrol svært mykje, og den er kjempefin til å halde jamn avstand til bilen framfor meg.  ein kan slappe av i tett trafikk på ein heilt annan måte.  autopilot brukar eg også ein del, men mest i korte periodar for å kunne opne brusflaska med begge hender eller bytte podcast på telefonen utan å veive over i feil fil.

eg har ein X90D med AP, vinterpakke og hengarfeste.  på austlandet meiner eg vinterpakke er nærmast obligatorisk.  eg frys veldig lett på hendene, så det er utruleg deileg med varmt ratt.  hengarfeste får ein no kjøpt i etterkant, så det er ikkje så kritisk.  AP får ein også kjøpt i etterkant, og det kan hende prisen går ned, men du vil ha det sjølv.  er ikkje litt av greia med Tesla framtidsfølelsen av å ha ein bil som kan køyre av seg sjølv?

#10
Model X 2014 - 2022 / Sv: Oppdatering av SW
torsdag 15. juni 2017, klokken 00:23
Sitat fra: KrW på søndag 11. juni 2017, klokken 16:41
Vi starter Europaferie nå på onsdag. Hadde vært perfekt om vi skulle rekke å få med oss denne først. Er det fler i Norge som har fått den?

du får jo opppdateringa uansett kvar du er i verda.  vi fekk to oppdateringar mens vi var i Berlin i påska, lasta ned over bilens eige 4G-nett.
rakk akkurat å teste autopilot for fyrste gong på Autobahn  ;)
#11
Lading av Tesla / Sv: Fremtidig lading på SC når mod III kommer
mandag 24. april 2017, klokken 18:52
Sitat fra: Avh på torsdag 20. april 2017, klokken 14:59
https://www.teslarati.com/tesla-supercharger-availability-model-3-arrives/#respond

I videoen i denne saken ligger det noen svært interessante tall. Norge kommer ikke spesielt bra ut i øyeblikket.

det viser vel mest at


  • amerikanarar ikkje er redde for å køyre nokre mil ekstra for å spare nokre kroner
  • eller at Supercharger i Noreg er smartare plassert så færre gidd å lade på SC til dagleg
  • eller at heimestraum i Noreg er så rimeleg at folk ikkje gidd spare nokre kroner på Teslas bekostning
  • eller at alternative offentlege ladepunkt er lettare tilgjengeleg i norske byar

sidan model 3 ikkje kjem til å ha gratis straum på SC, trur eg ikkje det kjem til å verte så fælt mykje større press på lading der.
#12
Model X 2014 - 2022 / Sv: Foliering/rubberspray/lakkforsegling
lørdag 11. mars 2017, klokken 12:37
Sitat fra: prophan på fredag 10. mars 2017, klokken 08:47
Jeg gikk for helfoliert Xpel Ultimate.
Dyrt.

kva vil "dyrt" seie, sånn cirka?
#13
Model X 2014 - 2022 / Sv: Savner kun 1 ting fra vår 2014 Model S…
onsdag 22. februar 2017, klokken 00:02
Sitat fra: lunitiks på tirsdag 21. februar 2017, klokken 20:33
*Smack* nå skjønner jeg hvorfor du spør. Det er samme problemstilling som Bjørn kommenterer i videoen nedenfor.


https://www.youtube.com/watch?v=fQy6Zg4mZco
åååh, no fekk eg lyst på kjøleskapfunksjon i det store rommet :-)

- Kjetil T.
(X90D mars/tidleg april)
#14
Tydeleg informert?!  Dette hadde gått meg hus forbi, så eg måtte sjekke kva som faktisk står på Tesla sin konfigurator (sjå vedlegg, teksta lot seg ikkje klippe og lime).

Det er for meg heilt uforståeleg at "forbetra fastvare er vonlegvis tilgjengeleg i desember 2016" skal tyde "fastvaren har INGEN funksjonalitet før tidlegast desember 2016".

Eg får ikkje min X90 før i april 2016 så for meg er det (vonlegvis) ikkje så farleg, men dette er verkeleg å føre kundane bak lyset.  Hadde eg vore OP hadde eg vore lyn forbanna.
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA