Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible

Startet av Einride, lørdag 20. juni 2015, klokken 21:00

« forrige - neste »

Einride

Fekk utlevert ein heilt ny Zoe Intens 2015 i går frå Motorforum Bergen. Grunna mykje tull frå eit elektrikerfirma som skulle installere Pod-point ladepunkt heime er ikkje dette på plass enda, men kjem forhåpentligvis på plass tidleg neste veke, så me er nødt til å bruke (semi-)hurtigladar fram til dess. Det burde jo ikkje vere noko problem med fleire ladarar i nærleiken! Vel...

Me satte kursen utover til Straume og Sartor senter i dag formiddag og hadde rundt 80 km estimert rekkevidde igjen når eg parkerte på senteret. Valgte å ikkje prøve å lade her, sidan me fortsatt hadde over 50% batteri igjen. Etter å ha vore på Sartor satte me kursen nordover mot Øygarden, med plan om å lade anten på Ågotnes, eventuelt Sartor senter eller Kiwi Godvik på vegen tilbake, sidan alle dei har semi-hurtig AC-lading.

Når me var på veg tilbake stoppa eg på Kiwi Ågotnes og kopla til ladestolpen der. Måtte bruke SMS-lading sidan eg enda ikkje har fått Fortum-brikka frå Motorforum. I displayet på bilen stod det ved start av lading "Ongoing checks", på ladestolpen stod det at ladinga var starta. Så dukka meldinga "Battery charging impossible" opp i bilen. Eg ringte Fortum og dama i telefonen prøvde å starte lading igjen, men eg fekk same meldinga igjen. Så dukka i tillegg "Electric motor failure" opp i displayet. Veldig lovande for ein heilt ny bil!

Resultatet etter den ladinga var at eg ikkje ein gong fekk start på bilen. Ringte forhandlar og han ba meg låse bilen, vente 5-10 min og så prøve igjen. Etter ca 4-5 min var det eit klikk i bilen og feilmeldinga forsvann. Eg starta bilen og tok ikkje sjansen på å lade der igjen, så eg fortsatte til Sartor senter for å prøve der.

På Sartor starta eg lading igjen, same resultat: "Battery charging impossible". Ingen meldingar om motorhavari den gongen, men lade ville bilen uansett ikkje. Prøvde to gonger før me gav opp og fortsatte til Kiwi Godvik. Nokon som vil tippe resultatet der? Stemmer, fekk ikkje lada der heller. Ringte Fortum igjen, dei prøvde å starte lading igjen, og eg fekk også beskjed om å prøve å resette stolpen ved å bruke nødbrytaren under displayet. Det hjalp sjølvsagt ikkje.

Med ca 40 km rekkevidde igjen ringte eg forhandlar enda ein gong, og han hadde dessverre ingen gode forslag anna enn å ringe Renault veiassistanse for å få bilen heim eventuelt transportert til Motorforum så dei kunne lade den og sjå om dei fann ut noko.

Me kjørte frå Kiwi i Godvik for å få oss litt mat, og kom igjen etter eit par timar for å gi det eit siste forsøk: "Battery charging impossible", og i tillegg kom meldinga "Electric charge cut, charging was stopped" eller noko i den duren. Meldinga stod ikkje så lenge før den forsvann og vart erstatta av den vanlige "battery charging impossible". Me gav opp og køyrde heim, og bilen står no heime med ca 30 km estimert rekkevidde (19% batterikapasitet).

Ein siste mulighet er å spørre ein i nabolaget om å få lade der ei lita stund. Har sett at dei har ein Zoe, så håpar at dei har ladepunkt installert. Viss ikkje blir det ein spennande tur til Motorforum på måndag. Eg bur omlag 20 km frå dei.

Eg søkte litt på nettet og fann ut at det er mange som har hatt feilmeldinga "Battery charging impossible", til og med på forumet her. Det ser ut til at Zoe er ekstremt kresen på jordinga ved lading? Fint at bilen beskyttar elektronikk, motor og ladar, men ikkje om det betyr at den plutselig ikkje ladar i heile tatt!

Var klar over "ladeproblematikken" med IT-nett og den sagnomsuste Zaptec-kladden alle ventar på, og det er forsåvidt greit. Men når ikkje ein gong hurtiglading fungerar som det skal? Det fristar lite å legge ut på tur der lading undervegs er involvert, for å seie det sånn!  :-\

Vedlegg er ladehistorikken frå My ZE Online.

hsa77

Trist historie, du må få bilen inn på verksted for kontroll - dette er ikke normalt. Jeg har ladet min ZOE på minst 10 forskjellige ladestasjoner uten noe som helst trøbbel. ZOE er kresen på strømmen og krever skikkelig jording, men på ladestasjoner drevet av de store aktørene som Fortum og Grønn Kontakt skal dette være i orden.

Lykke til, håper det ordner seg uten alt for mye trøbbel. :)
2015 Renault ZOE Intense (R240) - solgt
2017 Renault ZOE Intense ZE40
2014 Tesla S85 (classic RWD med AP1)

elektrolux

Er det dårlig jording vil bilen få opp feilmelding. Dette kan skje selv på TN nett spesielt om kursen allerede er belastet med andre ladende Elbiler.

Feilmeldingen legger seg i et midlertidig minne i bilen og bilen trenger 2 min "pause" for å legge dette over i permanent minne. Deretter kan nye ladeforsøk prøves.

Har opplevd at Zoe blir skikkelig sur, men den fikser seg selv etter en stund. Når Zapcharger Portable kommer blir alle slike problemer historie.
Stavanger:

Selger utstyr for EV lading og energieffektivisering via http://elbilhjelpen.no AS

Har for tiden Tesla S85, Smart ED, BMW C- evolution, Carver S+, Monotrazer MTE-150, Citroen C1 EVie, div. Think og PSA Classic og City 2010 model, Chin 3 hjuler Pickup, Buddy M9 samt Vectric scooter. Venter på Microlino og Aptera #2246

Daglig leder i Elbilhjelpen.no

Einride

Leverer bilen inn på mandag, så får dei sjå på den. Håpar egentlig at det er ein feil på den og at den ikkje faktisk kan vere så kranglete på lading. Dette var tross alt lading på tre forskjellige stolper, med alt i frå ~5 min til over 2,5 timar mellom kvart forsøk.

ZapCharger Portable løyser nok mykje når den endeleg kjem, men den er svindyr og hjelper vel heller ikkje på (semi-)hurtiglading? Den blir vel som alle andre ladekladdar begrensa til 13-14 A maksimalt?

Forferdelig irriterande å oppleve sånt når ein akkurat har fått bilen, men håpar det løyser seg. Liker bilen veldig godt bortsett frå denne episoden!

hsa77

ZOE skal kunne lades problemfritt på alle Fortums Kiwi ladere, de er jo tross alt sponset av Renault. Så uansett om det er bilen eller ladestasjonen så skal det ordnes! Håper du finner ut av det uten at det går for lang tid.
2015 Renault ZOE Intense (R240) - solgt
2017 Renault ZOE Intense ZE40
2014 Tesla S85 (classic RWD med AP1)

Einride

Då har eg prøvd å lade på naboen sin 11 kW Pod Point òg. Det fungerte heller ikkje, men ingen "Battery charging impossible" denne gongen. Det einaste som skjedde no var at det stod "Ongoing checks" i displayet på bilen, med eit par raske meldingar borte til høgre som forsvinner før ein får lest dei (mistenker at det står at den ladar eller startar lading, men umogleg å seie sikkert). Etter ei lita stund stod det berre "No connection" før bilen skrudde seg av. Prøvde to gonger, med same resultat.

Må vere noko gale med bilen. Blir spanande å sjå kva Motor Forum kan finne ut.

Einride

Kom fram til Motor Forum Bergen med 8% gjenståande på batteriet (og 14 km estimert rekkevidde i displayet). Utan AC og definitivt søndagskøyring på veg dit, men det gjekk heilt fint  :)

Dei prøvde å lade bilen der også, men utan hell. I grunn ingen overraskelse det. Så no har dei tatt inn bilen og skal sjå på den, håpar det ikkje tar alt for lang tid.

hsa77

2015 Renault ZOE Intense (R240) - solgt
2017 Renault ZOE Intense ZE40
2014 Tesla S85 (classic RWD med AP1)

Einride

Vart ringt opp av Motor Forum i dag, dei såg på bilen og kunne sjå logg over alle "ladeforsøka" mine, men kunne ikkje heilt finne nokon god grunn til det enda. Dei lurte også på detaljane rundt første ladinga eg prøvde. Det var på ein Kiwi-butikk så det var snakk om ein hurtigladestasjon med fastmontert kabel. Høyrte ikkje meir i dag, så går ut i frå at dei enda ikkje har funne ut noko.

Sjekka nettopp My ZE Online og der ser eg dei har prøvd å lade bilen tidlegare i dag, men rapportert batterikapasitet er framleis 8%.

Einride

#9
Ny dag, fortsatt ingen løysing på ladeproblema på bilen min. Snakka med MF Bergen og dei har feilsøkt og sjekka koblingar og anna, men har enda ikkje funne nokon grunn til at bilen ikkje vil lade.

Etter det selgar hadde blitt forklart virka det som om bilen rett og slett ikkje tok i mot straum, men det såg ikkje ut til å vere nokon fysisk feil på bilen. Han spurte meg enda ein gong om eg hadde prøvd å stille på planlagt lading/ladekalender i bilen, noko eg ikkje har gjort. Det einaste eg sjekka når bilen ikkje ville lade var at bilen var satt til å alltid lade når den var plugga inn, noko som sjølvsagt er standard-innstillinga òg.

I løpet av dagen fekk eg plutselig ein melding om at det var kome ein oppdatering til R-Link for bilen, med beskjed om å oppgradere dette. Eg nevnte det for selgar og han skulle sjekke med verkstad om dei trudde det ville ha noko for seg å oppdatere denne. R-Link har tross alt mulighet for å sette planlagt lading og ikkje, så heilt utenkelig at feilen kan ligge der er det jo ikkje. Men eit sånt tilfelle burde vel vere forholdsvis lett å finne ut av? Dersom ein bug/feil innstilling i R-Link kan gjere bilen heilt umottakeleg for lading, utan at det er indikert nokon plass, er jo det ein særdeles grov feil...

Begynner å bli frusterande dette. Heilt ny bil og så står den berre på verkstad!  :(

hsa77

Merkelig at de ikke har klart å i det minste lokalisere feilen. De har kanskje ikke hatt så mange ZOE inne at det meste er nytt for dem, men de bør vel ha noen eksperter hos Renault de kan kontakte når de tilsynelatende ikke har peiling?
2015 Renault ZOE Intense (R240) - solgt
2017 Renault ZOE Intense ZE40
2014 Tesla S85 (classic RWD med AP1)

arnejorg1

Du er ialefall ikke alene om og være frustrert over Renault's ladeproblemer. Jeg kjøpte min bil via carpoint Norge hvor det fulgte med en 10amp shuko kabel. Den fungerte bra i en til 2 uker før jeg skulle lade til min onkel og fikk meldingen "scharging impossible", men jeg har laget en egen tråd om dette så jeg forklarer ikke så mye her. Jeg fikk for øvrig samme melding da jeg hadde nådd 73% på statoils hurtiglader.
Grrrr. >:( >:( >:(
Ny Nissan leaf kjøpt 2012. Siden diverse fosilbiler, en think city, en Renault zoe, en rav 4 ev og nå mg marvel R

hsa77

Sitat fra: arnejorg1 på torsdag 25. juni 2015, klokken 00:27
Du er ialefall ikke alene om og være frustrert over Renault's ladeproblemer. Jeg kjøpte min bil via carpoint Norge hvor det fulgte med en 10amp shuko kabel. Den fungerte bra i en til 2 uker før jeg skulle lade til min onkel og fikk meldingen "scharging impossible", men jeg har laget en egen tråd om dette så jeg forklarer ikke så mye her. Jeg fikk for øvrig samme melding da jeg hadde nådd 73% på statoils hurtiglader.
Grrrr. >:( >:( >:(
Få oppdatert programvaren i bilen din, den skal visstnok inneholde en bugfix på 22kw lading...
2015 Renault ZOE Intense (R240) - solgt
2017 Renault ZOE Intense ZE40
2014 Tesla S85 (classic RWD med AP1)

Einride

Sitat fra: hsa77 på torsdag 25. juni 2015, klokken 00:22
Merkelig at de ikke har klart å i det minste lokalisere feilen. De har kanskje ikke hatt så mange ZOE inne at det meste er nytt for dem, men de bør vel ha noen eksperter hos Renault de kan kontakte når de tilsynelatende ikke har peiling?

Ja, snakka med selgar i går kveld og dei hadde kontakt med Renault i Frankrike så han håpa på svar så snart som mogleg frå dei.

Sjølv med all den elektronikken som er i nye bilar med forbrenningsmotor òg, så er det nok sikkert ein overgang for mange verkstader å måtte feilsøke elektriske bilar i tillegg, sjølv om det er eige merke. 400V DC er ikkje noko å spøke med heller  :)

Einride

Ringte MF Bergen igjen i dag formiddag, og fekk då telefonnummeret til ein på teknisk hos RBI Norge i Oslo og vart bedt om å ringe han for å forklare kor eg prøvde å lade første gangen og kva som skjedde i detalj.

Ringte han og forklarte kor eg lada, kva feilmeldingar eg fekk og også dei andre plassane eg prøvde å lade.

Har ikkje høyrt noko meir etter det, og når eg kontakta MF Bergen igjen i ettermiddag hadde dei egentlig ingenting nytt å komme med. Fekk riktignok ikkje snakka direkte med teknikar/mekanikar, men noko litt meir enn "dei ser fortsatt på det" hadde vore fint.

Byrjar så smått å bli utålmodig no. MF har ordna med lånebil, heilt greit det, men den heilt nye bilen som eg har kjøpt fungerar fortsatt ikkje, og no har dei hatt bilen på verkstad sidan mandag...

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA