Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - OlavEmil

#856
Det BØR stillast krav til plug-in hybridar for at dei skal oppnå miljøinsentivar. Dette kan vere maksstorleik på drivstofftank, minimum (EU-)rekkevidde på eldrift eller krav om at bilen kun skal ha elmotor til drift (som BMW REX, i motsetnad til t.d. Prius).

Eit frislepp kun basert på at bilen har ei batteripakke som kan ladast med stikkontakt vil opne for masse avgiftsspesifiserte bilar som ikkje har noko som helst reell eldrift, tilsvarande "tradisjonelle" hybridar (som er reine fossildrivne bilar) med ettermontert stikkontakt.

Årets statsbudsjett er i det store og heile ein katastrofe. Men, eg har sjeldan sett eit statsbudsjett som stemmer så bra overeins med løfter og partiprogram som dette. Det skal regjeringa ha honnør for (det bør òg vere ein vekkar for dei som har stemt fram denne regjeringa, og som no lir grovt under deira politikk).
#857
Kia Soul EV / Sv: Bilder av soul
fredag 21. november 2014, klokken 17:03
Eg hadde eit aldri så lite håp om at svartfargen skulle vere noko matt etter å ha sett bileta på den polske sida i opningsinnlegget. Ser jo no at det dessverre ikkje er tilfellet (ikkje overraskande).

moby: Eg har sett folk her skrive at svart / raud skal ha eit noko endra interiør, så eg spurde seljaren min om det. Han gjorde det klart at det kun fantest ein variant på interiøret, og at dette var likt uansett kva farge vi valde.
#858
Kia Soul EV / Sv: Hva mangler Soul EV?
torsdag 20. november 2014, klokken 14:20
For vår del var det at det var flatt golv i bagasjerommet ein kjempefordel, då det gjer at vi kan ha hundebur inni der. Vel og bra med djupe bagasjerom som i Leaf og Zoe, men i praksis lastar ein vel sjeldan i høgda i bagasjerommet uansett.

Er nok stygt redd for at Soulen blir tosetar når vi skal ha med oss hundeburet, men noko anna er vel ikkje å rekne med på noko mindre enn stor stasjonsvogn med to hundar på 40kg +...
#859
Kia Soul EV / Sv: Fargevalg
torsdag 20. november 2014, klokken 11:25
Barbiebil er eit godt val :D . Fruen meiner bilen eg har i dag kun manglar rosafargen for å vere ein fullgod Barbiebil, eg forstår ikkje kva ho meiner ::) :




Sjølv vart det som nemnt harrybil på oss. Det blir kanskje ikkje mindre harrybil av at eitt av mine argument er at svart / raud er den fargen som kjem til å kle gule tåkelys best...  ;D
#860
Kia Soul EV / Sv: Rekkeviddetest
tirsdag 18. november 2014, klokken 19:54
Vi bestilte Kia etter å ha prøvekøyd denne, Zoe og Leaf. Prøvde å prøvekøyre BMW òg, men dei svarte aldri på våre henvendingar, verken den første eller den andre... Zoe frista ikkje i det heile, den kjentest billig straks ein opna førardøra. Kiaen var ein draum, både å køyre og å sjå på (innvendig og utvendig), men hadde grusomt lang leveringstid. Leaf var ok, ikkje noko i nærleiken av Kia, men kunne leverast 4 dagar seinare (prøvekøyrde torsdag, dei kunne ha bilen klar måndag).

For oss er rekkevidda veldig viktig, då dette skal vere bil nr 1, som kona skal bruke til jobbpendling mellom Os (4 mil sør for Bergen) og Gulen i Sogn og Fjordane, 12 mil kvar veg. Ut frå alt eg har lese, og det seljarane sjølv sa, bør vi nok ha Kia for å klare dette året rundt. To mil ekstra på EU-skalaen er to mil ekstra, sjølv om tala i seg sjølve ikkje er realistiske midt på vinteren. Dette gjorde at vi valgte Kiaen (som òg var den bilen vi begge likte klart best).

Eg har tru på at Kiaen skal klare 99 av 100 turar, så får heller stasjonsvogna som blir degradert til bil nr 2 ta den eine turen der det er 25 minus og snøstorm :) .
#861
Kia Soul EV / Sv: Felger
tirsdag 18. november 2014, klokken 17:36
Sitat fra: moby666 på tirsdag 07. oktober 2014, klokken 08:52
Her er felgene som er mulig å velge på standard Soul, DVs disse passer også på Soul EV.




Her var det mykje fint :) . Nokon som veit om Kia er villige til å levere desse med EV? Evt meirkost?
#862
Kia Soul EV / Sv: Hva mangler Soul EV?
søndag 16. november 2014, klokken 22:46
Ut frå utstyrslista og samanlikningar med alternativa til Soulen, er det først og framst fjernstyring via telefon eg kjem til å sakne. Adaptiv cruice control er eit fantastisk hjelpemiddel som hadde vore supert å hatt, men det kjem meir inn under kategorien "luksusutstyr".
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA