Skrevet av Emne: Elektrisk på verdsarvfjorden  (Lest 145 ganger)

cra

  • Gold Member
  • ******
  • Innlegg: 7094
  • Sunnmøre
    • Vis profil
    • BTTF for Tesla
Elektrisk på verdsarvfjorden
« på: tirsdag 22. oktober 2019, klokken 16:44 »
Sunnmørsposten (+ artikkel): https://www.smp.no/nyheter/2019/10/21/Elektrisk-p%C3%A5-verdsarvfjorden-20203815.ece

Essensen:

Elektrisk på verdsarvfjorden

Eit lite, men stort grønt steg: I helga vart verdas første heilelektriske RIB-båt sett i drift i Geiranger.

– Miljø er ein stor grunn til at eg satsar på dette. Eg har to døtrer, på fire og sju år og er ikkje veldig optimistisk når det gjeld klima.

Det seier Leif Stavøstrand, som starta firmaet Evoy saman med far sin i Florø. Dei har utvikla elektrisk køyresystem for raske båtar, med batteri frå USA og motor frå Tyskland.

Båten glir nesten lydlaust ut på fjorden. Det støyar noko frå drevet i høgare hastigheit, men dette er ein prototype, og Evoy skal få has på det. Eksos er naturlegvis ein saga blott. Ein gjeng frå leiinga ved «Aida Sol» er heldige: i staden for å sitte inn på skipet, får dei nyte kveldssol og fossefall som del av ein frisk og fartsfylt RIB-tur.

Evoy AS har fått stønad frå Innovasjon Norge.

– Vi har kjempeambisjonar, og vil gå globalt etter kvart, seier Stavøstrand til Sunnmørsposten.

Han fortel at han gjerne skulle snakke med Elon Musk – gründeren bak Tesla, som har tatt batteriteknologi til neste nivå. Per no klarer den elektriske RIB-båten turar på ein time. Evoy ønsker naturlegvis å auke rekkevidda.

Fjordguiding håpar på 50 prosent støtte frå Enova, fordi dei satsar på miljøteknologi. Den andre halvparten av kostnadene vil dei klare sjølv, ifølge Hantveit.

– Ladeinfrastruktur er det som vil koste mest, seier han.

Han poengterer overfor Sunnmørsposten at elbilrevolusjonen før eller seinare vil nå sjøen.

– Hugs at det no blir seld fleire elbilar enn andre bilar her til lands. Dette kjem over alt. Men det kjem ikkje av seg sjølv.
Tesla Model S75D 30/6/17
Tesla Model S85 26/3/14-30/6-17, 82500km
Leaf 9/5/12
Think City, Har ACTIA diagnoseapparat.
Sykkylven (Sunnmøre)

VSL

  • Newbie
  • *
  • Innlegg: 3
    • Vis profil
    • SGmarine
Sv: Elektrisk på verdsarvfjorden
« Svar #1 på: mandag 04. november 2019, klokken 09:16 »
Vi har kommet langt med elektrifiseringen av biler nå, og det er spennende å se at dette også beveger seg over til båter. Selv om det er lenge til de store lasteskipene er elektriske, er det stadig nyheter om elektriske ferjer og mindre lastebåter.

Maritim teknologi står sterkt i Norge, og jeg tror dette vil bli spennende fremover.