Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Holraven

#46
TMX Hjul, dekk og felg. / Sv: 20" Pirelli Scorpion Winter
tirsdag 30. januar 2018, klokken 14:53
Ikkje personleg erfaring, men Pirelli sine dekk er ikkje generelt sett ikkje så gode under nordiske forhold som Nokian - som jamnt over får pallplass i norske vinterdekktestar.

NAF-test frå 2016 for vanlege bilar, Hakkapeliitta R2 på andre plass blant piggfrie degg, med ein annan Pirelli-modell (Ice Zero FR) lengre ned i lista: https://www.motor.no/tester/dekktester/test-av-piggdekk-og-piggfrie-vinterdekk-2016/

NAF-test frå 2016 for SUV, utan Pirelli men med Hakkapeliitta R2 SUV på tredje plass: https://www.motor.no/tester/dekktester/motor-test-av-pigg-og-piggfire-vinterdekk-til-suv-2016/
#47
Model X 2014 - 2022 / Sv: Bytte til Model X fra Ford S-max?
torsdag 25. januar 2018, klokken 11:07
Sitat fra: Mabe på tirsdag 23. januar 2018, klokken 14:06
Vi er i ferd med å vokse ut av Forden, og trenger derfor en større sju-seter. Vi trenger plass til to voksne og fire barn.

Spørsmålet her er eigentleg kor mykje bagasje du tenkjer å frakte saman med fire born. Viss de skal på familietur har ein seksseter litt plass mellom setene på andre rad og ein smule bak tredje rad, men det er ikkje rom for mange store kolli. Ein sju-seter kan på den andre sida ha eit tredjeradssete nedfelt, men det blir heller ikkje rare plassen. Som kjent er takboks ikkje ein stor suXess, men hengarfesteboks kan sjølvsagt leggjast til.

Viss de skal ein tur på hytta eller liknande tenkjer eg at "frunken" går med til helgehandelen, så alt av annan bagasje må inni bilen - eller på hengarfestet. Det er her skoen trykkjer - ikkje i seteplassen. Bilen er ein ålreit seks-/sjuseter, men bagasjeplassen kan ikkje samanliknast med ein kassebil - ikkje minst grunna den skrå bakruta og mangel på lastsikring...

Eg ville påstå at sjuseteren er meir praktisk enn seksseteren, sjølv om sistnemnte kanskje kan vera meir behageleg for dei bakerste passasjerane i det daglege. På langturar er sannsynlegvis "beinplassen" mellom setene på andre rad uansett fylt med bagasje, så då forsvinn den fordelen.
#48
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
onsdag 24. januar 2018, klokken 12:27
Sitat fra: mrdain på tirsdag 23. januar 2018, klokken 23:31
Det gikk båter fra Baltimore både 21. Og 22., så bilene til dere som har fått tilburg-status nå er antakeligvis på vei..

Ikkje nødvendigvis. Eg fekk sjølv "Tilburg" medan bilen venta på opphenting i Freemont, og det er tross alt over 4.500 km til havna i Baltimore - eller 41 timar utan stopp, trafikk ikkje medrekna. Det kan vera at godstog går kjappare, men eg ville nok rekne minimum 2-3 dagar, realistisk sett 4-5 dagar på transport.

På den positive sida, takk og lov at bilane våre ikkje blir frakta på tvers av kontinentet med Tesla Semi - då hadde tatt endå lenger tid!  :laugh:
#49
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
onsdag 24. januar 2018, klokken 12:06
Sitat fra: Sidewinder på onsdag 24. januar 2018, klokken 11:25
Di sier at selv Norske biler blir gjort noe med i Nederland?

Som gr skriv blir bilar til Norge og Sveits ferdigstilte i USA, og grunnen er enkel; EØS. Bilar som skal til EU blir importert som "delar" og ferdigstilte i Tilburg, Nederland. Dermed er bilen "produsert" i EU og slepp ekstra avgifter. EØS-landa har ikkje same reglar, og derfor er det ikkje noko å spare på meirarbeidet med de- og remontering. Bilane går derfor bare til Belgia og blir vidaresendt derifrå.
#50
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
tirsdag 23. januar 2018, klokken 11:28
Sitat fra: Quiste1 på tirsdag 23. januar 2018, klokken 10:39
Min har vært lastet på båt i 5 dager. Så kom plutselig Tilburg-status.....  >:(

Det er bare EU-bilar som går via Tilburg for montering, det er nok her feilen ligg i systemet. Norske bilar kjem kun via Zeebrugge og vidare til Drammen, ferdig montert. Ser det som sannsynleg at bilane blir med Tonsberg frå Baltimore 4. februar, framme i Europa ti dagar seinare. Så gjeng det ytterlegare nokre dagar før bilane sannsynlegvis er på norsk jord mot slutten av februar. Utlevering kan då ta til frå månadsskiftet, skulle ein tru.
#51
Model X 2014 - 2022 / Sv: FWD åpnet seg i fart
mandag 22. januar 2018, klokken 09:33
Det at vedkomande har "flere kjente som har akkurat samme problem" utan at dette har blitt ein større sak allereie er litt smårart. Vidare er sitatet «Det blir ikke tilført nok væske i den sonen som er rett foran sjåfør. Resultatet av dette er at sjåførens sikt blir vesentlig redusert og såpass mye at jeg vurderer bilen som direkte trafikkfarlig.» så overdramatisert at fyren mistar all truverdigskap. Spylarane på min tidlegare Mazda 2 var heller ikkje særskild imponerande, men det har aldri falt meg inn å skrive åtvaring til Vegvesenet om dette...

På tradisjonelle bilar kan ein ofte sjølv regulere retninga på stråla til spylarane. Er dette mogeleg på Tesla-spylarane?
#52
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
mandag 22. januar 2018, klokken 07:41
Sitat fra: Megleren på søndag 21. januar 2018, klokken 19:22
Da har jeg også fått opp "Beregnet leveringstid" som visse andre også har. Hadde ikke denne linja før. Levering ser ut til å bli forsinket (som jeg fryktet). Mars levering er blitt til sent mars- April.

Eg har fått det same, men i dag gjekk også bilen over til "i transitt fra Freemont-fabrikken vår til havnen i USA". Woop woop!
#53
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
onsdag 17. januar 2018, klokken 08:52
Sitat fra: Li-Ion på tirsdag 16. januar 2018, klokken 14:52
Så bra :) Når bestilte du og når fikk du VIN m/status "I produksjon" ?

9. desember.
#54
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
tirsdag 16. januar 2018, klokken 11:27
Ringte og fekk oppdatert info frå levering just nu, og sleden vår går i fysisk produksjon neste veke med planlagt levering i mars. Med andre ord sklir leveringa ei veke eller to i forhold til det me håpa, men samtidig var "mars" det me blei fortalt ved bestilling også. Og venting er jo alltid morosamt. Kjempemorosamt.
#55
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
fredag 05. januar 2018, klokken 09:14
Ringte levering i dag, min bil er forventa ferdig 22. januar med levering i månadsskiftet februar/mars. Innanfor tidsplanen, m.a.o.
#56
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
onsdag 20. desember 2017, klokken 13:40
Sitat fra: Sidewinder på onsdag 20. desember 2017, klokken 02:16
Ser at mange som bestilte denne dagen har fått utlevert sin bil allerede. Delivery kommer med irriterende politiske svar.

Ser din frustrasjon, og deler din mangel på tolmod... Men når det er sagt, så har me kanskje også høge forventningar? Ein klassisk bilbestilling har verken innloggingsside eller annan løpande informasjon, så det at me faktisk får eit lite innblikk i bestillingsprosessen er allereie eit stort steg framover. Klart forbetringspotensiale, men det går i det minste rett veg.

Og angåande ventetid; ein dørgende kjedeleg eGolf har nå fort 18 månaders leveringstid, 4 månadar for ein mykje artigare bil blir straks litt mindre. Det er au lett å gløyme at bilen faktisk ikkje finst endå, den skal setjast saman av tusenvis av komponentar. Det at min bil har fått VIN og er i "(før-)produksjon" handlar kanskje om at dei naudsynte delane er venta inn til fabrikken i romjoli, medan din bil kanskje har eit tilleggsval som gjer at alle delar ikkje er på lager før 10. januar – og dermed havnar du litt bak i køen, sjølv om du bestilte før. Eg er heilt einig i at "first come, first served" er ein fint prinsipp, men eg ser at det faktisk må vike for at samlebåndet skal halde farten oppe.

Når det er sagt, er eg alt anna enn imponert over min salsagent. Viss det blir Tesla ved neste bilkjøp blir Skøyen nedprioritert. Utlevering er derimot imøtekomande på telefon, e-post har eg unngått basert på tidlegare trådar. Ser at Tesla-systemet er stort og rigid, i sterk kontrast til fleksible ordningar som me er vande til her heime – men Tesla sine tilsette i Norge er heller ikkje gode nok til å fylgje opp via dei kanalar som er tilgjengelege. Ein får håpe at Tesla på sikt opnar for meir lokal kontroll og innsikt, og samtidig effektiviserer både bestilling, produksjon og logistikk.

Enn så lengje er det bare å le når ein fyller opp bensin-/dieseltanken, smile til kameraet i bomringen og humre for seg sjølv når ein betalar parkering. Det kjem snart nye tider.
#57
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
tirsdag 19. desember 2017, klokken 16:07
Sitat fra: Galleren på tirsdag 19. desember 2017, klokken 10:46
Så, de som har fått bekreftet bestilling ila November, hva slags konfigurasjoner har dere?

X75D, raud, svart skinn/karbonfiber, 5 seter og AP2.
#58
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
mandag 18. desember 2017, klokken 14:16
Sitat fra: Galleren på mandag 18. desember 2017, klokken 12:58
Sånn ut av egen nysgjerrighet, når bestilte du bilen?

Tolkar frå signaturen din at bilen din eigentleg burde ha vore "i produksjon" også. Eg bestilte 15. november med stadfesting 22. november, og fekk VIN og "i produksjon" på MyTesla 9. desember. Delivery oppgjev dette som "førproduksjon", med forventa ferdigstilling i starten til midten av januar – reknar då med at reell produksjon tek til i romjoli eller rett over nyttår. Frå ferdigstilling tek det 6-8 veker til levering, så månadsskiftet februar/mars er tidlegaste sannsynlege dato.
#59
Bestilling og levering / Sv: Levering februar - mars 2018
mandag 11. desember 2017, klokken 10:50
Ringte utlevering, og min bil er i "preproduksjon" nå. Sannsynlegvis ferdig tidleg januar, men Europa-transporten var ikkje heilt spikra endå. Meir info neste år...
#60
Model X 2014 - 2022 / Sv: Realistisk rekkevidde X75D
lørdag 09. desember 2017, klokken 21:12
Sitat fra: spirrevipp på lørdag 09. desember 2017, klokken 11:21
Sitat fra: DagfinnN på lørdag 09. desember 2017, klokken 10:39
Jeg konstaterer at 75 eierne er veldig opptatt av å forsvare sitt valg av batteristørrelse.

Jeg konstaterer at du gjør akkurat det samme.  ;D

Ooh smack!  :+1:

Sjølv bur eg på bygda, vekependlar til Oslo (16 mil) og må dra på stor skåphengar titt og ofte. Kan likevel ikkje med min økonomi forsvare prisforskjellen for X100D. Det handlar om planlegging og å ikkje gjera ting vanskelegare enn det er. Viss rekkevidde var alfa og omega hadde eg halde fram med dieselbil...

Og; viss ein skal kjøre meir enn 20 mil kan det vera heilt OK med ei tissepause og ein matbit - aka superladar...
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA