Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Einride

#151
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Nye Hurtigladere Heiane Stord
fredag 26. juni 2015, klokken 18:47
Har ikkje gått i det området på år og dag, og i alle fall ikkje sidan McDonalds dukka opp der. Men det er jo laga til gangveg som går over vegen på same brua som bilvegen går over? Det blir rett nok nokre hundre meter å gå til Heiane Senter, til dømes, men skal vere fullt mogleg å gå utan å måtte krysse hovudvegen  :)

Street View av vegbrua med gang-/sykkelsti: https://goo.gl/maps/fBhE9
#152
e-Golf / Sv: Priser service e-Golf
fredag 26. juni 2015, klokken 18:37
Eg tok service hos Sande Auto Drotningsvik (Bergen), same plass eg kjøpte bilen. Dette var riktig nok første års service. Håpar verkeleg ikkje at prisen vil vere over 5000 kr på neste service, men skal sjekke litt rundt før den tid.
#153
Zoe / Sv: Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
fredag 26. juni 2015, klokken 18:33
Ringte MF Bergen igjen i dag formiddag, og fekk då telefonnummeret til ein på teknisk hos RBI Norge i Oslo og vart bedt om å ringe han for å forklare kor eg prøvde å lade første gangen og kva som skjedde i detalj.

Ringte han og forklarte kor eg lada, kva feilmeldingar eg fekk og også dei andre plassane eg prøvde å lade.

Har ikkje høyrt noko meir etter det, og når eg kontakta MF Bergen igjen i ettermiddag hadde dei egentlig ingenting nytt å komme med. Fekk riktignok ikkje snakka direkte med teknikar/mekanikar, men noko litt meir enn "dei ser fortsatt på det" hadde vore fint.

Byrjar så smått å bli utålmodig no. MF har ordna med lånebil, heilt greit det, men den heilt nye bilen som eg har kjøpt fungerar fortsatt ikkje, og no har dei hatt bilen på verkstad sidan mandag...
#154
e-Golf / Sv: Priser service e-Golf
torsdag 25. juni 2015, klokken 19:29
Sitat fra: gamer73 på onsdag 03. juni 2015, klokken 09:33
Min første service på min nye mazda var på minst 5000kr mener jeg å huske...og det var etter bare ett år

5000?! Eg betalte 3300 kr for service på min 2013 Mazda 6 i vinter og då skifta dei til vinterdekk for meg òg.
#155
Zoe / Sv: ZOE puster Tesla i nakken.
torsdag 25. juni 2015, klokken 07:04
Spansken min er litt rusten (les: ikkje-eksisterande), så vanskelig ut i frå Google Translate å tolke heilt kva dei meiner.

Meinar dei at eksisterande Zoe (og sikkert andre bilar i ZE-serien til Renault) vil få muligheten for oppgradering av batteripakke? Eller er det berre at nyare generasjonar av dei bilane vil få 30-40% lenger rekkevidde innan 2020?

Sistnevnte er vel ingen sensasjonell nyhet? Dei aller fleste produsentar av elbil i dag har vel ein langsiktig plan som involverer større batteri og lenger rekkevidde på seinare modellar.

40% større kapasitet i forhold til dagens Zoe vil berre bety omlag 30 kW tilgjengelig kapasitet (faktisk kapasitet blir vel rundt 33-34 kW). Det er jo framleis langt unna eksisterande Tesla modellar, og i 2020 er nok Tesla sine batteripakkar blitt større også.
#156
Zoe / Sv: Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
torsdag 25. juni 2015, klokken 06:52
Sitat fra: hsa77 på torsdag 25. juni 2015, klokken 00:22
Merkelig at de ikke har klart å i det minste lokalisere feilen. De har kanskje ikke hatt så mange ZOE inne at det meste er nytt for dem, men de bør vel ha noen eksperter hos Renault de kan kontakte når de tilsynelatende ikke har peiling?

Ja, snakka med selgar i går kveld og dei hadde kontakt med Renault i Frankrike så han håpa på svar så snart som mogleg frå dei.

Sjølv med all den elektronikken som er i nye bilar med forbrenningsmotor òg, så er det nok sikkert ein overgang for mange verkstader å måtte feilsøke elektriske bilar i tillegg, sjølv om det er eige merke. 400V DC er ikkje noko å spøke med heller  :)
#157
Zoe / Sv: Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
onsdag 24. juni 2015, klokken 18:11
Ny dag, fortsatt ingen løysing på ladeproblema på bilen min. Snakka med MF Bergen og dei har feilsøkt og sjekka koblingar og anna, men har enda ikkje funne nokon grunn til at bilen ikkje vil lade.

Etter det selgar hadde blitt forklart virka det som om bilen rett og slett ikkje tok i mot straum, men det såg ikkje ut til å vere nokon fysisk feil på bilen. Han spurte meg enda ein gong om eg hadde prøvd å stille på planlagt lading/ladekalender i bilen, noko eg ikkje har gjort. Det einaste eg sjekka når bilen ikkje ville lade var at bilen var satt til å alltid lade når den var plugga inn, noko som sjølvsagt er standard-innstillinga òg.

I løpet av dagen fekk eg plutselig ein melding om at det var kome ein oppdatering til R-Link for bilen, med beskjed om å oppgradere dette. Eg nevnte det for selgar og han skulle sjekke med verkstad om dei trudde det ville ha noko for seg å oppdatere denne. R-Link har tross alt mulighet for å sette planlagt lading og ikkje, så heilt utenkelig at feilen kan ligge der er det jo ikkje. Men eit sånt tilfelle burde vel vere forholdsvis lett å finne ut av? Dersom ein bug/feil innstilling i R-Link kan gjere bilen heilt umottakeleg for lading, utan at det er indikert nokon plass, er jo det ein særdeles grov feil...

Begynner å bli frusterande dette. Heilt ny bil og så står den berre på verkstad!  :(
#158
Zoe / Sv: Roadtrip Oslo - Kristansand
tirsdag 23. juni 2015, klokken 20:09
Ok. Då bør jo det vere den oppdateringen eg fekk på bilen før den vart utlevert på fredag, noko anna ville jo vore litt merkelig. Men no var det jo nettopp 22 kW-lading eg prøvde første gong etter eg fekk bilen og skulle lade, og det fungerte jo heller dårlig.

Fekk ingen indikasjon på telefon med MF Bergen i dag at bilen trengte enda ein software-oppdatering. Men det kan jo godt vere dei vil gjere/har gjort det, sjølv om han ikkje nevnte det spesifikt.
#159
Zoe / Sv: Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
tirsdag 23. juni 2015, klokken 19:58
Vart ringt opp av Motor Forum i dag, dei såg på bilen og kunne sjå logg over alle "ladeforsøka" mine, men kunne ikkje heilt finne nokon god grunn til det enda. Dei lurte også på detaljane rundt første ladinga eg prøvde. Det var på ein Kiwi-butikk så det var snakk om ein hurtigladestasjon med fastmontert kabel. Høyrte ikkje meir i dag, så går ut i frå at dei enda ikkje har funne ut noko.

Sjekka nettopp My ZE Online og der ser eg dei har prøvd å lade bilen tidlegare i dag, men rapportert batterikapasitet er framleis 8%.
#160
Model 3 / Sv: Gjette på Model 3 lanseringstid og spesifikasjoner?
tirsdag 23. juni 2015, klokken 10:16
Sitat fra: satheesh.net på tirsdag 23. juni 2015, klokken 10:13
the market debut of the Model 3 has slipped from 2017 to 2108.

Det blir fryktelig lenge å vente...  ;)
#161
Zoe / Sv: Roadtrip Oslo - Kristansand
tirsdag 23. juni 2015, klokken 09:50
Sitat fra: jabj på mandag 22. juni 2015, klokken 23:22
Ladefeilen er helt nyoppdaget, Motorforum fikk ny software i dag, og jeg var den 6 bilen de hadde omprogrammert. Feilen var at 22kw lading kunne lage feil på bil og ekstern lader. Hørtes ut som samtlige R240 modeller måtte inn for software oppdatering (tok ca 1 time). Ingen nye R240 blir utlevert før de er blitt oppdatert.

Eg leverte bilen min inn i går nettopp på grunn av ladeproblemer...

Du er sikker på at det var ein oppdatering som kom i går? Eg fekk bilen utlevert på fredag forrige veke. Skulle egentlig fått den på onsdag eller torsdag forrige veke, men den vart forsinka pga problemer med ein software-oppdatering (dei fekk ikkje kontakt med Renault sine serverar for sjølve oppdateringa, visst nok). Og den oppdateringen måtte dei legge inn før bilen vart utlevert fekk eg beskjed om.
#162
Zoe / Sv: Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
mandag 22. juni 2015, klokken 13:09
Kom fram til Motor Forum Bergen med 8% gjenståande på batteriet (og 14 km estimert rekkevidde i displayet). Utan AC og definitivt søndagskøyring på veg dit, men det gjekk heilt fint  :)

Dei prøvde å lade bilen der også, men utan hell. I grunn ingen overraskelse det. Så no har dei tatt inn bilen og skal sjå på den, håpar det ikkje tar alt for lang tid.
#163
Zoe / Sv: Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
søndag 21. juni 2015, klokken 18:40
Då har eg prøvd å lade på naboen sin 11 kW Pod Point òg. Det fungerte heller ikkje, men ingen "Battery charging impossible" denne gongen. Det einaste som skjedde no var at det stod "Ongoing checks" i displayet på bilen, med eit par raske meldingar borte til høgre som forsvinner før ein får lest dei (mistenker at det står at den ladar eller startar lading, men umogleg å seie sikkert). Etter ei lita stund stod det berre "No connection" før bilen skrudde seg av. Prøvde to gonger, med same resultat.

Må vere noko gale med bilen. Blir spanande å sjå kva Motor Forum kan finne ut.
#164
Zoe / Sv: Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
søndag 21. juni 2015, klokken 09:29
Leverer bilen inn på mandag, så får dei sjå på den. Håpar egentlig at det er ein feil på den og at den ikkje faktisk kan vere så kranglete på lading. Dette var tross alt lading på tre forskjellige stolper, med alt i frå ~5 min til over 2,5 timar mellom kvart forsøk.

ZapCharger Portable løyser nok mykje når den endeleg kjem, men den er svindyr og hjelper vel heller ikkje på (semi-)hurtiglading? Den blir vel som alle andre ladekladdar begrensa til 13-14 A maksimalt?

Forferdelig irriterande å oppleve sånt når ein akkurat har fått bilen, men håpar det løyser seg. Liker bilen veldig godt bortsett frå denne episoden!
#165
Zoe / Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
lørdag 20. juni 2015, klokken 21:00
Fekk utlevert ein heilt ny Zoe Intens 2015 i går frå Motorforum Bergen. Grunna mykje tull frå eit elektrikerfirma som skulle installere Pod-point ladepunkt heime er ikkje dette på plass enda, men kjem forhåpentligvis på plass tidleg neste veke, så me er nødt til å bruke (semi-)hurtigladar fram til dess. Det burde jo ikkje vere noko problem med fleire ladarar i nærleiken! Vel...

Me satte kursen utover til Straume og Sartor senter i dag formiddag og hadde rundt 80 km estimert rekkevidde igjen når eg parkerte på senteret. Valgte å ikkje prøve å lade her, sidan me fortsatt hadde over 50% batteri igjen. Etter å ha vore på Sartor satte me kursen nordover mot Øygarden, med plan om å lade anten på Ågotnes, eventuelt Sartor senter eller Kiwi Godvik på vegen tilbake, sidan alle dei har semi-hurtig AC-lading.

Når me var på veg tilbake stoppa eg på Kiwi Ågotnes og kopla til ladestolpen der. Måtte bruke SMS-lading sidan eg enda ikkje har fått Fortum-brikka frå Motorforum. I displayet på bilen stod det ved start av lading "Ongoing checks", på ladestolpen stod det at ladinga var starta. Så dukka meldinga "Battery charging impossible" opp i bilen. Eg ringte Fortum og dama i telefonen prøvde å starte lading igjen, men eg fekk same meldinga igjen. Så dukka i tillegg "Electric motor failure" opp i displayet. Veldig lovande for ein heilt ny bil!

Resultatet etter den ladinga var at eg ikkje ein gong fekk start på bilen. Ringte forhandlar og han ba meg låse bilen, vente 5-10 min og så prøve igjen. Etter ca 4-5 min var det eit klikk i bilen og feilmeldinga forsvann. Eg starta bilen og tok ikkje sjansen på å lade der igjen, så eg fortsatte til Sartor senter for å prøve der.

På Sartor starta eg lading igjen, same resultat: "Battery charging impossible". Ingen meldingar om motorhavari den gongen, men lade ville bilen uansett ikkje. Prøvde to gonger før me gav opp og fortsatte til Kiwi Godvik. Nokon som vil tippe resultatet der? Stemmer, fekk ikkje lada der heller. Ringte Fortum igjen, dei prøvde å starte lading igjen, og eg fekk også beskjed om å prøve å resette stolpen ved å bruke nødbrytaren under displayet. Det hjalp sjølvsagt ikkje.

Med ca 40 km rekkevidde igjen ringte eg forhandlar enda ein gong, og han hadde dessverre ingen gode forslag anna enn å ringe Renault veiassistanse for å få bilen heim eventuelt transportert til Motorforum så dei kunne lade den og sjå om dei fann ut noko.

Me kjørte frå Kiwi i Godvik for å få oss litt mat, og kom igjen etter eit par timar for å gi det eit siste forsøk: "Battery charging impossible", og i tillegg kom meldinga "Electric charge cut, charging was stopped" eller noko i den duren. Meldinga stod ikkje så lenge før den forsvann og vart erstatta av den vanlige "battery charging impossible". Me gav opp og køyrde heim, og bilen står no heime med ca 30 km estimert rekkevidde (19% batterikapasitet).

Ein siste mulighet er å spørre ein i nabolaget om å få lade der ei lita stund. Har sett at dei har ein Zoe, så håpar at dei har ladepunkt installert. Viss ikkje blir det ein spennande tur til Motorforum på måndag. Eg bur omlag 20 km frå dei.

Eg søkte litt på nettet og fann ut at det er mange som har hatt feilmeldinga "Battery charging impossible", til og med på forumet her. Det ser ut til at Zoe er ekstremt kresen på jordinga ved lading? Fint at bilen beskyttar elektronikk, motor og ladar, men ikkje om det betyr at den plutselig ikkje ladar i heile tatt!

Var klar over "ladeproblematikken" med IT-nett og den sagnomsuste Zaptec-kladden alle ventar på, og det er forsåvidt greit. Men når ikkje ein gong hurtiglading fungerar som det skal? Det fristar lite å legge ut på tur der lading undervegs er involvert, for å seie det sånn!  :-\

Vedlegg er ladehistorikken frå My ZE Online.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA