Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap

C-Zero ville ikkje lade på jobb

Startet av Hamiso, søndag 16. august 2015, klokken 20:56

« forrige - neste »

Hamiso

Vart litt forskrekka første dag på jobb, då C-Zero-en ikkje fekk lading, ved tilkobling til ein av schuko-kontaktane på jobb. Prøvde kontaktane på tre forskjellige plassar, men det same skjedde kvar gong. Brukar ein slik grøn ladekabel som kan skifte mellom 6, 10 og 16 ah. Men denne gjekk ikkje over i blinkande, oransje lys, som innebar at ladinga ikkje kom i gang. Bilen starta og gjekk som vanleg. Det var berre ladinga som ikkje fungerte.
Eg synes dette er spesielt rart fordi eg hadde lada bilen på hytta vår natta før, på 6 ah, utan problem.
Dessutan stod andre elbilar og lada enkelte stader på jobben, òg tilsynelatande utan problem.
Og då eg kom heim på ettermiddagen, så fekk bilen min fint lading i garasjen, med den same, grøne kabelen.

Ville sjekka dette igjen i kveld. Tok med meg den gamle ladekabelen for sikkerhets skuld. Men nå virka den grøne kabelen som normalt igjen.

Har opplevd dette nokre få gonger før; Ein gong hos svigermor midtvinters. Ho bur i eit gammalt hus og hadde visstnok ganske låg spenning. Ein annan gong på eit høgfjellshotell, der eg òg trur det har noko med spenninga å gjera. Men her på jobben?

Er det 12 volts-batteriet som byrjar å synga på siste verset? (bilen er ein 2011 modell, køyrdt 55.000 km.) Bør det skiftast? Blir det forresten problem med radio og kode dersom eg skiftar dette batteriet?
Eller er det noko anna forklaring?
https://dreamelectricblog.wordpress.com/
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, desember 2012 til juli 2023,
-Tesla Model 3 LR, mars 2019 til november 2022,
-Tesla Model 3, september 2022,
-Super SOCO TC Max, elektrisk lettmotorsykkel, september 2023
-Pendlar med sykkel

TB

#1
Eg har testa ut låg 12 V spenning (sjå OVMS tråden.) Bilen blir i slike tilfelle heilt "galen" med blinkande lys i instrumentpanel. Det er ikkje råd å starte bilen, faktisk ikkje råd å slå den av heller.

I ditt tilfelle fungerar bilen heilt fint, men lading feilar.

Har sjølv opplevd bilen ikkje tek lading utan nokon spesiell årsak, men det har ikkje hendt ofte. På trillingane høyrer ein godt viftelyden som eit sikkert tegn på at lading startar. Om denne lyden ikkje kjem er det noko feil. Det blir gjort sjekk av jordforbindelse. Om denne ikkje er god nok startar ingen lading. På IT nett kan denne sjekken finne feil som ikkje er der. Enkelte ladekablar er rapportert vera meir nøyen med denne sjekken.

Som du skriv er det nok og ein sjekk av spenning. Har sett ned mot 218 Volt, der lading har fungert fint, så eg trur volt må vera uvanleg låg før bilen nektar å ta lading. Om det her og er forskjell på ladekablar er eg usikker på.

Eit tips er å sjekke ladekabelen din. På den fyrste Charge-Amps kabelen eg hadde oppstod det brot i kabelen. Om kabelen stod i rett vinkel fungerte den, men ellers ikkje. Charge-Amps bytta kabelen i ein ny, som har fungert fint.
KONA Electric Long Range Premium 2024
Citroen C-Zero 2012 solgt
Hyundai KONA Electric 2019 solgt
Lørenskog

Hamiso

#2
Hei, TB!
Trur ikkje det er noko gale med ladekabelen. Den blir brukt på same måte alle stader, og har stort sett ikkje møtt på problem. Kanskje schuko-overgangen som er kjøpt på Clas Ohlsson, for den er litt varm etter lading...elles veit eg sanneleg ikkje...
Og eit par dagar seinare så virkar ladinga på jobb igjen...med den same ladekabelen. Pussig.
https://dreamelectricblog.wordpress.com/
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, desember 2012 til juli 2023,
-Tesla Model 3 LR, mars 2019 til november 2022,
-Tesla Model 3, september 2022,
-Super SOCO TC Max, elektrisk lettmotorsykkel, september 2023
-Pendlar med sykkel

Hamiso

jjjjjjja.....
Trur eg har funne svar på dette vesle mysteriet. Og ja, TB, det må sannsynlegvis vera noko med ladekabelen; Den grøne som kan justerast mellom 6, 10 og 16 ah. Med den fungerer ikkje ladinga på jobb igjen. "Vosjen" kjem, men bilen ladar ikkje. Har opplevd liknande nokre få gonger i enkelte gamle hus og på eit høgfjellshotell.
Kobla til den gamle 10 ah kabelen min på jobb i dag, og då fungerte det greitt.
Så moralen er: Ta med alt du har av kablar, til ei kvar tid.
https://dreamelectricblog.wordpress.com/
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, desember 2012 til juli 2023,
-Tesla Model 3 LR, mars 2019 til november 2022,
-Tesla Model 3, september 2022,
-Super SOCO TC Max, elektrisk lettmotorsykkel, september 2023
-Pendlar med sykkel

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA