5
« på: Fredag 12. Mars 2021, klokken 10:43 »
Eit vanleg jordfeilvern har ein summasjonstrafo som alle faseledarane (og nullledar i TN-nett) går gjennom. Når alt er i orden er summen av alle straumane 0. Om det oppstår ein jordfeil så vil noko av straumen gå ein annan stad enn i ledarane og summasjonstrafoen måler noko anna enn 0, noko som triggar vernet slik at det koplar ut.
Problemet er dersom det er ein eller annan feil på ladaren i bilen så kan det medføre ein usymmetrisk likestraum i ein av fasane, noko som då gir ein likestraumskomponent i summasjonstrafoen. Den vil då gå i metning, noko som gjer at jordfeilvernet ikkje løyser ut, heller ikkje for "vanleg" jordfeil.
Jordfeilbrytar type B har ikkje dette problemet, den vil fungere som den skal sjølv om det er ein likestraumskomponent i jordfeilen og gi sikker utkopling.