Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - OlavEmil

#1
ES8 / Ekstra fjernlys
tirsdag 14. november 2023, klokken 19:40
Då vart det ny bil på oss, og vi endte på ein Nio ES8. Veldig nøgde til no, etter halvannan månad. Men som på stort sett alle bilar har Nio gløymde å utstyre bilen med fjernlys.

Nokon som har montert ekstra fjernlys på Nioen sin? Høyrer alltid om CANBUS og at det kan vere eit problem ved montering av lyd, men har enno ikkje har bil der det har vore relevant. Er det noko ein må tenkje på med Nioen?

I tillegg har jo Nioen ein noko utradisjonell plassering av 12v-batteriet. Finst det noko straumkjede framme ein kan bruke? Eller må ein trekkje kabel heilt bakifrå? Nokon god måte å gjere det på, i så fall?
#2
Andre Elbiler / Today Sunshine M2 Mikrobil
søndag 09. februar 2020, klokken 23:35
Eg må starte innlegget med å skrive at eg er medeigar i Mikrobil AS, og sel desse bilane sjølv, for å ha det heilt klart og synleg. Eg ønskjer ikkje at tråden skal vere ein reklametråd for firmaet og bilen, men vil ha ein tråd der denne (og evt tilsvarande mikrobilar) kan diskuterast. Om admin meiner dette er ein interessekonflikt, gje meg gjerne beskjed.

Vi byrja å sjå på elbil og miljøvennleg personbiltransport tidleg, og vurderte sterkt Reva eller Buddy i siste halvdel av 2000-talet. Problemet var at vi då budde rett ved E16, som òg var einaste veg til og frå bygda. Vi endte difor opp med vanleg gamal bruktbil. Når vi no etter 5 år med kun elbil ser på moglegheita for å skaffe oss ein langrekkjeviddebil, ønska vi òg å skalere ned den andre bilen, og byrja igjen å sjå på elektriske mikrobilar av Reva-typen. Vi endte til slutt opp med å importere ein Today Sunshine M2 (+ 3stk for vidaresal) frå Kina, og er veldig nøgde med det. Så no står det berre att å finne den perfekte langrekkjeviddebilen og kvitte seg med Kiaene :laugh:.

Bilen går i 80, har 10,8kWh batteri, svært bagasjerom og elles godt med utstyr som ein finn i vanlege bilar. Den er på den andre sida registrert som motorsykkel, og har ikkje same sikkerheitskrav som vanleg bil. Det er sjølvsagt òg ei viktig grunn til at det er mogleg å lage ein velfungerande liten bil som ikkje veg meir enn 600kg. Definitivt eit køyrety for spesielt interesserte, men veldig moro, og ein blir definitivt lagt merke til når ein er ute og køyrer.

Eg legg ut nettsida til den italienske importøren, både fordi deira nettside er vesentleg betre enn vår, og på grunn av eventuell interessekonflikt: https://www.todaysunshine.it/en/

Andre som har erfaringar med mikrobilar litt utanom det vanlege, eller som har tankar om dette?
#3
TEST TEST TEST / Bilete
lørdag 21. oktober 2017, klokken 19:03
#4
Ladeplasser og ladekabler / 32A type 2 på splitta ladar
torsdag 19. november 2015, klokken 08:05
Bror min, som lånar konebilen for tida, kom borti ei problemstilling eg ikkje kunne svare på. Han kom til eit offentleg type 2 ladepunkt, der det sto skilta at det var 32A sikring fordelt på to uttak, og at alle måtte passe på å stille ned ladeeffekten til max 16A, elles ville sikringa gå.

Korleis funkar dette med ein 32A type 2 - type 1-kabel, på ein bil der ein ikkje kan stille ladehastigheita? Vil denne suge til seg 32A uansett kva som er tilgjengeleg, eller vil han ta det han får, og la sikringa leve om det står ein og ladar på 16A på det andre uttaket?
#5
Kia Soul EV / Dårlege fjernlys?
onsdag 28. oktober 2015, klokken 05:04
Kan anbefale montering av lysbjelke (http://www.ekstralys.no/products/rigid-sr2-serie-20-e-merket-fjernlys) bak støtfangeren :). Monteringsanvisning frå A til Å: http://elbilforum.no/forum/index.php/topic,24599.0.html

#6
Kjøretips / Fjernlys Kia Soul EV (og andre elbilar)
onsdag 28. oktober 2015, klokken 05:00
Ikkje alle av oss som har Kia Soul EV er heilt nøgde med fjernlysa på denne. Eg gjekk i somar til innkjøp av Rigid SR2-20 frå ekstralys.no (https://www.ekstralys.no/rigid-industries-sr2-serien-led-bar-r92131) og monterte på min bil, med veldig godt resultat. Ved å montere denne bak støtfangaren, unngår ein òg eitkvart problem med luftmotstand, og ein kan ikkje sjå på bilen at det er montert ekstralys (lysbjelke er ikkje det finaste ein kan putte på bilen sin, etter mi meining...).

Eg veit det er fleire som har vore inne på tanken om å montere ekstra fjernlys på Kiaen sin, så eg har sagt at eg skal lage ei monteringsanvisning når eg gjer same monteringa på konebilen. Bestilte bjelka for ein god månad sidan, men har ikkje vore tid og ver til å montere denne før no.

Bjelka blir levert med alle delar ein treng til montering og oppkopling.


http://imagizer.imageshack.us/a/img911/4935/hY8ocG.jpg

Det ein treng i tillegg er:

Borremaskin med 6,5mm eller 7mm bor
Fastnøkkel / sånn ting til å skru mutrar med (kva no det enn heiter), fortrinnsvis med skralle, str. 10mm og 11mm.
Stjerneskrujern
Flatskrujern eller noko anna flatt til å vippe opp deksel med
1 liten straumtjuv (til tynne leidningar)
Knipetang e.l. til å klippe leidning og klemme saman straumtjuv

Det første ein gjer er å borre nye hol i festebrakettane. Det er dei lange brakettane som skal brukast. Eg brukte 6,5mm bor, 7mm bør òg funke. Bor ca. som på biletet, rundt 1,5 – 2cm over det opprinnelege holet. Det er ikkje milimeternøye, men om ein brukar hola som er der frå før, vil bjelka bli liggjande midt mellom det øvste og det nedste holet i fangaren, bak plasten.


http://imageshack.com/a/img922/4664/4olOxM.jpg

Deretter må ein demontere heile framfangaren. Dette viste seg å vere overraskande enkelt og greitt.

1: Opne panseret
2: Skru ut dei 8 skruane merkte på biletet. Dei 6 raude er stjerneskruer (desse kan vere litt knotete å få ut, men du kan trykkje på dei nedenfrå ved å leggje ein finger rundt kanten i bakkant av skruene). Dei 2 grøne er mutterskrue, str 10mm.


http://imageshack.com/a/img924/4309/4rJoVG.jpg

3: Opne dekselet i ladeboksen med eit flatskrujern eller liknande, og skru ut skruen, mutterskrue 10mm.




http://imageshack.com/a/img924/6609/tzy3IP.jpg
http://imageshack.com/a/img922/7942/p6QnxV.jpg

4: Skru laus plastdeksel under støtfangaren. Her er det 8 stjerneskruer (2 stk merka raudt på biletet under), 4 på det store dekselet i midten, og to på kvart sidedeksel (hjulskjerm). Desse var litt plundrete å få ut, må skrus utan å leggje noko trykk på skruene, elles hoppar dei berre inn att etterkvart som du skrur dei ut.

Skru i tillegg ut to av dei totalt 4 mutterskruene (10mm), for å kome betre til seinare. Merka grønt på biletet, og tilsvarande på andre sida. Dei to andre er midt under, og treng ikkje skrus ut.


http://imageshack.com/a/img923/171/fW6Lfh.jpg

5: Skru ut 1stk skrue i kvar hjulbue, sjå bilete. Denne er kombi stjerneskruhjern / mutterskrue 10mm. Sjølv synst eg det var greiast å kome til med stjerneskrujern, men det er nok smak og behag.




http://imageshack.com/a/img922/8545/XYZXSW.jpg
http://imageshack.com/a/img923/2393/WkZbVD.jpg

6: No byrjar moroa. Dra laus støtfangaren i skøyten på kvar side, som vist på bileta under. Knepet er å dra bestemt utover og litt oppover, så løysnar det veldig enkelt og greitt.








http://imageshack.com/a/img922/35/oPOdXW.jpg
http://imageshack.com/a/img923/9355/vgeNak.jpg
http://imageshack.com/a/img923/6484/tWOzxG.jpg
http://imageshack.com/a/img924/8818/dAsL5C.jpg

7: Kople frå tåkelys og parksensor. Dra støtfangaren noko ut i nedkant først, så kjem du greitt til. Om du har Classic, vil eg tru du slepp det, men det kan vere lurt å sjekke likevel, i tilfelle det er lagt opp leidningsnett (eg veit ikkje).

Høgre side, tåkelys rett foran spylarvæsketanken. Her ferdig fråkopla:


http://imageshack.com/a/img922/1419/Pt0PQQ.jpg

Venstre side. Tåkelys nedst, parksensor over. Koplinga til parksensoren var veldig hard å få laus, men det er ikkje noko anna knep enn å trykke inn låsesplinten (pil) og dra / lirke til han kjem.


http://imageshack.com/a/img923/3408/1TYNbA.jpg

8: Då er alt laust. Dra støtfangaren ut punkt for punkt (sidene og i nedkant). Når du kjenner at han ikkje heng meir verken nede eller på sidene, tek du tak nede på fangaren og vippar heile fangaren opp. Det er to hempar oppe på fangaren som skal «hektast av», ein på kvar side. Sjå bilete.


http://imageshack.com/a/img924/6683/pMZWLL.jpg

Då står du med heile fangaren i hendene. Alt er plastikk, så han er ikkje tung. Før du starta på alt dette, gjorde du sjølvsagt klar ein trygg plass du kan leggje fangaren, godt polstra med flistepper eller liknande.

Dermed ser bilen slik ut. Finare med fangar, ja...


http://imageshack.com/a/img922/2727/xB8G2V.jpg

Foran venstre framhjul heng høgtalaren til kunstig motorstøy og ryggealarm. Du må for all del ikkje dra ut kontakten på den, då forsvinn motorstøyen, og det vil vi jo ikkje ha noko av. Skulle du likevel vere så uheldig at koplinga løysner, må du hugse å tette begge opningane godt att med elektrotape og plast, så du ikkje får vatn og drit i koplingane.


http://imageshack.com/a/img924/2017/5ejliy.jpg

Rigid har vore så greie å lage bjelka si akkurat slik at han passar rett i skruene som alt er under støtfangarbjelka på Kiaen. Dermed er det berre å skru ut dei to ytste (av fire) skruer, mutterskruer 10mm.




http://imageshack.com/a/img922/1963/MSSTHH.jpg
http://imageshack.com/a/img922/1963/MSSTHH.jpg

Fest så brakettane i bjelka med skruene. Ettersom Rigid likevel bomma med eit par cm, må begge brakettane monterast same veg, som på bileta.

Bilens venstre side


http://imageshack.com/a/img924/2905/R1XB27.jpg

Bilens høgre side


http://imageshack.com/a/img923/1691/38b1l5.jpg

Beste måten å gjere dette på:

1: Fest brakettane i fangaren. Stram skrua heilt til på braketten på bilens venstre side, men ikkje på bilens høgre side.
2: Skru av mutrene på bjelka, 11mm.
3: Hekt bjelka inn i hola du borra heilt i starten, først på bilens venstre side, så høgre side. Braketten på høgre side er relativt laus, slik at du kan bende denne ut og hekta inn bjelka.
4: Stram skrua til braketten på bilens høgre side godt
5: Stram mutrane på bjelka.

Dermed er bjelka ferdig festa.


http://imageshack.com/a/img924/6959/aGfgyC.jpg

Då er det på tide å kople til lyset. Dette er stort sett plug and play. Einaste unntaket er at du må hente styrestraum, slik at lyset slår seg på og av med fjernlyset.

Dra av sokken på releet som følgjer med bjelka. Klipp av den raude leidninga som kjem ut av same bunten som den blå leidninga, som på biletet.


http://imageshack.com/a/img924/8265/b00g6V.jpg

Dra den raude kabelen ut av bunten.




http://imageshack.com/a/img923/1375/4woHfB.jpg
http://imageshack.com/a/img922/6104/6G6TSD.jpg

Så må du finne styrestraum. Dette kan nok gjerast på mange måtar, og det er slett ikkje sikkert min måte er den beste, men eg visar no korleis eg har gjort det, for dei som berre vil følgje bruksanvisninga.

Klipp opp litt av sokken til leidningane som kjem ut av venstre hovudlykt.


http://imageshack.com/a/img923/6161/BGqgFM.jpg

Den grå kabelen er fjernlys. På biletet ser grå og kvit lik ut, men det er lett å sjå forskjell i levande live. Kople på straumtjuven i enden av den raude leidninga du klippa av releet tidlegare (den enden som ikkje har kabelsko på seg).


http://imageshack.com/a/img922/8035/yAjHtt.jpg

Plugg så den svarte leidninga med kabelsko til den gullfarga koplinga på brytaren som følgjer med, den blå leidninga på koplinga i midten på brytaren, og den raude kabelen med styrestraum på den koplinga som er att.

Plugg så til den kontakten som passar til kontakten som kjem ut av bjelka.


http://imageshack.com/a/img922/4998/WUxc9E.jpg

Den raude leidninga med rund kabelsko i enden skal koplast på + på batteriet.


http://imageshack.com/a/img923/2199/LbPr9Z.jpg

Den svarte leidninga med rund kabelsko skal til jord. Det er fleire jordingspunkt rundtom, den eg synst var greiast å bruke, ligg i forkant av batteriet, i botn av motorrommet.




http://imageshack.com/a/img922/1779/1hvb02.jpg
http://imageshack.com/a/img923/9672/MSbHmW.jpg

Når alt dette er gjort, skal lyset funke. Når brytaren er påskrudd, slår bjelka seg på saman med fjernlyset. Når brytaren er av, slår ikkje bjelka seg på.

Brytaren kan du få inn i kupeen via ei opning oppanfor gasspedalen, ei stor rund gummipakning. Denne kan du dra open i kanten og tre leidningane gjennom. Brytaren kan så monterast etter ønskje. Sjølv kjøpte eg ein ny brytar på Biltema som var litt mindre stygg enn den som fulgte med, men det gjer ingen forskjell. Greiaste plassen å montere er nede til venstre for rattet. Her kan du borre hol i plasten, og hengje brytaren. Då kjem du lett til på baksida for å kople til leidningane.






http://imageshack.com/a/img923/9446/qZxi5P.jpg
http://imageshack.com/a/img923/7664/CHUXg7.jpg
http://imageshack.com/a/img923/9448/CYUDxZ.jpg

Etterpå må støtfangaren monterast, ved å følgje demonteringsanvisninga i revers.

1: Hekt fangaren over hempane i overkant
2: Kople til tåkelys og parksensor
3: Trykk fangaren inn i rett posisjon, og fest klikkfestene på sidene
4: Skru fast kombiskruene i hjulbuene
5: Skru fast dei to mutterskruene og åtte stjerneskruene under fangaren
6: Skru fast mutterskruen i ladeportalen
7: Skru fast dei 8 stjerneskruene oppå fangaren

Så eit forsøk på å vise kva lys ein får. Lyser rett i buskane til naboen, så ein får ikkje sett kor langt det lyser, men ein ser tydeleg at du får eit mykje skarpare lys, og ekstremt mykje betre lys ved sidan av vegen i forhold til originalt fjernlys. Det er jo som kjend på sida av vegen hjorten står før han hoppar ut i vegen...

Bileta er teke med manuell innstilling på kameraet, så sjølv om kvaliteten er så som så, er alle innstillingane identiske på alle bileta.

Originalt fjernlys:


http://imageshack.com/a/img922/9084/ddvtDb.jpg

Bjelke:


http://imageshack.com/a/img923/8864/dgL1QA.jpg

Absolutt verdt jobben (og pengane, sjølv om det er ei dyr bjelke).

Deretter litt forbrukstal: Bjelka er på 120w. Det vil altså seie at ved ein snittfart på 60km/t vil du få eit auka forbruk på 0,2kWh/100km dersom du køyrer konstant med fjernlys. I praksis køyrer ein sjeldan med fjernlyset på i time etter time (og om ein køyrer på plassar der ein gjer det, treng ein betre fjernlys enn dei originale!).

I praksis køyrde eg min bil med fjernlys og bjelke frå Os til Haugesund, medan konebilen låg bak med nærlys. Då vi kom fram hadde eg brukt 1% meir straum på 10 mil. Det er ikkje meir enn feilmarginen ein må rekne med til vanleg. Då hadde eg òg brukt dei originale fjernlysa i tillegg til bjelka, mot kun nærlys på konebilen som låg bak. Det vil altså ikkje vere noko praktisk redusert rekkjevidde med slike ekstralys, om nokon skulle vere redde for det.

Får heller ingen feilkoder av noko slag, alt funkar tipp topp på min bil som har hatt bjelke montert i to månader no.

Håpar dette kan vere nyttig for nokon. Denne bjelka eignar seg nok godt på andre elbilar òg, men då kan ikkje eg hjelpe med korleis det er lurt å montere dei.

Eg har ikkje montert støtfangaren på konebilen att, har vore ute og justert lysa i kveld. Satsar på å få denne montert seinare i dag. Om nokon saknar bilete av noko som burde vore teke medan fangaren er av, får dei rope ut, så fiksar vi det.
#7
Kia Soul EV / Brukarhandbok
tirsdag 28. april 2015, klokken 17:25
Er det mogleg å få tak i brukarhandboka til Kiaen i .pdf-format eller liknande? Hadde vore kjekt å satt seg inn i ting før bilen kjem.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA