Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap

iOn - automatisk valg av Bluetooth input?

Startet av toreanderson, tirsdag 10. januar 2017, klokken 11:08

« forrige - neste »

toreanderson

Min 2014 iOn hugsar ikkje min preferanse for Bluetooth input, den startar alltid med FM-radio. Det kan kanskje ha ein samanheng med at det tek nokre sekund før Bluetooth-forbindinga kjem opp, men det er jo litt irriterande å møtte høyre på den FM-skurringa, vente til forbindinga kjem opp, før eg manuelt byttar til Bluetooth input.

Skulle gjerne ha sett at den i staden stod på Bluetooth heile tida, og at det er stille så lenge det ikkje er noko aktiv Bluetooth-forbinding. Er det mogleg å få til på noko vis, tru?

Ser det er mogleg å oppgradere programvara via USB-stikke, er det nokon som har gjort det og er det i så fall nokre endringar i funksjonalitet?

Ein relatert ting eg undrast på er om antenna på taket vil noko funksjon etter at FM-nettet vert sløkt, eller om den like greit kan fjernast?

TB

Var nevnt noko om ny programvare i ein annan tråd, men usikker på om det faktisk var til faktisk hjelp.
Eg gav opp heile radioen og satte inn ny.

Etter det eg har lest, men ikkje testa sjølv er det mulig å bruke FM antenna til DAB med ein overgang / splitter. Eg har eigen DAB antenne, fungerer ok, men ekstern skal alltid være betre. Det fungerer ikkje om det er montert filter på antenna, noko eg ikkje er sikker på.

Det er mulig SOS funksjonen brukar denne antenna for GSM trafikk - eller er det eigen antenne for denne trafikken? Ellers - nærradio skal sende på FM ein del år til.
KONA Electric Long Range Premium 2024
Citroen C-Zero 2012 solgt
Hyundai KONA Electric 2019 solgt
Lørenskog

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA