Fast ledning er heller ikkje å forakte. Då slepp du å kjøpe ein ekstra kabel (som ein ofte gjer for å sleppe å dra sin eine kabel ut og inn av bilen) Den er heller ikkje så utsatt for å bli stolen.
Argumentet for å ha kontakt for laus kabel er feks at du lett kan bytte kabel om den skulle bli ødelagt, og at du kan lade gamle Type1 bilar. Men desse er og blir, nettopp, gamlare og sjeldnare, og vil ein sjeldan gong lett klare seg med vanlig stikkontakt. Så, med mindre du har eldre Leaf eller anna med Type1 kontakt så synest eg dette er eit dårleg argument.
Du kan ikkje skøyte saman ladekablar for å rekke lenger (plugg og kontakt kan passe, men pinnar i kontakta får ikkje kontakt pga måten desse er konstruert på sikkerhetsmessig) , men det er klart at det er lettare å få kjøpt ein 10m lauskabel om du skulle ha stort behov for det, enn å forlenge(bytte) ein fast kabel.
~~~~~~~~~~~~~
Privat: Interesse for ladesystemer.
Jobb:
Malthe Winje Automasjon AS
www.mwg.no