Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Kruttbil

#1
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
mandag 03. mai 2021, klokken 22:57
Sitat fra: Ronnieu på torsdag 29. april 2021, klokken 17:52
Vurderte dere ikke Opel Zafira e-life? Usikker på leveringstid og rekkevidden er jo ikke den legste, med med en eller to langturer i året gjør det jo ikke noe med en ladestopp langs veien.
Synes dette virker som en veldig grei familebil, og kommer nok til å bli vurdert her, når jeg en gang akal bytte ut caravellen.
Prismessig ser det ut for at den er mulig å få til godt under 600k

Sjølv om det er få langturar vil eg helst at dei langturane skal vere relativt smidige når eg skal handtere tre barn og ein god del bagasje. Langtur skjer jo vel så gjerne midt på vinteren som på sommaren, og då vil ei relativt kort rekkevidde vere veldig mykje kortare. Vi avskreiv difor ganske kjapt alle fleirsetarar som hadde for kort rekkevidde. Dette var både Maxus, Nissan, Peugeot, Citroën - og Opel sine fleirsetarar. Den einaste av desse vi vurderte aktivt var Maxus, men det tok ikkje meir enn ein dags prøvekøyring å avskrive den.

Eg hadde ikkje sett pris på å køyre ein fullasta Opel Zafira på langtur midt på vinteren for å feire jul i ein annan landsdel. Det hadde blitt langt fleire kalde ladestopp enn verken ungane eller eg hadde hatt behov for, fryktar eg. Eg trur eg hadde følt meg ganske begrensa av rekkevidda.

Men utover rekkevidde ser det ut som veldig fine bilar! Særleg lot eg meg friste av dei modulære seta/borda i Peugeot-modellen av denne (det er kanskje tilsvarande i Opelen). Hadde den gått eit par hundre WLTP-estimerte kilometer lengre kunne den vore midt i blinken for oss dersom den også låg an til å få gode NCAP-resultat. Men totalpakken blir ganske dårleg på grunn av den korte rekkevidda.

#2
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
mandag 03. mai 2021, klokken 22:23
Sitat fra: Espen med elbil i tankene på søndag 02. mai 2021, klokken 21:58
Sitat fra: Kruttbil på fredag 05. mars 2021, klokken 07:31
kjem ikkje Enyaq før i desember dersom eg bestiller den no.

Dersom du ser på kravlista di, og holder deg til den, så kan jeg fortelle deg at Møller Bil Storhamar har Enyaq som du kan kjøpe og få med deg hjem i løpet av uka.

Ting endrar seg frå primo mars til primo mai! Men ID.4 er allereie bestilt og snart i hende. Eg måtte nok også sett gjennom kva for tilleggspakkar ein bil ståande hos Møller har. I forhold til kravlista mi er det ingenting som skil ID.4 frå Enyaq. ID.4 har litt lågare totalpris for den totalpakken vi endte opp med pga billegare tilleggsutstyr og også kortare leveringstid på det tidspunktet vi bestilte. Eg ser fram til å kruse rundt i den i sommar :)
#3
ID.4 / Sv: Ryggekamera
fredag 23. april 2021, klokken 09:23
Godt å høyre! Eg har berre prøvekøyrt, og vart forundra over kor dårleg ryggekameraet fungerte i mørkret. Håpar lysinnstillingar kan fikse på det.
#4
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
tirsdag 20. april 2021, klokken 17:29
Tusen takk for gode råd og erfaringsdeling her i denne tråden!

Vi har gått for ID.4. Det stod mellom den og Enyaq. Dei har nær identisk baksetebreidde, men du får meir for pengane på ID4. Av dei to ville eg nok valt Enyaq om det ikkje var for pris.

Ulempen vår er at vi må ha bil før sommaren. Vi hadde gjerne venta litt om vi kunne. Det kjem stadig store bilar på marknaden, så eg fryktar at neste år kjem dei bilane vi eigentleg vil ha. Førebels er det ingen lanserte eller kommande bilar som ser ut til å både treffe budsjett og størrelseskrava våre. Det beste kompromisset er ID4/Enyaq som er både relativt rimelege og har stor plass. Men vi vil nok måtte jobbe ein del for å få plass til heile familien på ein komfortabel måte på langtur.
#5
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
mandag 05. april 2021, klokken 21:38
Takk for erfaringsdeling!
#6
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
tirsdag 30. mars 2021, klokken 09:17
Sitat fra: vinterdekk på onsdag 24. mars 2021, klokken 18:10
MG5 er vel også en potensiell familiefrakter til rimeligere penge. Dog, man må leve med at ikke alle vil merke at du har ny bil. Og det tar mange måneder før spesifikasjonene er spikret og bilen blir testkjørt av noen uavhengige. https://mgmotor.eu/nn-NO/model/mg5

MG5 verkar som ein fin bil. Eg har ingen behov for at nokon skal merke at bilen er flott og ny, kanskje heller det motsette om noko. For vår del kan vi uansett ikkje vente og sjå kva MG5 blir til. Men den har etter alt å dømme også litt for kort rekkevidde, dessverre. I tillegg har eg blitt veldig skeptisk til SAIC (produsenten av m.a. MG) etter å ha prøvd ut Maxus Euniq, som skuffa på alle punkt og dessutan ser ut til å vere dumpa i marknaden utan å vere ferdig utvikla. Når den første erfaringa mi med ein ukjent produsent er så dårleg blir eg lite lysten på å handle med dei før dei har vist at dei kan stille med produkt som fungerer slik det blir marknadsført.

Denne notisen i TU oppsummerer vel det meste vi veit om MG5 akkurat no:

https://www.tu.no/artikler/mg-lanserer-to-nye-elbiler-for-norge/508018

Den har absolutt potensiale!
#7
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
onsdag 24. mars 2021, klokken 09:42
Sitat fra: Ebe på onsdag 24. mars 2021, klokken 09:07
Vi selger nå vår E-NV200 og går tilbake til Peugeot 5008 bensin, mye pga det du nevner her. Bilene som klarer tre barn går for kort og ladestyr blir et reelt problem. Bilene som går langt har ikke plass til tre barn.

Og du kan jo bare glede deg til om to år, når du har to barn i forovervendte bilstoler. Da får du ikke plass til noen verdens ting i skulderhøyde. Eneste muligheten da er å ha bakovervendt i midten og de to forovervendte på sidene. Da må gulvet i midten være flatt og du må sannsynligvis ha seter som kan monteres uten isofix.

Med E-NV200 vil eg tru at lading blir eit heilt reelt problem, ja. Fordelen med dei bilmodellane vi har i sikte i skrivande stund (ID.4, Enyaq og e-Niro) er at dei alle har flatt golv i midten bak (no blei eg litt usikker på niro, men eg trur den også har det). Isofix er nok ei gløymesak, ja.
#8
ID. Buzz / Sv: ID Buzz i media
torsdag 18. mars 2021, klokken 19:58
Sitat fra: batterimannen på søndag 14. mars 2021, klokken 08:40
Buzz 2WD antatt levering fra sommer 2022. AWD fra 2024:
https://motor.no/elbil/retrobussen-pa-veien-neste-sommer/193489

Stoler ikke helt på fra-pris... vet ikke om det er fra VW eller om de har funnet det et annet sted?

Det ville vore ei skikkeleg prisbombe om frå-prisen blir så lav, ja.
#9
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
onsdag 17. mars 2021, klokken 15:05
Sitat fra: syklisten på onsdag 17. mars 2021, klokken 11:35
Sitat fra: Kruttbil på onsdag 17. mars 2021, klokken 10:25

Kunne vi venta til 2022 hadde retrobomba VW Buzz løyst alle våre problem med innstegspris på 400 000, 500 km rekkevidde og surfebrett på taket ;) Det vi treng er ein heilt normal og kjip fleirbruksbil/MPV som kan rulle og gå i mil etter mil, og det finst per i dag ikkje i elbilform.

Hvis den løser alle dine problem, og innstegsprisen faktisk blir kun 400k - da hadde jeg kjøpt en stor fossilbil som ventepølse.

Det er vel høgst usikre spesifikasjonar endå, vil eg tru.
#10
Easybase ser ut til å ligge ganske tett inntil bagasjeluka. Er det i det heile tatt mogleg å opne bagasjeluka mens den er festa på?
#11
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
onsdag 17. mars 2021, klokken 10:25
Heisann!

Takk for innspel! Budsjettet er spikra og urokkeleg, slik budsjett helst skal vere :)

Plassproblemet for trebarnsfamiliar med barnestolar til alle tre er hovudsakleg breidda baksetet (frå dør til dør), ikkje den generelle størrelsen på bilen, lengda mellom framsete og baksete eller bagasjeromsstørrelsen. Vi kan fint spare på bagasjeplassen ved å reise utan barnevogn og alskens utstyr, men det er vanskeleg å finne bilar med stor nok breidde til tre seter i baksetet (slik t.d. fossilbilane Ford S-max og VW Touran har). Dette problemet gjeld også for bilane i høgare budsjettklassar, som Audi, Jaguar og Tesla (med unnatak av X, som har ei ekstra seterad å bidra med). Med eit spedbarn må vi nok også forvente å ha ein forelder i baksetet i lang tid, med ein unge framme og to ungar bak. Difor er det eit mål å gjere det minst mogleg kjipt og trafikkusikkert å vere den foreldren som må tvinge seg inn mellom barnestolane.

Ad forskjellen mellom ID.4 og Enyaq har eg inntrykk av at sistnemnde har pittelitt breiare baksete, men eg har endå ikkje komme meg til ein utstillingsbil for å få stadfesta dette.

Målt frå dør til dør er Kia e-niro 131 cm i både skulder og hoftehøgde (ved bruk av isofix, som nok er ei gløymesak for vår del, er det 36 cm mellom dei inste festepunkta).

VW ID.4 er 137 cm i skulderhøgd og 136 cm i hoftehøgd (og her er det 41 cm mellom dei inste isofix-festepunkta: Ingen melder seg frivillig til å sitte der heller ;)).

Så dersom Skoda Enyaq har berre ein cm eller to ekstra er det nok til å vippe vektskåla for vår del.  :P

Vi har vel i prakisk fått oversikt over det som finst i marknaden innanfor dei kriteria vi har sett oss ut. Det er berre Model X som er eit reelt alternativ, men det medfører anten massiv budsjettsprekk (pengar vi ikkje har) eller bil utan nybilgaranti.

Kunne vi venta til 2022 hadde retrobomba VW Buzz løyst alle våre problem med innstegspris på 400 000, 500 km rekkevidde og surfebrett på taket ;) Det vi treng er ein heilt normal og kjip fleirbruksbil/MPV som kan rulle og gå i mil etter mil, og det finst per i dag ikkje i elbilform.
#12
Kjøpe elbil? / Sv: Pendlerbil - nyutdannet
søndag 07. mars 2021, klokken 22:33
Sitat fra: Emblem på søndag 07. mars 2021, klokken 21:11

Jeg har alltid vært noe skeptisk til Hyundai, noe som antageligvis stammer fra tiden jeg tok førerkortet i en i40. Dog har jeg inntrykk av at det er såpass mange elbiler fra Hyundai på veiene, at skepsisen min antageligvis bare er tull.


Kia e-Niro er vel så vidt eg forstår omlag same bilen som Hyundai Kona, berre litt større (her må nokon med betre innsikt korrigere meg), og e-Niro er i alle fall ganske populær blandt sine noverande eigarar. Verdt å vurdere. Nybil er like over 400 000, men som bruktbil får du den vel godt under - og Kia har 7-års nybilgaranti, som vil gjere bruktbilkjøp meir aktuelt.

Eg får legge til at eg nok ikkje eigentleg har peiling på bil og at svarar berre fordi eg sjølv er på utkik etter bil og har notert meg denne ;)
#13
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
søndag 07. mars 2021, klokken 16:20
Verditap er også eit heilt eige budsjett.. :o Lån og renter har vi relativt god kontroll på, heldigvis.
#14
Kjøpe elbil? / Sv: Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
søndag 07. mars 2021, klokken 15:58
Her kom det mange gode poeng som eg ikkje har tenkt på. Av Enyaq-modellane har eg landa på at eg må ha minst iv80 (ikkje X, treng ikkje firehjuls) for rekkevidda sin del. Tilsvarande for ID.4, der sannsynlegvis Family-modellen passar best (får verken komfort+ eller trafikkstøtte+, men dei pakkane inneheld for det meste "kjekt-å-ha"). Prisen ligg dimed og vakar på halvmillionen utan at eg har putta inn noko særleg fancy utstyr :/ (alt etter definisjonen av fancy).


Ang. budsjettering av driftskostnader noterer eg meg:
- Service (dette er vel ein fast sum og faste intervall, vil variere mellom bilprodusentane)
- Bytte av bremseskiver (vanskeleg å føreseie kor ofte, men blir vel uansett likt uavhengig av kva bil eg kjøper)
- Forsikring (det er umogleg å samanlikne prisar, sidan desse blir sette individuelt, men jf. denne artikkelen er nokre modellar i gjennomsnitt dyrare å forsikre enn andre. Enyaq og Kia e-Niro er nemnt, men ikkje ID.4)
- Ad. dagleg drift (straum) får vi berre seie at det går på eit anna budsjett :)
#15
ID.4 / Sv: Bredde på baksete??
søndag 07. mars 2021, klokken 14:44
Sitat fra: plataris på søndag 07. mars 2021, klokken 07:39
Ingen har vel fått bilen ennå, men satser på at jeg finner en løsning når vi får bilen. Fortsatt mye bedre plass enn Leaf, så håper det skal gå bra. Hvis det ikke går har jeg tabbet meg ut, da er det to valg i så fall; model x eller fossil.

Valgte id4 foran enyaq av kun én grunn: pris. Ellers syntes jeg enyaq var finere, men jeg er utpreget pragmatisk, så det betydde ikke så mye til slutt.

Då gjer vi ganske like vurderingar av forskjellen på dei to i skrivande stund. Takk for svar!

Ang. bilstolar finst det vel ekstra smale typar også (m.a. ein beltestol frå Volvo), men får du plass i Leaf, får du vel også plass i ID.4.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA