meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Froro

#1
Takk for gode innspel. Då prøver eg ein vinter til...
#2
Eg har ein Tesla 75X kjøpt ny i september 2018. For å spare pengar tenkte eg at eg ikkje trengde vinterpakka, men har litt utfordringar i snøvêr, med ising på frontruta og at det legg seg is på vindusviskaren. Dette skjer gjerne to-tre gongar kvar vinter, så ikkje kjempeproblem. Nokon gongar er det nok å justere varmen på frontruta.
Er det nokon som veit om Tesla kan ettermontere element i vinterpakka? Er det oppvarma vindusviskar, varme i ratt som i såfall er mest aktuelt?
#3
Prata med nokon som er involvert. Det blir planlagd 18 nye Tesla ladestasjonar utanfor Elkjøp/Kiwi-bygget på Leira i Valdres, langs E16. Fint plassert i krysset mellom vegen frå Gol og strategisk for dei som skal til Beitostølen eller Dokka.
#4
Nissan e-NV200 / Sv: E-nv200 med 40 kwh
søn 11. feb 2018, kl. 10:24
Nokon som har fått med seg om det er oppvarming av batteripakka? Trur det trengs der vi bur med 15-30 minus... Og varmepumpe?
#5
Nissan e-NV200 / Sv: Nå kommer den!
man 05. feb 2018, kl. 15:15
Men kjem denne med 60 kwh-batteri når Leafen også gjer det... uff, vanskeleg å bestemme seg.
#6
Nissan / Rar oppførsel på batterimålaren
tor 21. jan 2016, kl. 20:36
Hei
Har 2013 Nissan Leaf, av den gamle typen. Km stand 61000. Skjedde noko rart i dag. Hadde att 8 strekar på bilen, 18 minus, og skulle berre ein tur opp på åsen på ski. (5 km, 450 høgdemeter). På veg ramla plutseleg strekane fort bort, med kanskje 10 sekund mellom kvar strek. Måtte snu rett under toppen, for der hadde eg att ein strek og 4 km... Vart litt skremt, gitt.
Fekk snudd og trilla nedover att. Og då kom strekane fort tilbake, slik at eg hadde 5 att då eg kom ned.
Har nokon sett noko liknande, og/eller veit kva dette var?
La merke til at bilen heile tida påsto det var 21 minus, sjølv om reell temperatur nede i dalen var 18 minus og temperatur på åsen var 14 minus. Har kanskje ikkje smh.
#7
Eg har prøvd å google dette, men eg finn berre at BYD skal bruke det. Men det er vanskeleg å finne info.
#8
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
tir 08. sep 2015, kl. 11:18
Hm... litt interessant ja. Men kva veit vi om kvalitet, feil osv.? Litt mykje å gamble på?
#9
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
lør 05. sep 2015, kl. 12:32
Jo, men tilbodet frå Tyskland var på tyskproduserte panel, medan NOK i forhold til Yuan ikkje er så forandra. Men spørsmålet mitt var eigentleg litt overordna: Har prisane i Norge rast den siste tida?
#10
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
lør 05. sep 2015, kl. 12:05
Eg har spurt Enova direkte om dette, og det var ikkje noko problem.

Fekk dette svaret:
"Du kan gjerne handle fra utlandet, men må dokumentere med spesifisert faktura, betale norsk moms og ellers ha tolldokumenter på plass."

Men eg er altså overraska over at det er så liten forskjell på Tyskland og Norge, då er det kanskje verdt å få service frå ein norsk leverandør. Euroen har jo stadig blitt dyrare, så litt av forklaringa er vel der, men det må jo også ha skjedd noko drastisk med prisane i Norge?
#11
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
lør 05. sep 2015, kl. 10:03
Hei
Har no fått prisoverslag frå Europe-Solar.de som blir på cirka 63000,- NOK for 20 * 255W (polykryst), Sunnyboy inverter 5000TDL (1-fas) og festemateriell, kablar, og frakt. Etter Enovatilskotet skulle eg hamne på cirka 48000,- (før kostnader til elektrikar)
Men utifrå kva eg kan finne på sidene til solcellespesialisten kan eg få eit tilsvarande anlegg kjøpt her i Norge for 55000,- (etter Enovatilskotet og litt billigare frakt). Har ikkje spurt solcellespesialisten om eg får noko rabatt ved stort kjøp.

Har prisane i Norge verkeleg gått så mykje ned at vi nærmar oss tyske prisar, eller har eg fått ein dårleg deal frå Tyskland?
Og dette med mono- vs polykrystall er kanskje ikkje så mykje å bry seg om lenger?
#12
Hei
Skal til Danmark frå Oslo - Frederikshavn på onsdag og hadde nok ikkje førebudd meg på at det var så komplisert. Har du framleis det kortet, og kunne eg eventuelt hente på onsdag cirka i 18-tida?
mvh
Frode Rolandsgard
#13
Hei
Vi har tenkt oss på elbilferie med Nissan leaf til helga. Har ikkje tenkt på at vi må ha ladekortet frå Clever før no, og no er det for seint å bestille. Men går det greitt å betale med Visa på hurtigladestasjonane? Finn ikkje info om dette på nettsidene deira. Vi skal frå Frederikshavn til Billund t/r.
#14
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
tor 09. apr 2015, kl. 20:29
Er det nokon her som kan tenkje seg å publisere innkjøpslista si (leverandørar og prisar). Det er så frykteleg mykje å velje i... og eg syns det er litt vanskeleg i forhold til norsk snølast etc... Bur i Valdres, så det kan bli ganske mykje snø.
Er interessert i å importere sjølv, og å gjera mykje av jobben sjølv.
#15
Elbiler i media / Jon Hustad om elbilar
man 01. sep 2014, kl. 08:06
Her er ein link til artikkel av Jon Hustad i siste nummer av Dag og Tid.
http://www.dagogtid.no/rapport-fra-eit-absurd-miljolandskap/

han er veldig kritisk til Tesla... Fyren har vel eit slags namn blant folk som skal ta staten og avsløre kor mykje dumt staten driv med. Eg trudde han hadde litt kontroll på fakta, men dette er berre dumt. Denne saka blir sjølvsagt linka til overalt på facebook... mellom anna på facebooksida til dag og tid, men også mange andre plassar.
© 2026, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA