Fra BygdaNytt i dag:
Torsdag var det klart for eigarane av Tesla til å lada på Øyrane Torg. Ikkje mindre 16 hurtigladestasjonar står klare til bruk, men då berre for dei med Tesla.
Dersom du har elbil, men ikkje Tesla, så fortvil ikkje. Senterleiinga opplyser at det etter kvart vil koma ladestasjonar for alle andre typer elbilar.
Tesla byggjer ladepark i Arna
Årsaka til at senteret ønskjer å bruka ein del av parkeringsplassen på austsida til ein ladepark heng saman med at både kundar og leigetakarar har etterspurt fleire ladestasjonar, og senteret har ein strategi om å vidareutvikla Øyrane Torg som eit knutepunkt i Arna.
Det er i utgangspunktet dei ulike aktørane som betalar for ladestasjonane som blir bygde.
Fortum
Den andre aktøren som satsar i Arna er Fortum, som skal etablera seg to stader i Indre Arna. Ved Shell 7-Eleven kjem det fire hurtigladestasjonar, medan det på austsida av Øyrane Torg kjem tre hurtigladarar og to mellomraske ladarar med type 2-kont