Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Kruttbil

#16
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
søndag 07. mars 2021, klokken 14:38
Det kunne eg gjerne også hatt innblikk i :0

Også om det er stor forskjell i prisen på bilforsikring mellom t.d. ein Kia og ein Volkswagen, som er ein større bil. Jamt over synst eg (som aldri har eigd bil før) at det er veldig vanskeleg å få oversikt over og lage eit "budsjett" over potensielle driftsutgifter på forskjellige biltypar.
#17
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
søndag 07. mars 2021, klokken 10:20
Takk!

Vi har nyleg prøvd e-niro, og med eitt sete framme og to seter bak går det så vidt, men det er rimeleg ukomfortabelt å trekke det kortaste strået om kven som skal sitte i midten bak på langtur 😂 Då hadde vi ein stol i isofix og ein beltefesta, så med beltefesta på førstnemnde kan det kanskje bli litt betre. Men Niro er uansett ein god kandidat, gitt at vi uansett må kompromisse på komforten til oss vaksne.

ID4 gjev så vidt eg kan skjøne ca fem cm meir plass mellom dørene (både oppe i skulderhøgd og nede i høftehøgd). Det er fem små, men verdifulle cm. Men det er mange tusenlappar å legge ut per cm! 🙄 Til gjengjeld får vi ein penare og nyare nybil, men det er jo formelt sett ikkje på prioriteringslista 😉

Eg kjenner ikkje breidda i Enyaq. Skulle ønske det var eit standardmål som blei lagt ut på alle bilar..
#18
Skoda ENYAQ / Sv: Bredest baksete? ID4 eller Enyaq?
søndag 07. mars 2021, klokken 05:48
Gjort! 😏
#19
Skoda ENYAQ / Sv: Bredest baksete? ID4 eller Enyaq?
lørdag 06. mars 2021, klokken 20:05
Looks promising! Thanks!
#20
Skoda ENYAQ / Bredest baksete? ID4 eller Enyaq?
lørdag 06. mars 2021, klokken 18:16
Hvilken av ID4 eller Enyaq er det lettest å tvinge tre barnestoler inn i?
#21
ID.4 / Bredest baksete? ID4 eller Enyaq?
lørdag 06. mars 2021, klokken 18:15
Hvilken av ID4 eller Enyaq er det lettest å tvinge tre barnestoler inn i?
#22
ID.4 / Sv: Bredde på baksete??
lørdag 06. mars 2021, klokken 18:11
Heisann!

Dette er ein gammal tråd, men eg skulle gjerne sett ei oppfølging på spm om kva for barnestol som er i bruk ved tre barn bak i td ID4!

Og til Plataris: kvifor gjekk de for ID4 heller enn Enyaq dersom baksetet i Enyaq er breiare? 🤔 Eg sirklar veldig på ein av desse to no.
#23
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
lørdag 06. mars 2021, klokken 11:29
Eg noterer meg brukt Model S. Det ser ut som eit veldig godt alternativ, men eg siktar meg inn på lengst mogleg garantitid gitt at tre barn medfører nok vedlikehald berre i seg sjølve. 😉 Som nybil er den langt utanfor budsjettet, så brukt er einaste alternativ der.
#24
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
lørdag 06. mars 2021, klokken 00:01
Takk for info! Hausten er dessverre for lenge å vente for oss.

På tilbakemeldingane her så langt kan det verke som om vi ikkje er heilt på villspor! Vi har prøvd ut Niro no, og ser at den er i minste laget for ein trebarnsfamilie på tur, også med vårt kompromissviljenivå. Problemet er som vanleg at baksetet er alt for smalt både for tre barnestolar og for at ein vaksen kan sitte relativt komfortabelt mellom to seter. Dette visste eg for så vidt, men det blei endå trongare enn eg hadde tenkt det skulle bli.

Eg må sjå på ID4/Enyaq og ta mål, men eg fryktar at også dei er for smale, så eg har ikkje avskrive Niro endå. Rart at det ikkje skal produserast elbilar med plass i baksetet (i kombinasjon med anstendig rekkevidde og pris. Eg kan kanskje vedgå at eg er litt kravstor).
#25
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
fredag 05. mars 2021, klokken 11:45
😂 Ranten kjenner eg meg heilt utruleg godt igjen i! Tenk om vi kunne fått tre separate seter bak i ein anstendig elbil til halvmillionen? 🤔 Men den bilen finst ikkje, så då må det prioriterast! 😉

Takk for erfaringsdeling ang overgang frå Niro til Enyaq. Av årsakene mora di legg til grunn er det berre ein som overlappar med våre prioriteringar (sidan lett-tilhengarfeste er tilgjengeleg på 2021-modellen av Niro): Plass. Og det er jo ganske sentralt.

Er det framleis "tunell" på golvet framfor midtsetet bak i Niro? Den er vel vekke på Enyaq /Skoda, og det kan vere vesentleg mtp at eg fort blir parkert mellom to breie barneseter når mor skal køyre langtur 🙄
#26
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
fredag 05. mars 2021, klokken 11:04
Det stemmer at tre barneseter vil vere ein sentral del av livet vårt i lang tid framover. Ideelt sett må desse kunne klemmast saman i baksetet, men vi vaksne må vel berre akseptere at det er vi som må flekse på komforten når det gjeld plass. Tre seter bak i bil er heilt forunderleg vanskeleg, så det er openbart at Erna er ganske åleine i marknaden om å meine at trebarnsfamilien er vegen å gå ;)

Takk for tipset om Model S! Vi har vel allereie resignert til at det uansett blir trangt i bilen, og det blir det vel også med Model S, så vidt eg forstår. Den har vel ikkje særleg mykje breiare baksete enn Enyaq/ID.4 (men eg har gått meg vill i tal, så kanskje eg hugsar feil)? Eg er uansett litt tilbakehalden med å kjøpe ein bruktbil til oppunder ein halv million når det samtidig er mogleg å få nye bilar med full garantitid til omtrent den same summen.

I går var eg i Niro-bobla, men i dag er det heilt klart ID.4/Enyaq som verkar mest praktisk sidan leveringstida er betre enn eg trudde og desse kan by på vesentleg betre plass både i baksete og bagasjerom.
#27
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
fredag 05. mars 2021, klokken 10:07
Tusen takk for erfaringsdeling!  Stort baksete står svært sentralt for oss, og hengarfeste får vi vel med på 2021-modellen. Vi skal ikkje trekke noko tungt, men kan nok få behov for eit sykkelstativ, og då vil e-niro sin krok vere god nok.  Vi skal prøve e-niro no til helga, så det blir spennande å sjå!

Ioniq 5 er notert! Eg må gjerne høyre med forhandlar om kor tid dei kan levere, men har vel avskrive den pga leveringstid sodan det i første rekke ser ut til å vere dei 3000 heldig utvalde som får den før sommaren.

Eg forstår det også slik at ID.4 og Enyaq er tilgjengeleg allereie før sommaren for oss som ikkje oppfattar firehjulstrekk som noko krav. Det endrar vesentleg på prioriteringa sidan desse er ein god del større enn Niro, men kan vise til lik rekkevidde.

Kan nokon forklare meg eventuelle fordeler og ulemper med forhjulstrekk (Niro) vs bakhjulstrekk (Skoda /Vw)? Eg har ei vag erindring av at forhjulstrekk var eit problem i bratte bakkar på vinterføre i hine hårde dager?
#28
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
fredag 05. mars 2021, klokken 07:31
Eg er einig i at Enyaq /ID4 tilsynelatande dekker behova våre godt. Men sjølv om eg ikkje treng firehjulsdrift kjenner eg at det sit langt inne å ikkje kjøpe den største motorstørrelsen (80) når eg først blir stilt overfor valget. 😂 

Og så er det jo eit spørsmål om leveringstid. Så vidt eg forstår kjem ikkje Enyaq før i desember dersom eg bestiller den no. Kanskje litt kortare leveringstid for ID4, som også verkar å vere pittelitt snillare prisa?
#29
Kjøpe elbil? / Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
torsdag 04. mars 2021, klokken 20:20

Heisann!

Vi treng bil før vårt tredje barn kjem til verda i august. Til no har vi klart oss med Bildeleringen og sykkel, så bilkjøp er heilt nytt for oss. Eg fryktar vi har sett oss blinde på Kia e-Niro, og treng at nokon anten snakkar oss frå det eller bekreftar at vi er inne på riktig spor.


BEHOV

  • BRUKARAR: To vaksne og tre barn i alder 0, 2, 4. Gjerne tre barnestolar i baksetet.
  • BRUKSOMRÅDE: Barnehagelevering i by + ein månadleg langtur på 200 km + ein-to årlege turar på 500 km. Helst ikkje under ca 450 km rekkevidde? Einaste bil i familien.
  • PRIORITET: Type kjedeleg! Trafikksikker, driftssikker, praktisk. Dersom den er gøyal å køyre og fin å sjå på er det ein etterlengta bonus.
  • BUDSJETT: Sluttsum godt under 600 000. Helst så lite som mogleg, men heller høg prislapp for kvalitet enn å lide i åresvis :o Difor tenkjer vi primært nybil med lang garantitid og forhåpentlegvis problemfritt bilhald i nokre år.
  • TIDSRAMME: Minsten kjem i august, og det vil gje oss langt betre ting å drive med enn bilkjøp, så eg vil helst ha bilen før sommaren :p


DESSE BILANE ER VURDERT

  • Kia e-Niro: Ser ut som det beste alternativet i skrivande stund, særleg mtp forholdet mellom pris, størrelse og rekkevidde. Men eg fryktar at bilen vil kjennest litt gammal når det no dukkar opp så mykje nytt og spennande i 2021.

  • VW ID.4 / Skoda Enyaq. Usikker leveringstid er kanskje ei ulempe. Men desse ser veldig flotte ut (særleg Enyaq)! Større bilar er ein stor fordel for vårt behov (men er det eigentleg betre plass til barnestolar i bakseta her enn i e-Niro?)

  • Diverse seks-sjusetarar: Dei har anten for høg pris (Tesla) eller for kort rekkevidde (Nissan, Peugeot, Opel, Citroen, Maxus). Vi treng uansett ikkje meir enn fem seter, berre meir plass. Vi prøvekøyrde Maxus Euniq for nokre helger tilbake og var ganske skuffa.

Eg vil vere utruleg takknemleg for gode innspel på kva vi bør gjere! Er e-Niro allereie for gammal til at vi bør kjøpe den no, mtp nyare konkurrentar som ID.4 og Enyaq?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA