meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - OlavEmil

#16
Eg såg ein annan her på forumet seie det same i ein diskusjon om ein annan mikrobil. Han burde koste under 100 000,- fordi det var ein mikrobil. Det verkar som ein veldig merkeleg ting å meine. Kvifor skal då ein XC90 koste 900 000,- og meir, når Dacia Duster kostar under 250 000,-? Begge er jo SUV.

Elles vil eg no seie at ein strekk strikken vel langt når ein seier at ein "nesten" får e-Up trilling til same pris. 135 000,- vs 185 000,- (innstegspris for Skodaen,  som vel er den billigaste av dei tre).

Sitat fra: goggo på søn 09. feb 2020, kl. 10:19
Sitat fra: OlavEmil på lør 08. feb 2020, kl. 22:40
Tjaa. Vi fekk vår første shipment med person-elbilar frå Kina første veka i januar. Vi går nok litt stillare i dørene enn MG, og bilane våre er ikkje like mainstream som deira, men MG var nok ikkje først.
PS: Du bør jo vurdere å lage en egen tråd for denne mikrobilen som dere selger.

Takkar for det. Både Thunberg og Nok er Nok burde jo tale for slike køyrety. Har vore inne på tanken om tråd, men eg må høre litt med administratorane først, sidan vi faktisk sel desse. Vil ikkje trakke nokon på tærne.

Og takk for testvideoen, veldig moro :D.
#17
Sitat fra: RJK på tor 06. feb 2020, kl. 13:01
Tror du har missforstått hva offentlig vei er. Det skal ikke være regulering på den måten. En ting er å regulere på pris for parkering innen fornuftig prisleie. En annen ting er å nekte folk å kunne ha bilen parkert på gata.

Løsningen vil jo bli at folk skiller seg, og leier hos naboen, som igjen leier hos den man skiller seg fra. Da er det ikke en boenhet, men to uselvstendige. Er jo et råttent system man legger opp til.

Og svaret fra MDG-representanten som ble gjengitt i et tidligere innlegg, viser jo at han har missforstått hele problemstillingen, og man kan jo lure på om det er med vilje og derved forsøk på tåkelegging.

Kva meiner du eg har misforstått? Er ikkje offentleg veg offentleg grunn? Eller er det noko anna du meiner?

Sjølvsagt skal det vere regulering på den måten. Det er akkurat det som er poenget med soneparkering. Slik har det vore i mange tiår, både her til lands og i resten av verda.

Elles blir det ikkje fleire bueiningar av at ein driv konebytte. Dei bueiningane som finst, er der uavhengig av kven og kor mange som bur i dei, og korleis dei organiserar sine sambuarskap.
#18
Tjaa. Vi fekk vår første shipment med person-elbilar frå Kina første veka i januar. Vi går nok litt stillare i dørene enn MG, og bilane våre er ikkje like mainstream som deira, men MG var nok ikkje først.
#19
Det finst (evt, byrjar å kome) alternativ som framleis er bomfrie, og som har mindre klimaavtrykk enn vanlege elbilar: Elektriske 4-hjuls motorsyklar. Som elektrolux er inne på er dei enn så lenge relativt begrensa på rekkevidde. I tillegg er det ei relativt låg grense for kor mykje motorkraft bilen kan ha for å få han registrert som MC, så dei kan slite litt i motbakke. Men det byrjar å kome fleire modellar med toppfart på 80, så ein kan køyre lovleg overalt, og med rekkevidde på nivå med ein nokre år gamal trilling funkar dei topp til og frå jobb og trening.
#20
Sitat fra: Orbit på ons 05. feb 2020, kl. 15:03
I Oslo går det å ha flere biler, men en må da betale vanlig takst for bil nr 2 osv (ca 30 kr per døgn for elbil).

Er det umulig å betale seg ut det med flere biler i Bergen (utenom leie av privat parkeringsplass)?

Spørs korleis du definerar "leie av privat parkeringsplass". Bergen er relativt godt dekka med parkeringshus i sentrumsområda, så her bør det vere godt mogleg å nytte eitt av desse for dei som må ha to bilar. Iallefall i Bygarasjen er det relativt rimeleg månadspris (for elbil blir det ca. det same som ein i dag betalar for (bensin)bil nummer to i sone). Noko dyrare i Klostergarasjen.

Det er nok ikkje sånn at ein kan krevje rett til å kunne parkere to bilar på offentleg grunn rett utanfor inngangsdøra uansett kvar og korleis ein bur.
#21
Hyundai KONA / Sv: Extralys på kona
ons 05. feb 2020, kl. 23:40
Sjå der ja. Du har sånn skiltramme som eg er van med. Den til foreldra mine har heil"støypt" skiltramme, utan noko som kan plukkast av og opnast som eg kan sjå. Rart.

Det beste er nok å plukke av fangaren, ja. Men då blir det brått ein større operasjon. Skulle jo helst hatt verkstadsmanualen òg då, så ein får full oversikt over alt av skruar og klips som skal av.

Takkar for svar. Eg får sjå nærare på det til helga.
#22
Hyundai KONA / Sv: Extralys på kona
ons 05. feb 2020, kl. 16:37
Gamal tråd, men eg ser ingen grunn til å starte ny tråd når temaet alt finst.

Skal montere ledbar på Konaen til foreldra mine. Føler meg trygg på kopling, trening av kablar osv, men eg har ikkje funne ut korleis eg får av skiltet die å montere skiltbrakett. Ingen synlege festepunkt, og ingen klips e.l. for å plukke ut sjølve skiltet, som eg er van med frå andre bilar. Einaste eg kom fram til var at eg kunne flytte skiltholdaren eit par cm til venstre, men utan at han løysna frå bilen av den grunn. Så vart far min kald og lei, så eg må sjå nærare på det utan han på fredag.

Sidan du alt har gjort det på din, er det jo mykje greiare å spørje her enn å prøve og feile sjølv. Kva er rett framgangsmåte her?
#23
Andre Elbiler / Sv: Artega Karo
søn 02. feb 2020, kl. 17:36
Ser heilt perfekt ut! Denne kunne eg tenkje meg å sjå når du får han.

Har du planar om å importere og selje sjølv?


turfsurf: Samd i at ein startpris på over 180 000,- er i overkant, men du får ingenting for under 100 000,- sjølv om det er snakk om mikrobilar. Er ikkje kilopris på bil. Prøv å bygge deg ein Tazzari, ein skal vere VELDIG måtehalden for å klare å halde prisen under 200 000,-.
#24
Er vel ingenting til no som har tyda på at oppgraderte batteripakker til ettermontering på eldre elbilar er noko som vil kome.

Verdifallet på førstegenerasjon elbilar (evt. andregenerasjon, alt etter korleis ein reknar) har vore veldig lågt i fleire år. No når produsentane omsider har byrja å satse skikeleg på elbil, godt motiverte av straffegebyra på snittutslepp frå og med i år, ser vi ein korreksjon av verdifallet, og framover ser eg for meg eit verdifallsmønster nokonlunde tilsvarande det vi i alle år har hatt på "vanlege" bilar. Ein 16-modell Soul EV som kosta 250 000,- ny, og som i dag er verdt halvparten, ser eg for meg er verdt ca. 100 000,- om eitt til to år, og deretter, når garantien er gått ut og bilen er 8-10 år gamal, alt frå 40 000,- til 90 000,-, avhengig av km-stand og generell tilstand på bilen. Dette tilsvarar vel godt det vi alltid har sett på tilsvarande småbilar.
#25
Elbilen i Samfunnet / Sv: NAF som elbil eier ?
søn 02. feb 2020, kl. 12:07
NAF var seint ute, men siste året eller så verkar det som det har gått opp for dei at elbil ikkje berre er eit blaff av snyltarar som gøymer seg bak klimaidealisme, og kjem til å forsvinne like fort som det kom. No har dei omsider så smått byrja å jobbe for ladeutbygging og liknande. Men dei er og blir ein interesseorganisasjon for dei som for all framtid ønskjer at kvar person skal ha rett til å køyre akkurat den bilen dei sjølv vil frå dør til dør kvar dei vil og når dei vil, utan utidig innblanding som trafikkreguleringstiltak og avgifter. Det let seg dårleg kombinere med behovet for modernisering og effektivisering av persontransport i samfunnet, både av omsyn til lokalt miljø, globalt klima og trafikkavvikling.

Personleg opplever eg stadig at NAF sine innspel og kommentarar er i sterk konflikt med mine eigne meiningar. Når då NAF ved eitkvart høve passar på å peike på at dei snakkar "på vegne av våre 500 000 medlemmer", tok vi for fleire år sidan eit aktivt val om at vi ikkje ønskjer å vere blandt dei 500 000.
#26
Veit vi om dette vil føre til full pris i Bygarasjen òg? Bygarasjen er jo drifta av Bergen Parkering AS, som er 100% eigd av Bergen kommune.
#27
Ein vesentleg fordel for Soul over Leaf til din bruk er hastigheita ved hurtiglading. Kiaen ligg jamt over 40kW uansett temperatur. Leaf ser eg går ned mot 15kW i eit par minusgrader. Har hatt to Soul sidan 2015, og foreldra mine har hatt Leaf sidan 2013. Opplever òg at Soul har mindre rekkjeviddetap ved låge temperaturar.
#28
e-208 / Sv: Elektrisk utgave av nye 208?
ons 06. mar 2019, kl. 16:26
Sitat fra: Morten M. på ons 06. mar 2019, kl. 12:05
Bestilte 10.15 i går og har reell plass 197 i køen.  :o

Plass 195 her, reserverte klokka 10:18.
#29
e-208 / Sv: Elektrisk utgave av nye 208?
tir 05. mar 2019, kl. 16:47
Dette er openbart ein grov bom av Elbilforeningen, som på ein eller annan måte har klart å forveksle Peugeot med DS. Peugeoten er jo ein bitteliten vil med mindre batteri en "standarden" på 64kWh, så prisen må jo openbart bli deretter skal dei selje.

Må definitivt godt under 300 000,-. Om det blir noko høgare, trur eg faktisk ikkje kø og ventetid vil bli noko aktuelt problem på denne bilen.
#30
e-208 / Sv: Elektrisk utgave av nye 208?
tir 05. mar 2019, kl. 10:36
Ja, 213 klokka 1018.


Sitat fra: Øysteinen på tir 05. mar 2019, kl. 10:29
Sånn jeg forstår åpner det for forhåndsbestilling klokken 12:00 på hjemmesiden til Peugeot. Hvorfor de har gjort det slik som dette er uvisst. Kanskje for å lette trykket på serveren?
Hmm. For all del, jeg skal ikke klage, da jeg for en gangs skyld har et håp om å få et lavt kønummer.


Trur nok heller det er fordi den indre kretsen skal klappe kvarandre på skuldrene og skaffe seg bil til eige bruk og vidaresal følte almuen besudlar lista med høge kønummer.
© 2026, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA