Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Tollwut

#1
ID.4 / Periodisk service hos NAF kontra hos merkeverkstad
mandag 13. november 2023, klokken 15:16
Min id4 GTX er straks to år og det er tid for første periodisk service.
Bilen er kjørt 59.000 km

På den lokale merkeverkstaden skal dei ha 8400,- kr for periodisk service av ID4 GTX.
Det syntest eg var rådyrt og tok kontakt med den lokale NAF-stasjonen.

NAF skal ha kr 3883,- for servicen.
Servicen hos NAF skal blir registrert i elektronsik servicebok og skal iflg NAF sikre at garantien gjeld.

Kva er det evt. som er med i ein service utført av VW-verkstad kontra det ein får hos NAF, som forsvarar meirprisen?  Eller er det berre rein mjølking av kundane?

Vil jo ikkje betale meir enn nødvendig - men kva er nødvendig...?
#2
ID.4 / Sv: Noen som har fått firmware 3.1/3.2 OTA?
mandag 06. mars 2023, klokken 15:13
Har Tibber og Easee.
Id.4 GTX er fullt integrert med Tibber-appen.
Appen veit kor mykje som er att på batteriet og ladar opp til det ønskte nivået eg har definert - utan sw 3.0
#3
Polestar 2 / Sv: Erfaringer varmepumpe vs uten varmepumpe
tirsdag 24. januar 2023, klokken 15:52
Har ein VW Id.4 GTX registrert januar 2022 (med varmepumpe) og ein Polestar 2 Standard range Single motor, registrert 19.12.2022 (utan varmepumpe).

Eg bur i Vesterålen og måtte hente min nye PS2 i Tromsø.  Det er nærmare 39 mil unna.  20. desember var det kaldt - temperaturen i indre Troms var under -10 grader.  Var spent på forbruket utan varmepumpe - men må seie eg blei positivt overraska over forbruket.  På 39 mil var gjennomsnittsforbruket på 2,05 kWt/mil (med temperaturar varierande  mellom -4 til -12).  Mi erfaring er at PS2 standard range single motor (batteri 69 kWt) utan varmepumpe faktisk brukar mindre straum enn VW Id.4 GTX med varmepumpe.

Derfor - du treng ikkje vere redd for å kjøpe PS2 utan varmepumpe  :)
Varmepumpe er kjekt å ha, men ikkje noko "must".
#4
ID.4 / Korleis avslutte månadsmedlemskap for Tesla-lading?
onsdag 06. juli 2022, klokken 13:10
Eg var nyleg ein tur i Nord-Sverige. Einaste alternativ for lading om eg ville ta kortaste ruta, var to Tesla-ladarar som var opne for andre merke.  Har forstått at ein kan betale for medlemskap ein månad utan binding og få den billigare medlemsprisen - og det gjorde eg.

No vil eg ikkje bruke Tesla-ladar på mange månader og vil avslutte medlemsskapen før eg blir trekt for ein ny månad.

Korleis avsluttar ein medlemskapen? Eg finn ingen alternativ for det, verken i appen eller ved å logge inn på min Tesla-konto frå PC.  Det går ingen plass fram at eg er medlem - utover det at eg vil få medlemspris ved lading.

Er det nokon som kan hjelpe meg...?  :)
#5
CCS / ChaDeMo hurtigladere / Sv: Nye BKK ladestasjoner
fredag 28. januar 2022, klokken 14:59
Sitat fra: Lars_F på mandag 21. juni 2021, klokken 15:31
Sitat fra: Otkristo på søndag 20. juni 2021, klokken 12:58
Fra FB. Lars, kan du kommentere :)
Gode nyheter for de som planlegger tur til eller i nord i sommer.

BKK sine lynladere i Vesterålen/Lofoten er ikke så langt unna 😎

Rema 1000 Leknes klar rundt 1 juli.
Rema 1000 Andenes rundt 5 juli.


Gullesfjord Camping estimeres til 10 juli.

Sortland, Svolvær og Risøyham er fortsatt uten dato.

Ting endrer seg hele tiden, men vi satser på å få de 3 første opp før ferien ja.


Det blei berre sett opp 7,4 kW i Gullesfjord på E10.  Det er det veldig lite hjelp i...
Kva tid kjem den lynladaren som var lovt før sommaren i fjor?
#6
ID.4 / Sv: Låsbart og belyst hanskerom med kjølerom
torsdag 02. desember 2021, klokken 11:59
Lys i handtak er vel del av "Førerassistentpakke" - i lag med bl.a. ryggekamera, tjuverikontroll og nøkkelfri opning/låsing. Dvs. at dei som har betalt for "Førerassistentpakke" har opplyste dørhandtak, dei andre ikkje...
#7
ID.4 / Sv: 3-fasa lading på 230V-anlegg. Fungerer det til ID4?
torsdag 26. august 2021, klokken 16:14
Har fått svar frå ein som er «Fagtekniker og høyvoltsekspert» hos VW.

Han skriv at ID4 ikkje støttar 3-fase. Men at med Easee ladeboks, vil det som standard gå 1-fase frå boksen til bilen (om ein ikkje aktivt innstiller boksen på 3-Fas), og at det er det som er viktig.

På spørsmålet «Får eg 7,2 kW med 3-fasa 32A-kurs og er det trygt?», er svaret:

«Bilen vil kunne lade med 7,2 kW ved å trekke 32A over 1 fase. Bilen støtter ikke lading over 3 faser på 230V. Men det betyr at mellom Easee og bil skal det være 1Fas-konfigurasjon. Mellom Easee og sikringsskap kopler man opp 3-Fas med 32A simring»

På avslutningsspørsmålet «Kan eg trygt montere 3-fasa 32A-kurs til min Easee ladestsjon til ID 4 GTX? Eller bør eg nøye meg med 1-fase?»

Svar:
«Monter alltid maksimalt av hva installatør/kraftlag tillater i kombinasjon med hva hjemmeladeren (Easee) er dimensjonert for. Easee er universal og støtter lading på alle nåværende typer. Det er hva man gjør mellom Easee og bilen som avgjør hva bilen trekker av strøm. I ditt tilfelle monter 3-Fas 32A til din Easee, konfigurer til å lade på 1-fase, benytt type 2-kabel mellom Easee og bil som støtter 32A-lading. Kabelen må gjerne være 3-faset, da kan man benytte den til alle vilmodeller med type 2-plugg».

Så då er det ikkje noko problem - monterer 32A 3-fasa kurs frå sikringsskapet til Easee og innstiller Easee på 1-fase.  Då er eg sikra både for den bilen eg no kjøper og for framtida 👍

#8
ID.4 / 3-fasa lading på 230V-anlegg. Fungerer det til ID4?
torsdag 26. august 2021, klokken 12:53
Eg har bestilt ID4 GTX.  Skal no etablere ladestasjon.
Har 230V og 80A hovudsikring.

Har lese at ikkje alle bilar fungerer godt med 3-fasa kurs på 230V-anlegg - og at 3-fase på 230V
rett og slett kan skade bilen. 

Les óg at ein på ein 32A 3-fasa kurs kan oppleve at bilen ladar berre 3,6 kw og ikkje 7,2 som ein skulle forvente.

Det heiter at dersom ein skal ha 3-fasa kurs på 230V-anlegg, må ein forsikre seg om at bilen tåler dette og ladar optimalt.

Eg vil ikkje skade bilen eller risikere å få dårlegare ladeeffekt.  Samtidig ønsker eg å vere framtidsretta og montere 3-fasa, dersom dette fungerer like bra.

Nokon som har kunnskap om dette eller erfaring på området? 
Vil ID4 fungere optimalt med 3-fasa kurs på eit 230V-anlegg? 

Altså - bør eg få lagt 1- eller 3-fasa 32A kurs på mitt 230V-anlegg?
#9
ID.4 / 10 eller 12“ infotainmentsjerm
tirsdag 27. juli 2021, klokken 15:49
Skal kjøpe ein id4 GTX.  Har prøvekjørt ein med 12" infitainmentskjerm.  Standardutrustinga er 10".  Kor mykje merkar ein i praksis at skjermen er mindre?  Eller sagt på ein annan måte: Er skilnaden så stor/vil eg sakne dei to tommane så mykje at det er verd prisskilnaden til infotainmentpakke+ ?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA