Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Fjernlys Kia Soul EV (og andre elbilar)

Startet av OlavEmil, onsdag 28. oktober 2015, klokken 05:00

« forrige - neste »

OlavEmil

Ikkje alle av oss som har Kia Soul EV er heilt nøgde med fjernlysa på denne. Eg gjekk i somar til innkjøp av Rigid SR2-20 frå ekstralys.no (https://www.ekstralys.no/rigid-industries-sr2-serien-led-bar-r92131) og monterte på min bil, med veldig godt resultat. Ved å montere denne bak støtfangaren, unngår ein òg eitkvart problem med luftmotstand, og ein kan ikkje sjå på bilen at det er montert ekstralys (lysbjelke er ikkje det finaste ein kan putte på bilen sin, etter mi meining...).

Eg veit det er fleire som har vore inne på tanken om å montere ekstra fjernlys på Kiaen sin, så eg har sagt at eg skal lage ei monteringsanvisning når eg gjer same monteringa på konebilen. Bestilte bjelka for ein god månad sidan, men har ikkje vore tid og ver til å montere denne før no.

Bjelka blir levert med alle delar ein treng til montering og oppkopling.


http://imagizer.imageshack.us/a/img911/4935/hY8ocG.jpg

Det ein treng i tillegg er:

Borremaskin med 6,5mm eller 7mm bor
Fastnøkkel / sånn ting til å skru mutrar med (kva no det enn heiter), fortrinnsvis med skralle, str. 10mm og 11mm.
Stjerneskrujern
Flatskrujern eller noko anna flatt til å vippe opp deksel med
1 liten straumtjuv (til tynne leidningar)
Knipetang e.l. til å klippe leidning og klemme saman straumtjuv

Det første ein gjer er å borre nye hol i festebrakettane. Det er dei lange brakettane som skal brukast. Eg brukte 6,5mm bor, 7mm bør òg funke. Bor ca. som på biletet, rundt 1,5 – 2cm over det opprinnelege holet. Det er ikkje milimeternøye, men om ein brukar hola som er der frå før, vil bjelka bli liggjande midt mellom det øvste og det nedste holet i fangaren, bak plasten.


http://imageshack.com/a/img922/4664/4olOxM.jpg

Deretter må ein demontere heile framfangaren. Dette viste seg å vere overraskande enkelt og greitt.

1: Opne panseret
2: Skru ut dei 8 skruane merkte på biletet. Dei 6 raude er stjerneskruer (desse kan vere litt knotete å få ut, men du kan trykkje på dei nedenfrå ved å leggje ein finger rundt kanten i bakkant av skruene). Dei 2 grøne er mutterskrue, str 10mm.


http://imageshack.com/a/img924/4309/4rJoVG.jpg

3: Opne dekselet i ladeboksen med eit flatskrujern eller liknande, og skru ut skruen, mutterskrue 10mm.




http://imageshack.com/a/img924/6609/tzy3IP.jpg
http://imageshack.com/a/img922/7942/p6QnxV.jpg

4: Skru laus plastdeksel under støtfangaren. Her er det 8 stjerneskruer (2 stk merka raudt på biletet under), 4 på det store dekselet i midten, og to på kvart sidedeksel (hjulskjerm). Desse var litt plundrete å få ut, må skrus utan å leggje noko trykk på skruene, elles hoppar dei berre inn att etterkvart som du skrur dei ut.

Skru i tillegg ut to av dei totalt 4 mutterskruene (10mm), for å kome betre til seinare. Merka grønt på biletet, og tilsvarande på andre sida. Dei to andre er midt under, og treng ikkje skrus ut.


http://imageshack.com/a/img923/171/fW6Lfh.jpg

5: Skru ut 1stk skrue i kvar hjulbue, sjå bilete. Denne er kombi stjerneskruhjern / mutterskrue 10mm. Sjølv synst eg det var greiast å kome til med stjerneskrujern, men det er nok smak og behag.




http://imageshack.com/a/img922/8545/XYZXSW.jpg
http://imageshack.com/a/img923/2393/WkZbVD.jpg

6: No byrjar moroa. Dra laus støtfangaren i skøyten på kvar side, som vist på bileta under. Knepet er å dra bestemt utover og litt oppover, så løysnar det veldig enkelt og greitt.








http://imageshack.com/a/img922/35/oPOdXW.jpg
http://imageshack.com/a/img923/9355/vgeNak.jpg
http://imageshack.com/a/img923/6484/tWOzxG.jpg
http://imageshack.com/a/img924/8818/dAsL5C.jpg

7: Kople frå tåkelys og parksensor. Dra støtfangaren noko ut i nedkant først, så kjem du greitt til. Om du har Classic, vil eg tru du slepp det, men det kan vere lurt å sjekke likevel, i tilfelle det er lagt opp leidningsnett (eg veit ikkje).

Høgre side, tåkelys rett foran spylarvæsketanken. Her ferdig fråkopla:


http://imageshack.com/a/img922/1419/Pt0PQQ.jpg

Venstre side. Tåkelys nedst, parksensor over. Koplinga til parksensoren var veldig hard å få laus, men det er ikkje noko anna knep enn å trykke inn låsesplinten (pil) og dra / lirke til han kjem.


http://imageshack.com/a/img923/3408/1TYNbA.jpg

8: Då er alt laust. Dra støtfangaren ut punkt for punkt (sidene og i nedkant). Når du kjenner at han ikkje heng meir verken nede eller på sidene, tek du tak nede på fangaren og vippar heile fangaren opp. Det er to hempar oppe på fangaren som skal «hektast av», ein på kvar side. Sjå bilete.


http://imageshack.com/a/img924/6683/pMZWLL.jpg

Då står du med heile fangaren i hendene. Alt er plastikk, så han er ikkje tung. Før du starta på alt dette, gjorde du sjølvsagt klar ein trygg plass du kan leggje fangaren, godt polstra med flistepper eller liknande.

Dermed ser bilen slik ut. Finare med fangar, ja...


http://imageshack.com/a/img922/2727/xB8G2V.jpg

Foran venstre framhjul heng høgtalaren til kunstig motorstøy og ryggealarm. Du må for all del ikkje dra ut kontakten på den, då forsvinn motorstøyen, og det vil vi jo ikkje ha noko av. Skulle du likevel vere så uheldig at koplinga løysner, må du hugse å tette begge opningane godt att med elektrotape og plast, så du ikkje får vatn og drit i koplingane.


http://imageshack.com/a/img924/2017/5ejliy.jpg

Rigid har vore så greie å lage bjelka si akkurat slik at han passar rett i skruene som alt er under støtfangarbjelka på Kiaen. Dermed er det berre å skru ut dei to ytste (av fire) skruer, mutterskruer 10mm.




http://imageshack.com/a/img922/1963/MSSTHH.jpg
http://imageshack.com/a/img922/1963/MSSTHH.jpg

Fest så brakettane i bjelka med skruene. Ettersom Rigid likevel bomma med eit par cm, må begge brakettane monterast same veg, som på bileta.

Bilens venstre side


http://imageshack.com/a/img924/2905/R1XB27.jpg

Bilens høgre side


http://imageshack.com/a/img923/1691/38b1l5.jpg

Beste måten å gjere dette på:

1: Fest brakettane i fangaren. Stram skrua heilt til på braketten på bilens venstre side, men ikkje på bilens høgre side.
2: Skru av mutrene på bjelka, 11mm.
3: Hekt bjelka inn i hola du borra heilt i starten, først på bilens venstre side, så høgre side. Braketten på høgre side er relativt laus, slik at du kan bende denne ut og hekta inn bjelka.
4: Stram skrua til braketten på bilens høgre side godt
5: Stram mutrane på bjelka.

Dermed er bjelka ferdig festa.


http://imageshack.com/a/img924/6959/aGfgyC.jpg

Då er det på tide å kople til lyset. Dette er stort sett plug and play. Einaste unntaket er at du må hente styrestraum, slik at lyset slår seg på og av med fjernlyset.

Dra av sokken på releet som følgjer med bjelka. Klipp av den raude leidninga som kjem ut av same bunten som den blå leidninga, som på biletet.


http://imageshack.com/a/img924/8265/b00g6V.jpg

Dra den raude kabelen ut av bunten.




http://imageshack.com/a/img923/1375/4woHfB.jpg
http://imageshack.com/a/img922/6104/6G6TSD.jpg

Så må du finne styrestraum. Dette kan nok gjerast på mange måtar, og det er slett ikkje sikkert min måte er den beste, men eg visar no korleis eg har gjort det, for dei som berre vil følgje bruksanvisninga.

Klipp opp litt av sokken til leidningane som kjem ut av venstre hovudlykt.


http://imageshack.com/a/img923/6161/BGqgFM.jpg

Den grå kabelen er fjernlys. På biletet ser grå og kvit lik ut, men det er lett å sjå forskjell i levande live. Kople på straumtjuven i enden av den raude leidninga du klippa av releet tidlegare (den enden som ikkje har kabelsko på seg).


http://imageshack.com/a/img922/8035/yAjHtt.jpg

Plugg så den svarte leidninga med kabelsko til den gullfarga koplinga på brytaren som følgjer med, den blå leidninga på koplinga i midten på brytaren, og den raude kabelen med styrestraum på den koplinga som er att.

Plugg så til den kontakten som passar til kontakten som kjem ut av bjelka.


http://imageshack.com/a/img922/4998/WUxc9E.jpg

Den raude leidninga med rund kabelsko i enden skal koplast på + på batteriet.


http://imageshack.com/a/img923/2199/LbPr9Z.jpg

Den svarte leidninga med rund kabelsko skal til jord. Det er fleire jordingspunkt rundtom, den eg synst var greiast å bruke, ligg i forkant av batteriet, i botn av motorrommet.




http://imageshack.com/a/img922/1779/1hvb02.jpg
http://imageshack.com/a/img923/9672/MSbHmW.jpg

Når alt dette er gjort, skal lyset funke. Når brytaren er påskrudd, slår bjelka seg på saman med fjernlyset. Når brytaren er av, slår ikkje bjelka seg på.

Brytaren kan du få inn i kupeen via ei opning oppanfor gasspedalen, ei stor rund gummipakning. Denne kan du dra open i kanten og tre leidningane gjennom. Brytaren kan så monterast etter ønskje. Sjølv kjøpte eg ein ny brytar på Biltema som var litt mindre stygg enn den som fulgte med, men det gjer ingen forskjell. Greiaste plassen å montere er nede til venstre for rattet. Her kan du borre hol i plasten, og hengje brytaren. Då kjem du lett til på baksida for å kople til leidningane.






http://imageshack.com/a/img923/9446/qZxi5P.jpg
http://imageshack.com/a/img923/7664/CHUXg7.jpg
http://imageshack.com/a/img923/9448/CYUDxZ.jpg

Etterpå må støtfangaren monterast, ved å følgje demonteringsanvisninga i revers.

1: Hekt fangaren over hempane i overkant
2: Kople til tåkelys og parksensor
3: Trykk fangaren inn i rett posisjon, og fest klikkfestene på sidene
4: Skru fast kombiskruene i hjulbuene
5: Skru fast dei to mutterskruene og åtte stjerneskruene under fangaren
6: Skru fast mutterskruen i ladeportalen
7: Skru fast dei 8 stjerneskruene oppå fangaren

Så eit forsøk på å vise kva lys ein får. Lyser rett i buskane til naboen, så ein får ikkje sett kor langt det lyser, men ein ser tydeleg at du får eit mykje skarpare lys, og ekstremt mykje betre lys ved sidan av vegen i forhold til originalt fjernlys. Det er jo som kjend på sida av vegen hjorten står før han hoppar ut i vegen...

Bileta er teke med manuell innstilling på kameraet, så sjølv om kvaliteten er så som så, er alle innstillingane identiske på alle bileta.

Originalt fjernlys:


http://imageshack.com/a/img922/9084/ddvtDb.jpg

Bjelke:


http://imageshack.com/a/img923/8864/dgL1QA.jpg

Absolutt verdt jobben (og pengane, sjølv om det er ei dyr bjelke).

Deretter litt forbrukstal: Bjelka er på 120w. Det vil altså seie at ved ein snittfart på 60km/t vil du få eit auka forbruk på 0,2kWh/100km dersom du køyrer konstant med fjernlys. I praksis køyrer ein sjeldan med fjernlyset på i time etter time (og om ein køyrer på plassar der ein gjer det, treng ein betre fjernlys enn dei originale!).

I praksis køyrde eg min bil med fjernlys og bjelke frå Os til Haugesund, medan konebilen låg bak med nærlys. Då vi kom fram hadde eg brukt 1% meir straum på 10 mil. Det er ikkje meir enn feilmarginen ein må rekne med til vanleg. Då hadde eg òg brukt dei originale fjernlysa i tillegg til bjelka, mot kun nærlys på konebilen som låg bak. Det vil altså ikkje vere noko praktisk redusert rekkjevidde med slike ekstralys, om nokon skulle vere redde for det.

Får heller ingen feilkoder av noko slag, alt funkar tipp topp på min bil som har hatt bjelke montert i to månader no.

Håpar dette kan vere nyttig for nokon. Denne bjelka eignar seg nok godt på andre elbilar òg, men då kan ikkje eg hjelpe med korleis det er lurt å montere dei.

Eg har ikkje montert støtfangaren på konebilen att, har vore ute og justert lysa i kveld. Satsar på å få denne montert seinare i dag. Om nokon saknar bilete av noko som burde vore teke medan fangaren er av, får dei rope ut, så fiksar vi det.
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

PokerFjes

Veldig bra guide! Rigid er flinke til å levere alt som trengs, men jeg synes du er modig som har brukt en god gammeldags "tjuv" på en helt ny bil - som jeg antar har canbus :). Så lenge du ikke har fått feilkoder så er det vel greit.

Det er ikke sikkert folk bryr seg, men jeg vil bare nevne at ekstralys skal monteres parvis, og at enkle led-bars ikke (enda) er lovlige selv om de er e-merket.
2016 VW e-Golf; VP, Limestone Grey - http://elbilforum.no/forum/index.php/topic,23094.0.html
2000 VW Caravelle 2.5 TDI Syncro
1994 Toyota Landcruiser VX 4.2TD

OlavEmil

Stemmer. Eg har stort sett alltid teke det med når eg har snakka om lysbjelker tidlegare, burde sjølvsagt få det med her òg. Fjernlys skal monterast parvis, og lysbjelker passar difor ikkje inn i regelverket. Nokre verkstader vil sikkert skrive merknad på dette på EU-kontroll, andre ikkje. Trur neppe dette vil bli noko problem på utekontrollar, særleg ikkje med slik montering som dette (utan at det er grunnen til at eg har montert på denne måten).

Elles heilt einig i at straumtjuv ikkje er noko god løysing. Det er vel det einaste med denne ombyggjinga som gir ein liten bismak i munnen. Problemet er at ein må ha styrestraum ein eller annan plass ifrå. Leidninga frå lykta er lett å lokalisere, men for tynn til å klippe og bruke kabelsko. Då er det liten straumtjuv som er beste løysinga. Alternativet måtte vere å leite seg fram til kva av dei hundre leidningane under rattet som er til fjernlyset, og hente straum herifrå. Den leidninga, om ein skulle vere så heldig å finne den rette, er nok like tynn, og då har ein same problemet.

Eg kjenner ikkje til kva canbus er, men eg går ut frå at det er straumsensorar av noko slag som overvåker at det ikkje er feil spenning nokon plass. Med denne løysinga er det kun styrestraum som blir henta frå fjernlyset. Ein trekk altså ikkje noko aktiv straum frå leidninga. All aktiv straum går med eigen leidning frå batteriet og via eige rele. Dermed tuklar ein heller ikkje med den straumen som går i noko av det originale straumnettet i bilen, og det er difor ingen grunn til at det skulle dukke opp noko feilmeldingar. Valde likevel å nemne det eksplisitt i bruksanvisninga, så ikkje folk skulle vere redde for det :) .
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

Pomorbror

Supert innlegg! :)
Der sparte du meg for mye forsking på egenhånd.
Har en Rigid liggende, men har ikke hatt tid til å montere enda.
Soul`n har ikke Canbus, så det er ikke noe problem med hverken led eller andre pærer.
Canbus er egentlig bare en varsel som forteller når det er feil på ett av lysene,
derfor får mange informasjon om pærefeil om man ikke bruker rette pærer.
Stømtyven er ikke farlig.
Det eneste som kan skje, er at du mister ekstralyset :P
Finn frem en loddebolt og lodd sammen punktet hvor du har stømtyv, så holder det bilens levetid.
Tar ikke mer enn 1 min å gjøre jobben.

OlavEmil

Takk for tipset. Eg får høyre med ein kamerat som er litt meir hændi enn meg, kanskje han kan lodde.

Ang lovlegheita, PokerFjes (og andre): Eg ser at bjelka har referansetal på berre 12,5. Dermed er han godt innanfor det som er lovleg pga lysstyrke (eg vil tru ein får meir lys per referansetal med LED). Då er det berre antalet og den parvise monteringa som er problemet.

Tidlegare sto det i kjøretøyforskriftene at det var lov med 2 eller 4 fjernlys på personbil (2, 4 eller 6 på lastebil), og at desse skulle monterast parvis. No står det derimot dette om fjernlys:

"Antall: Inntil 4 ekstra, dvs. 6 totalt for N₃ - og M₃ -kjøretøy."

Kan dette omsider ha blitt endra? I så tilfelle er denne monteringa 100% lovleg, noko som sjølvsagt hadde vore superdupert!
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

OlavEmil

Eg oppdaga under punkt 4 at det òg er to små stjerneskruer heilt ytst, bak mot hjulbuene. Desse kjem i tillegg til dei 8 andre.

Gummipakninga for å få leidningane gjennom til kupeen ligg foran bremsepedalen, og kjem ut att heilt i bakkant av motorrommet (logisk nok), rett bak og ned frå batteriet.





Brytaren monterte eg her, rett ved sidan av luka til sikringane. God plass å kome til bak frå nedsida. Brytar frå Biltema (om du skal ha med lys i brytaren, ikkje bruk denne. Altfor kraftig lys).



Ferdig resultat:

1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

E_S

Bra guide! Det er bare verdt å nevne at bryter inni bilen var et krav tidligere - det er ikke lenger påbudt, så det er opp til hver enkelt om man ønsker å installere dette. Sikkert mange som ikke føler behovet og som vil unngå å lage et hull og den ekstra kabelstrekkingen. :)
:)

Pomorbror

Da va min lysbjelke også montert ved meget stor hjelp av din guide.
Jeg løsnet kun di 4 klipsene som holder bunnplata i fronten, så dro jeg litt i støtfangeren og puttet lysbjelken inn uten å demontere noe mere  ;) Monterte så festene og bjelken gjennom åpningene i støtfangeren.
Hadde aldri kunne gjort det på denne måten uten din bruksanvisning. Takk takk ;D ca 45 min fra start til ferdig oppryddet. Skal koble i morgen når det er lyst.

OlavEmil

Moro :) . Vi får blinkast ein gong vi treffest på halvvegen (Ålesund?).

Ikkje dumt, ikkje dumt. Om eg nokon gong skal montere bjelke på ein tredje el-Soul, skal eg prøve den metoden. Høyrest jo enkelt og greitt ut! Skjønt, gjekk ikkje meir enn halvannan time alt inkludert (montering og kopling) ved å demontere fangaren heller andre gongen.
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

Pomorbror


erik e

This message previously only contained one or more inline attachment references all of which are now invalid.
Svart Mitsubishi i-Miev  2011. Blå I-MiEV 2019
2014 dci Solgt





Hvit MB 200 cdi 2009 sed.  Blå MB 250  2015
Blå Fiat Coupe 2.0 20v turbo 1997 u-reg.Solgt
Svart Renault Fuego 1981 veteran. Gitt bort
Alfa Romeo 156 2001
Greit med "Flåte" forsikring. (kone,sønn og datter)

HenryJac

2017 - Model S 75D
10.8kWh på taket

B-flat

Sitat fra: Pomorbror på tirsdag 10. november 2015, klokken 17:26
LEDBAR og Takboks montert :)

Ser flott ut!
Pomorbror: Hvilke takbøyler/stativ har du, og hvilken takboks? Ser at takboksen ligger veldig fint og tett ned mot taket!
Tesla Model X: Reservert desember 2012, kansellert april 2017
Kia Soul EV 2016: 2016-01-05 -->
Citroen C-Zero:    2012-08-16 --> 2016-01-12 Kjørt 0-72000km - SOLGT!

StianMH

Mange takk, ser at jeg også må gjøre det på konebilen når den kommer! :)

kjetilpp

Off-topic: kunstig motorstøy høyttaleren, kan den kobles fra, eller vil det komme feilmld på den da?

I mitt tilfelle så tenkte jeg evt å koble den via en bryter  :)
Ønsker meg Leaf, eller lignende.
Nåværende biler:
Audi A4 2011 -  Til salgs!
Golf 4 stv - 2003 - 211007km - Beholdes!

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA