Hei,
har akkurat hatt 1 t i denne bilen. Merk at eg brukar bil som nytteredskap og bryr meg lite om komfort og har lite erfaring med dyre kvalitetsbiler.
Her er mine inntrykk: Stor romsleg bil som er ok å kjøre. Fin innvendig og gode sete. Minus: sete kan kun flyttast att og fram og rygg opp og ned, og ratt kan kun flyttast opp og ned, så dersom sete og ratt passer så er det bra men manglar tilpassing dersom det ikkje passer, for meg gjorde det at deler av rattet ligg framfor display. Ut over det så har skjerm kun touch på en del ting og det er for mykje grafikk i display som eg kunne vore foruten. Bilen er ikkje tight i kjøringa, dvs fjøring og slik flyt litt men eg synes det var heilt greit. Prøvde på litt ujamn veg og det går greit. Ser elbil sin test klagar på merkeleg regenerering. Denne kjem med 3 ulike innstillinger, der den som er nr 3 er nesten full bremse medan den "svakaste" nr 1 fungerar tilnærma normalt, sjølv om det går eit par sekund før den slår inn. Kjørte litt motorveg og litt landeveg, hadde att 188 km og 55% på batt, forbruk 21.5 kw, så rundt 400 km med 12 grader og regn.
Oppsummert så er dette ein stor bil men ikkje optimale kjøreegenskaper men det kjem kanskje av at det er stor akselavstand og stor bil vs e-niro og MG, største minuset for meg er få justeringsmoglegheiter sete og ratt.