Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Meldinger - Holraven

Sider: [1] 2 3 ... 5
1
Polestar 2 / Sv: Reell rekkevidde og ladehastighet
« på: Tirsdag 25. August 2020, klokken 12:48 »
Da har du rett og slett ikke opplevd nok fantombremsing.

Er ikkje alle som kjører Tesla, veit du... Ikkje hatt ein einaste fantombrems så langt, men med TMX var det nær sagt kvar gong me bruka ACC.

2
Polestar 2 / Sv: Standard vs Performance
« på: Mandag 03. Februar 2020, klokken 14:15 »
Reint praktisk: Performance gjev deg "bling" i form av felgar, kalipperar og setebelte, medan fjæringa blir "meir sporty", au kjent som hardare. Ein har i tillegg sjans til å ytterlegare stramme opp Öhlins-demparane. Samtidig mistar ein rekkevidde og fordyrar innkjøp av framtidige dekk.

I mine auge: Viss ein har behov for å utsette kroppen for ubehagelege G-krefter ved nedbremsing og samtidig sett pris på knuste ryggvirvlar ved å kjøre på gjennomsnittleg norsk asfalt, kjør på. Viss litt knæsj guloransje til femti tusen gjer livet betre, kjør på. For komfort (som framleis er marknadsført som "sporty"), økonomi og rekkevidde: Kjør standard, ideelt sett med 19''.

3
Polestar 2 / Sv: Bestilling gjennomført..noen flere?
« på: Lørdag 01. Februar 2020, klokken 19:50 »
Bestilte 16/2 med forventa levering juni. Sår tvil om at «alle» får bil i august, då sjefen sjølv uttalte på Odeon kino at fyrste leveranse kjem «by mid year» og vil då inkludere demobilar samt dei fyrste kundebilane. Håpar og trur dette stemmer, ikkje minst med tanke på planlagt bilferie...

4
Polestar 2 / Sv: Polestar pris og rekkevidde annonsert
« på: Mandag 06. Januar 2020, klokken 11:27 »
For referanse (med antatt vekt på to tonn):
BilBatteri (kWt)Kjørelengde (km)Forbruk (Wt/km)ForskjellVekt (kg)Vektforskjell
Hyundai Ioniq38,3311123,150,00 %1 5270,00 %
Tesla Model 3 SR+54409132,037,21 %1 6125,57 %
Tesla Model 3 LR75560133,938,75 %1 84720,96 %
Polestar 278470165,9634,76 %2 00030,98 %
Tesla Model S LR100593168,6336,93 %2 31651,67 %
Tesla Model X LR100507197,2460,16 %2 45961,03 %
Tesla Model X 75 (basert på eigen erfaring)75392,67191,0055,09 %2 33052,59 %

5
Polestar 2 / Sv: Av-reservert Polestar 2
« på: Fredag 03. Januar 2020, klokken 10:36 »
Hugs at PS2 i Space er ein prototyp, så "kvalitetsfølelsen" kan nok gå opp eit par knepp i produksjon. XC40 har derimot vore i produksjon i over to år nå. "Black ash"-interiøret skulle eg gjerne bytta ut med noko anna, men eg syns derimot "reconstructed wood" ser lekkert ut – men eg kan ikkje forsvare prishoppet for vår del, ikkje minst då dei ventilerte seta både er upraktiske mtp. born og i mine auge ganske stygge. Bakseteplassen kan heller ein ikkje krangle på, det er både lite beinrom grunna "batterigolvet" og låg takhøgde – men for vår del kjem me uansett til å ha barnesete på båe sider i dei næraste åra. Det blir sjølvsagt litt trangt, men det er det pokker meg i svigers sin gamle XC90 au. Elsteguten må nok over i eit mindre sete snart!

Men 450K får man jo en  brukt Tesla S 75D med facelift...
Som tidlegare Tesla-eigar kan eg ikkje tilrå det, sjølv om S er betre bygd enn X... Ikkje minst med tanke på framtidig servicebehov og -kapasitet, for ikkje å snakke om uforutsette kostnadar når bilen er utanfor garanti om nokre år.

6
XC40-EV / Sv: Volvo XC40/C40/40.1-40.2
« på: Fredag 20. Desember 2019, klokken 11:52 »
Har sjølv vurdert plassen i XC40 kontra PS2. Baksetepassasjerar har meir plass i XC40, men praktisk bagasjeromsplass er betre i PS2 fordi djubda inn mot seteryggen gjev rom for meir praktisk lessing. I XC40 må som det nemnast stablast i høgda, noko som ikkje alltid er så lett med store kolli (t.d. barnevogn). PS2 er også meir takboksvenleg då bilen er lågare.

Elles er det totale litermålet på bilar høvesvis 413+31 (XC40) og 404+34 (PS2) liter. Samtidig er det sjeldan at ein kjører rundt med bagasje i flytande form, så det er praktiske forhold som er viktigast. Frunken er utelukkande til ladekablar. Såg ein stad nokon skrive at det kunne vera plass til «to handleposer», men det er ganske optimistisk. Uansett er det kjekt å ikkje trengje tøme bagasjerommet for å få tak i ladekablane.

Spår dessutan at prisforskjellen fort blir langt over 30.000 for likt utstyrt bil, då R-Design manglar fleire gadgets som ligg i PS2 sin lanseringsmodell (td. 360-kamera, trådlaus mobillading, panoramatak, CarPlay osv.) Tippar XC40 med hengarfeste og rikeleg med utstyr nærmar seg 580.000, medan PS2 truleg ligg på rundt 500.000 med hengarfeste og vinterhjul. Prisforskjellen ligg i Volvo-merkevara, ikkje nødvendigvis i teknikken. Men det er nok mange som betalar ekstra for SUV.

Uansett. Me veit meir rett over nyttår!

7
Polestar 2 / Sv: Polestar 2 - Waymo autopilot
« på: Fredag 20. Desember 2019, klokken 10:57 »
Det er i så fall meir sannsynleg at det kjen funksjonar frå https://www.zenuity.com/, som er eit Volvo/Geely-selskap. Og i mine auge skal det ikkje mykje til å matche Tesla sin skuggeredde og svært oppskrytte AP...

8
Twizy / Sv: Burde jeg kjøpe Twizy i 2020?
« på: Lørdag 07. Desember 2019, klokken 14:03 »
Merk at elektriske kjøretøy skal betale for parkering frå 1. mars, men kun 20% av vanleg takst. Bebuarparkering kjem då til å koste 50 kr/månaden.

9
Twizy / Sv: Burde jeg kjøpe Twizy i 2020?
« på: Torsdag 05. Desember 2019, klokken 11:56 »
Forresten to ting til du har lyst på:
  • Mikrofiberklut for å tørke dogg - høgst naudsynt
  • PowerBox for å justere regenerering. Hadde sjølv ein uønska skrens i nedoverbakk i går. Slikt kan ein enkelt unngå ved å skru av regenereringa.

10
Twizy / Sv: Burde jeg kjøpe Twizy i 2020?
« på: Onsdag 04. Desember 2019, klokken 16:33 »
Er det lett å finne ladere i Oslo (hvis man må nødlade)?
Hvordan er den å kjøre i Oslo på vinter?
Finnes det en adapter for å lade med Schneider EVlink Smart Wallbox?
Er det noen muligheter for å parkere gratis i Oslo sentrum?
Er bilen såpass utdatert at man burde vente på noe nytt?
    I rekkefylgje:
    • Det er høvesvis mange offentlege ladarar i Oslo. Det finst fleire ladestasjons-appar til smarttelefon som syner deg kor dei er. Etter årets innføring av ladeplikt, betaling og makstid er det iallfall mykje lettare i Gamle Oslo. Elles er ikkje «nødlading» noko tema når ein ikkje kan hurtiglade. All lading med ein Twizy må planleggast...
    • Lett som ei trillebår. Viss det er speglblank is eller massiv sno er det sjølvsagt litt utfordrande/morosamt (stryk det som ikkje passar). Men du har altså verken antispinn, antiskrens eller ABS.
    • Sjå svar frå electrolux. Merk at det er to overgangar, ein til å stappe inn i offentlege ladestasjonar og ein til å kople ein eksisterande Type 2-pistol. Eg reknar med den du spesifikt spør om har pistol, men då vil du ikkje kunne bruke samme overgang til dei offentlege ladepunkta.
    • All offentleg parkering er gratis, men ein elbil/firehjulsmotorsykkel må fylgje same reglar som andre bilar. Om det til dømes er «2 timer mot betaling» er svaret «2 timer» sjølv om du står gratis. Og firehjuls elmotorsykkel kan sjeldan bruke motorsykkelparkering, då dei som regel er forbeholdt tohjulingar.
    • Tja. Spørsmålet er om det kjem ein ny tilsvarande bil? Den store utviklinga er nå på fullblods bilar, så eg hadde ikkje rekna med at det kjem eit ras av nye «leiketøy».
    Og elles tilseier min erfaring så langt at det er gull med støykansellerande hovudtelefonar, varm jakke, hanskar, luve og stillongs...

