Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Einride

#16
Elektriske Sykler og Motorsykler (2 hjul) / Sv: Zero Motorcycles
onsdag 27. februar 2019, klokken 08:51
Sitat fra: OlaM på mandag 25. februar 2019, klokken 18:38
Blir nok godt over 200 lapper her til lands.

Fortsatt alt for dyrt for ein sykkel med ganske begrensa rekkevidde. Kraftigare ombord-ladar gjer det litt betre, men ikkje godt nok etter mi meining.

Frontlysa ser òg, eh, mindre bra ut... :o
#17
Zoe / Sv: Tom Tom updatefor R-Link to install before April 2019
tirsdag 19. februar 2019, klokken 09:15
Stemmer nok bra det, minibiti  :)

SitatNye funksjonalitet for versjonen 11.344

*Retting av WNRO-feilen som påvirker tilkoblede tjenester og tjenester for elbiler.

WNRO = Week Number Roll Over.

Eg prøvde å oppdatere i går. Starta bilen, plugga i minnepennen med oppdateringsfila og starta oppdatering. Lot deretter bilen stå medan eg gjorde andre ting. Kom tilbake etter ca 20 min og då stod det «Oppdatering mislyktes». Prøvde å starte oppdatering igjen, men den ville ikkje starte (fekk ingen dialogboks igjen). Eg har fortsatt versjon 11.343 i følge versjonsinformasjon.
#18
Elbiler i media / Sv: ID Neo på spansk - Seat e-Leon
søndag 13. januar 2019, klokken 12:53
Sitat fra: Up_&_Away på søndag 13. januar 2019, klokken 11:35
ser ut som en kryssing av ID Neo og Nissan Leaf
Tenkte akkurat det samme. Leaf ser OK ut, ID Neo òg (sjølv om det vel fortsatt kun er eit konsept-design?), men den krysningen der var mindre heldig, spesielt midten av frontpartiet med logoen.
#19
Model 3 / Sv: Hvem får bil først?
mandag 31. desember 2018, klokken 14:01
Sitat fra: trykkertor på mandag 31. desember 2018, klokken 13:53
Virker det ikke litt merkelig at Tesla Model 3 som MANGE i Norge har ventet på, kun har ca 4.000 bestillinger.
Folk stod i kø utenfor butikken for å reservere for mer enn 2.5 år siden. Folk har ventet på denne bilen i mange år.

Du meiner bilen som skulle koste frå 300 000 kr? Eg reserverte 31. mars 2016, og har venta i spenning på kor tid eg kunne bestille. Men når ein endeleg no får bestille og berre har AWD, ein raudfarge til 20 000 kr, ACC til 42000 kr (ja da, ja da, du får med AP òg då, eg veit det) og totalprisen bikkar godt over 500 000 kr, så blir det neppe bestilling heilt med det første for min del. Tippar ganske mange andre har tenkt det same.

Edit: samt syltynt med informasjon rundt takstativ anna enn at det skal bli mogleg. Og elefanten i rommet, sjølvsagt: hengarfeste (eller mangel på dette). Også ein av lovnadane til Musk for Model 3, som foreløpig ikkje har materialisert seg.
#20
Men svart interiør burde jo då vere prisa lavare? Kvitt kostar vel rundt 8000 kr ekstra?
Uansett vanskelig å vite kva som ligger bak totalprisen den viser så lenge ein berre prøver seg fram med ulike kombinasjonar som egentlig ikkje er tilgjengeleg enda :)
#21
Og (foreløpig) prisforskjell mellom AWD og RWD på LR ser ut til å vere ca 30 000 kr?


https://imgur.com/tVyKlGO

Samme spesifikasjon med AWD kostar ca 526K, mot 497 med RWD. Hadde håpa på større prisforskjell, egentlig (mao, lavare pris på RWD).
#22
Hyundai KONA / Sv: Aksjoner på Hyundai Kona
torsdag 13. desember 2018, klokken 22:42
Eg hadde bilen inne til forhandlar for eit par veker sidan, då bytta dei ein aktuator i ladeluka foran. Meiner den hadde -053 som kode. 056 har eg ikkje sett inne på myhyundai.no, men kanskje dei tok den i same slengen som det med ladeluka.

Men no har eg derimot ein ny kampanje-kode: 81C088. Nokon som veit kva det er for?
#23
Kia Niro EV / Sv: Kia Niro EV First Edition
onsdag 14. november 2018, klokken 16:20
Ja, når prisane er oppgitt inkl. mva betyr jo det at f.eks komplette vinterhjul med Continental VikingContact piggfrie dekk vil koste ca 14500 kr når dei blir kjøpt med bilen. Det er jo billegare enn til Kona, der prisane stort sett låg på 16900 kr hos forhandlarane for tilsvarande pakke.

Men føler meg ganske sikker på at prisane her er faktisk er eks. mva og at det står feil i prislista (er vel copy/paste frå fossilutgåva).
#24
Hyundai KONA / Sv: Kupefilter
tirsdag 06. november 2018, klokken 09:24
Ser ut til at Mann-Filter har med aktivt karbon, i alle fall:
https://catalog.mann-filter.com/EU/eng/catalog/MANN-FILTER%20Katalog%20Europa/Vehicles/CARS%20%2B%20TRANSPORTERS/HYUNDAI/Kona/EV%20Electric%20(T274851)/Cabin%20Filter/CUK%2023%20019~1

Men finner det ikkje på eBay, der eg stort sett har kjøpt filter tidlegare.
#25
Hyundai KONA / Sv: På sporet av Kona - oppgi din leveringstid her
torsdag 01. november 2018, klokken 09:36
Det veit vel knapt Hyundai Norge ein gang... Uansett er vel svaret «alt for få»  ;)
#26
Kia Niro EV / Sv: Beholder du din FE etter at prisene nå ble kjent?
torsdag 01. november 2018, klokken 09:35
Er vel ingenting i vegen for å få service gjort hos ein frittståande verkstad? Har sjølv gjort det på Zoe, og prismessig har lokal verkstad hatt serviceprisar på rundt 50-60% av det forhandlar tar (MF Bergen og Varden Bil Haugesund).
#27
Kia Niro EV / Sv: Beholder du din FE etter at prisene nå ble kjent?
mandag 29. oktober 2018, klokken 13:56
Svarte «Usikker», men er vel nesten bestemt på at det ikkje blir ein Kia Niro. Har kønummer tett oppunder 1000, så med leveringstakten dei legger opp til tippar eg det blir godt ut i 2019 før eg må avgjere kva eg vil gjere uansett.

Fryktelig traust utsjånad, berre fire «fargar» å «velje» mellom, ingen mulighet for hengerfeste eller app og ein til ein pris som inkludert levering og vinterdekk ser ut til å bli nesten 50 000 kr over Konaen me har? Neppe verdt det for litt større plass.

No hugsar eg ikkje kva alternativ ein hadde for lakk på det skjemaet for FE, men trur alle var metallic? I så fall er det ein rein lokkepris å antyde at FE kostar 377 400 kr når ein uansett må velge metallic i tillegg. Ikkje spesielt imponert over korleis Kia har håndtert dette.

Eg skjønar at dei set prisen delvis for å prøve å unngå at 90% av bilane går på Finn like etter utlevering, men trur òg det har samanheng med kva leveringstakt dei forventar. Hyundai ser ikkje ut til å klare å halde leveringstakten på Kona oppe, og ser vel ingen grunn til at Kia då plutselig skal klare det.

Ikkje veldig imponerande, Kia...
#28
Hyundai KONA / Sv: Selge eller beholde Konaen
lørdag 27. oktober 2018, klokken 09:57
Enig, virka som fryktelig dyr forsikring på Konaen. Mange forsikringsselskap gir deg 60% startbonus på bil nummer to, enkelte gir samme bonus som første bil (Gjensidige, blant anna?).

Uansett, det du kan vurdere er om Konaen vil kunne bli primærbilen i husstanden på sikt. Viss ikkje har du eit ganske godt argument for å selge den (med gevinst!) og så seinare kjøpe ein brukt elbil med nok rekkevidde til at den kan fungere som bil nummer to i ein del år. Ein tre år gamal Kia Soul vil fortsatt ha 4 års garanti igjen, for eksempel, det kan jo vere betryggande for mange.

I løpet av det neste året og to ser det jo ut til at utvalget av elbilar med lengre rekkevidde blir betraktelig betre, også om du trenger bil med litt større plass (og ikkje vil svi av 700 000 eller meir på ein premium elbil).
#29
Hyundai KONA / Sv: Kona er død
torsdag 11. oktober 2018, klokken 16:57
Det endrar jo saken litt. Eg antok i min naivitet at funksjonen faktisk fungerte som forventa... :D
#30
Hyundai KONA / Sv: Kona er død
torsdag 11. oktober 2018, klokken 15:30
Lurte på det same. Eg får innimellom opp den meldingen i displayet på bilen når eg starter den om at den bruker hovedbatteriet til å lade 12-volts batteriet ved behov.
Trur funksjonen kan skruast av i innstillinger, men eg har i alle fall ikkje skrudd den på, så den er tydeligvis på som standard. Då burde vel ikkje dette vere eit problem?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA