Dersom produsenten konstruerer bilen slik at den kan lade med open delta så er det også produsenten sitt ansvar å gjere dette på ein trygg måte sjølv om denne typen lading ikkje er definert i standarden.
Mulig det er ei vandrehistorie men har ikkje open-delta i elbil-ladesammaheng kome til litt tilfeldig? Dvs det var presserande ønske om å kunne lade på 1-fas schuko. Med det følger at ein ikkje har kontroll på L og N leder med bruk av ladekladd, fordi ein kan snu støpselet i kontakta.(Og for IT nett har ein ikkje N heller.) Ergo kan ein heller ikkje oppretthalde spenningssjekk mellom N og jord (sjølv om Zoe vel gjer dette og fell igjennom på IT nett). Med fasespenning lagt til N og L1 er det kort veg til å også spenningsette det 2. ladetrinnet i bilen via L2, og open delta er oppnådd. At det 3. ladetrinnet då ikkje er aktivert pga manglande tilkopling til L3 tenker eg bilprodusentane ikke har lagt noko sperre på.
Om ombordlader er konstruert for 7.4kW(32A) 1-fas så er ein på trygg grunn fordi denne må ta høgde for 32 A max i N leder. Likeså med ein 22kW variant (som det trass alt ikkje er så mange av).
Faren oppstår med 16 A bilar i 1-fas (3.6kW) eller 3-fas 11kW som er bygd som 3 stk 16A trinn for 400V TN nett, dersom ledningsnettet i bilen er dimmensjonert for 16A og ikkje dei resulterande 28A med open-delta kopling. Dette er ikkje nødvendigvis ein konstruksjonerfeil men heller uforutsett bruk. Uforutsett bruk og sjølv den minste fare for liv, helse og utstyr er jo eit sentralt tema for komiteeane i NEK, ikkje spesielt for å gjere det vanskeleg for entusiastane, men for å gjere det tryggare for folk flest. Eg blir derfor ikkje overraska om det dukkar opp nye regulativ som vil forhindre 3-fase lading på 230V IT nett, så lenge dette ikkje er bruk nedfellt i gjeldende standardar (IEC61851-22, mfl)
Subsidiært vil full-chain løysingar bli tillatt. Feks Tesla TWC og kompatible bilmodellar (TM3 pr d.d.) kopla saman i Tesla-only modus.
Miks av ladestasjon og bilmodell utan standardisert eller properitær autorisering vil ikkje bli tillatt...IMHO.
Ein annan ting er dimmensjonering av ladekabel. Desse er koda iht kapasitet. Korleis taklar standarden for 16A kablar at det går 28A i N-leder? L1 og L2 strøm er jo innanfor 16A. Slik kabel er endå ein faktor som bilprodusent og ladestasjonprodusent ikkje har kontroll på. Bruk 3-fas 32A kabel så er du trygg, men mange synest kanskje den er unødvendig tjukk, og 11kW bilen vart kanskje ikkje levert med slik?
På den andre sida...kjenner vi bilar som har tatt skade av dette?
Sent fra min SM-G960F via Tapatalk