11
Twizy / Stolen PowerBox og batterikontroller
« på: Tirsdag 26. November 2019, klokken 08:17 »
PowerBox BT og custom battericontroller stolen frå Twizy i Oslo. Takksam for tips!

12
Polestar 2 / Sv: Bilder og media
« på: Torsdag 14. November 2019, klokken 21:25 »
https://www.dn.no/biltesten/biltest/polestar/elbil/polestar-2-en-oppsiktsvekkende-solid-debut/2-1-691676

Ligger der, men bak betalingsmur. Om noen føler kallet er det bare å screenshotte og legge den ut 😉

Papirutgåva ligg ved.

13
Polestar 2 / Polestar 2 Road Show - Göteborg
« på: Fredag 24. Mai 2019, klokken 12:52 »
Tok meg ein busstur for å sjå på Polestar 2 i levande live. Lekker sak, men kan nok bli litt knapt med bakseteplass for barn i barnesete. Bagasjerommet er ganske romsleg, medan "frunken" er kun for ladekablar. Tok litt bilde derfrå med fokus på ting ein ikkje ser så godt på pressefoto. Bilen står for øvrig på Kungstorget til og med i morgon, laurdag 25. mai. Norge blir fyrst besøkt godt utpå hausten. (https://www.polestar.com/road-show)


Sett utanfrå.


Frunken har god plass til ladekablar, men andre ting er bare å gløyme. Legg merke til fordjupninga i bakkant som har rom for jekk, medan det finst kompressor og lappe-/verktøysett under matta. Spylarvæskepåfylling til venstre er også lett tilgjengeleg.


Bagasjerommet er ganske djupt, men også litt smalt og ikkje minst lågt. Ei barnevogn tar mykje plass her, men om det stadiet er tilbakelagt er det god plass til sekkar og koffertar.


Under golvet i bagasjerommet er det også litt plass, men utforminga sett klare avgrensingar. Gunstig for vaskesvampar, ekstra spylarvæske og liknande.


Det kan sjå ut som om det både er spylar nedanfor ruta og på sjølve viskaren. Det er for øvrig også lyktespylarar.


Airwooferen frå XC40 er også på plass her.


Fargeprøver. "Snow" har litt perlemor i seg og er langt finare enn ein streit "kvit" bil. "Midnight" har ein dæsj blått.

14
Polestar 2 / Sv: Polestar 2 order ID
« på: Fredag 01. Mars 2019, klokken 12:25 »
Får nok uansett bestille på likt i Norge uansett - hvis vi står løpet ut. Kommer xc40 et halvt år senere med bedre forutsetninger, blir det ingen polestar.

Fare for at XC40 kan få litt dårlegare rekkevidde med tanke på luftmostand, då. Og usikker kva for bil som blir mest praktisk. Gler meg til å sjå litt meir av bakseter, bagasjerom og ikkje minst "framasjerommet" for å få eit meir komplett bilde!

+H+

15
Polestar 2 / Sv: Polestar 2 order ID
« på: Fredag 01. Mars 2019, klokken 10:37 »
Det kan vera reservasjonsnummeret blir generert når du startar konfiguratoren, så blir ufullførte bestillingar fjerna på eit seinare tidspunkt. Kanskje ikkje heilt rettferdig, men eg kan forstå det frå eit teknisk perspektiv.

+H+

Sider: [1] 2 3 ... 5