Med hurtiglading av Leaf på vinteren må du rekne (minst) 1kr/km. I tillegg kan du risikere å treffe på hurtigladarar med fastpris (240,- per lading og liknande), då blir km-prisen vesentleg høgare. Med 2 200km vil berre ladinga koste nesten like mykje som å sende bilen med Hurtigruta, om prisen på 2500,- stemmer. I tillegg må du nok rekne ein god del overnattingar pga dårleg utbygd ladenett på ein del strekk. Trur nok turen vil koste deg meir enn 2500,-. I tillegg vil nok ein slik tur gje ein god del frustrasjon og plage, med mindre du er ekstremt entusiastisk rundt det å køyre langtur med elbil, særleg om du ikkje er van med langkøyring med elbil frå før av.