Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Edison

#1
Det er mange gode alternativ i segmentet mellom Mokka og Model S, så her er det vel berre ein ting som gjeld -prøvekøyring.

Eg ville ha fokusert på bilar bygd på dei reindyrka elbilplattformane frå ein produsent som er veletablert i Noreg. God rekkevidde og rask lading er alltid kjekt dei, sjølv om det ikkje blir så mange langturar.

Dei eg hadde sjekka ut:
Tesla Model 3
BMW i4
Kia EV6
Hyundai Ioniq 5
Audi Q4 e-tron

Elles er det mange spennande bilar på veg, så lista kan bli lang!
#2
Model 3 / Sv: Ny Lazer Elite 18 med "nærlysassistent" - "Matrix light"?
søndag 20. november 2022, klokken 19:30
Er det nokon som har hatt denne ei stund no, og fått gjort seg opp ei meining om nærlysassistenten er verd dei ekstra kronene eller ikkje? Første tilbakemelding her var jo ikkje spesielt overbevisande, så eg lurer på å anskaffe vanleg 18 elite i stadenfor.
#3
Er i same båt som deg, og får bil omtrent samtidig. Eg har heller ikkje klart å finne gode samanlikningar, men har køyrd 22-modellen litt, så venter i spenning.

LED Matrix blir garantert eit sakn, så her blir det nok LED-bar ganske kjapt før vintermørket set inn for alvor. Ting eg ikkje kjem til å sakna er uforutsigbar naudbrems, touch- og haptiske(?) knappar, innstillingar som lever sitt eige liv, og manglande belysning i knappar justering av temperatur og lyd.

Gler meg til å få ein litt meir vanlig betjening og infoskjermar, ekstra krefter, vanlege knappar, hurtigknapp for å slå av filholderassistent. Blir kjekt med V2L og ekstra hengarvekt. I tillegg likar eg betre Hyundai sitt oppsett for regenerering.

Meiner å hugse at Ioniqen eg prøvde var hakket stillare, men litt mindre presis styring. Håpar støynivået er vidareført og styringa stramma opp litt med 23-modellen!
#4
Kjøpe elbil? / Sv: Hvilken bil skal man velge til maks 150k
mandag 31. oktober 2022, klokken 16:41
Fornuftig valg det. Alle desse bilane vil fint klare jobbkøyringa. Adaptiv cruise er kjekt å ha. Der utgår vel Zoe, som saman med i3 er den minste bilen. Leaf er størst, men minst effektiv, og kanskje kjedeligast å køyre. Chademo-lading kan vera ein ulempe. Til gjengjeld ein bil med lite feil og mange fornøgde eigarar. Golf og Ioniq plasserer seg i midten av feltet når det gjeld plass og køyreglede. Ein godt utstyrt Golf er hakket betre på komfort og litt betre å køyre etter min smak. Ioniq (28 kWh) er den som brukar minst og ladar raskast av dei fem. Ein av dei beste på beinplass, men litt mindre bagasjerom enn Leaf. Mitt førstevalg, med Golf på ein god andreplass.

Kjenner ikkje alle bilane godt nok til å kunne vite alle fallgruver, men generelt ville eg sett etter ein bil med høgt utstyrsnivå, sidan det er lite som skiljer i pris når bilane begynner å bli nokre år gamle. Litt igjen på nybilgarantien er jo heller ikkje å forakte. Med Zoe må du vera obs på at den kan mangle hurtiglading, og har ein litt tungvint løysing for saktelading. Verd å tenke på når du ikkje har lading heime. Då er det og verd å ta med seg at Ioniq vil lade mange fleire km per time enn Leaf, og litt fleire enn Golf. Sjekk at bilen har varmepumpe. Utan det blir forbruket høgt om vinteren.
#5
Kjøpe elbil? / Sv: Elbil til familie med 3 barn?
lørdag 20. august 2022, klokken 09:06
Sitat fra: Elektro12 på lørdag 20. august 2022, klokken 08:09
VAG-trillingene er etter min forstand god valuta slik prisene er nå. Får jo ID4 2WD for under 500 lapper.

Viss dei har Model Y og den er for liten blir jo desse uaktuelle. ID Buzz derimot, ville eg hatt høgt på lista!
#6
ID. Buzz / Sv: 230v kontakt
tirsdag 24. mai 2022, klokken 11:56
Spurte forhandlar om dette, og dei visste ikkje. Men ein må gå ut frå at den henter straum frå hovudbatteriet, elles har den ikkje større verdi enn USB-uttaka. Tvilar på at effekten er like høg som i Ioniq 5 og Kia EV6, men forventar at kjøleboks og liknande går bra. For Cargo-varianten reklamerer dei med at ein kan lade batteriverktøy (men nevner ikkje el-verktøy).
#7
Hyundai Ioniq 5 / Sv: Forbruk?
onsdag 06. april 2022, klokken 10:13
Prøvekøyrde AWD med 19" vinterhjul sist veke. Forbruk 1,77 kWh/mil. Dette var med temperatur rundt 5 grader, våt vei og gjennomsnittsfart ca. 50 km/h. Sportsmodus, ein del hard akselerasjon og mykje regenerering. Syntes dette var veldig gode tall, og at det lovar bra for god rekkevidde både vinter og sommar her på Vestlandet. Er det kanskje slik at bilen er veldig effektiv i lav hastighet, men at aerodynamikken ikkje er så ideell for motorveghastighet?
#8
Kjøpe elbil? / Sv: Trenger hjelp og råd til kjøp av elbil
onsdag 30. mars 2022, klokken 12:56
Den nye Toyotaen (med eit namn eg måtte slått opp for å stave riktig) ser ut til å oppfylle alle krava dine. Meiner det var oppgitt 20 cm bakkeklaring og veldig gode terrengeigenskapar. Lanseringspris er 438 000 for gabske bra utstyrt basismodell, inkludert serviceavtale. Med tillegg for frakt, lakkvalg og vinterhjul vil eg tru du havnar greit under 500 000 for den.
#9
Kjøpe elbil? / Sv: Elbil til ca 130.000 kr?
onsdag 30. mars 2022, klokken 12:52
Eg har køyrd ein del Bergen - Stavanger med Ioniq 28 kWh. Sommarstid går det stort sett fint utan lading, mens i vinterhalvåret blir det 5-15 min lading på vegen. Heilt uproblematisk tur med denne bilen. Viss du er veldig skeptisk til å ha eit kort ladestopp er vel Zoe einaste alternativ, men du mister ein del plass, komfort og funksjonar som er kjekke å ha ift. Ioniq.
#10
bZ4 / Sv: Prisen i Norge er klar
mandag 28. mars 2022, klokken 19:03
Innstegsprisen er god, og basismodellen er OK utstyrt, sjølv om 8» skjerm er ganske spartansk. Med alt utstyr er ein oppe i same pris som Model Y, Ioniq 5, ID4 osv., og då når ikkje Toyotaen heilt opp for min del. Men så er rekkevidde, plass og hengarvekt viktige eigeskapar for meg.
#11
Kjøpe elbil? / Sv: AWD, 5-600k ? Hva burde man velge?
søndag 27. mars 2022, klokken 19:00
Model Y er vel av dei få som klarer 30+ mil vinterstid i Finnmark. På bakkeklaring er den ikkje ein vinnar, men kanskje OK.
#12
Nissan Leaf kan vel møte dette behovet. 40 kWh får du under 250 000, mens 62 kWh ligger på 300 000. Har du medlemskap eller jobb som gir rabattavtalar? Agrol-rabatt på Leaf er 14-16 %.
#13
moby666, testa du med trekket for, om det var meir vindstøy då og? Alternativa om ein bestiller i dag er jo enten vision roof eller ståltak, så det er 20 000 i tillegg for vision roof. Men då inkluderer det automatiske dørhandtak og finare (subjektivt) felgar med betre dekk. Vanskeleg valg!
#14
Lurer på det samme som Christian. Om ein ofte lastar ting på taket, er det ein fordel eller ulempe med glastak då? Lakk får vel lettare riper, men ståltaket knuser jo ikkje.. Tåler glastaket ein støyt?

Lurer også på desse handtaka, som for min del og kanskje er den største grunnen til å gå for panoramatak (har aldri hatt glastak, så eg veit ikkje kva eg får eller går glipp av der). Er det virkeleg så irriterande å måtte vippe ut handtaka sjølv?
#15
Hyundai Ioniq 5 / Sv: Oppgradert i5 bekreftet
søndag 06. mars 2022, klokken 13:04
Eg meiner det har vore lovnadar om det, men då er det jo litt rart at dei lanserer det som ein av dei tre oppgraderingane. Får håpa det kjem på alle bilar, då dette sikkert opplevast som ein mangel når det går ut over ladefarten.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA