Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Eidsvoll - Halsnøy i Sunnhordland - Går det bra?

Startet av Hamiso, fredag 17. juli 2015, klokken 23:41

« forrige - neste »

Hamiso

Eg la ut denne på emnet "ladestasjoner", men fekk ingen napp der, og prøver meg dermed her.

Tenkjer å våga meg til å ta elbilen, Citroen C zero over fjellet til Vestlandet i sommar.  Nærare bestemt frå like utanfor Eidsvoll og til Halsnøy i Sunnhordland. Til og med saman med sonen min på 5.
Tenkte i tilfelle å dra vestover langs rv 7 over Hardangervidda og ned til Eidfjord. Returen via Odda og over Haukeli.
Vestover omlag 20. Juli, tilbake omlag ei veke seinare.

Det ser ganske overkommeleg ut med ladestasjonar på vegen. Og bilen har ei rekkevidde på mellom 8 og 12 mil (fullada) avhengig av fart, eventuell varmevifte og alt det der.
Det eg ikkje veit, er kor mykje stigninga oppover mot fjellet vil ha å seie for rekkevidda, og i kva grad ladestasjonane virkar eller ikkje.
Kor lang tid eg treng, får eg ta som det kjem. Tenkte å ha minst ei overnatting med telt på campingplass, og satsa på å få lada på campingplassane.
Det har tidlegare vore snakk om fare for flaum i deler av ruta, og skulle det skje, får eg berre avlysa.

Så kva trur de andre? Er det realistisk, dette?
Dersom det skulle bli krise med lading, er det nokre elbilistar langs ruta som kunne avsett litt straum frå stikkontakten heime?
Har de erfaring med serveringsstader, bensinstasjonar og anna som ikkje står på ladekartet, men som kan gi litt straum?
Er det ikkje forresten organisert eit opplegg der ein kan melda seg på og stilla til rådvelde eigne stikkontaktar til medelbilistar? Meiner å ha lest om det, men har ikkje funne det nå.
Dersom det skulle bli problem med campingplassar, er det rekna som trygt og uproblematisk å overnatta på fjellet/i skauen langs eller i nærleiken av vegen?

Eg likar i alle fall å dra på litt alternative "ekspedisjonar" og å hoppa ut i det litt usikre. For sonen min satsar eg på at det blir takknemleg med god tid og mange pausar, og at rekkeviddeangst ikkje smittar over på han. Og skulle gjerne fått erfaring med å dra langt med ein elbil som min.
Tenkjer i tilfelle på å blogge litt om erfaringa, og kan eventuelt leggja ut ei lenke til den her på forumet, dersom dette blir noko av.

Håpar på gode råd.
https://dreamelectricblog.wordpress.com/
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, desember 2012 til juli 2023,
-Tesla Model 3 LR, mars 2019 til november 2022,
-Tesla Model 3, september 2022,
-Super SOCO TC Max, elektrisk lettmotorsykkel, september 2023
-Pendlar med sykkel

Hamiso

Ikkje så mange som har erfaring med dette her?
Eg fekk i alle fall litt råd andre stader på forumet, og er nå nestan klar.

Har kjøpt ein "type 2 til type 1" kabel i dag på "Grønne mil". Kunne henta den same dag på lageret deira på Dal.
Kjem til å prøva å skriva litt undervegs om ekspedisjonen på denne bloggen;
http://reisetankar.blogspot.com
Så for alle som lurer på korleis i all verda dette skal gå, er det berre å følja med. Det kan til og med bli litt direkte kringkasting til høgre i bloggen.
https://dreamelectricblog.wordpress.com/
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, desember 2012 til juli 2023,
-Tesla Model 3 LR, mars 2019 til november 2022,
-Tesla Model 3, september 2022,
-Super SOCO TC Max, elektrisk lettmotorsykkel, september 2023
-Pendlar med sykkel

Hamiso

Nå er turen vår avslutta, Eidsvoll - Halsnøy via RV 7, og retur via E134 over Haukeli.
Ser det er mange på denne tråden som spør om råd til langturar, så kanskje det er noko hjelp å finna i reisebloggen min;
http://reisetankar.blogspot.com
https://dreamelectricblog.wordpress.com/
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, desember 2012 til juli 2023,
-Tesla Model 3 LR, mars 2019 til november 2022,
-Tesla Model 3, september 2022,
-Super SOCO TC Max, elektrisk lettmotorsykkel, september 2023
-Pendlar med sykkel

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA