Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Teslaguten

#1
Tesla Pickup / Sv: Har du bestilt cybertruck?
tirsdag 26. november 2019, klokken 14:59
Var det noko slikt du tenkte på?? :laugh: :laugh:
#2
Tesla Pickup / Sv: Har du bestilt cybertruck?
lørdag 23. november 2019, klokken 22:20
Ja, to med FSD og begge stadfesta via mail.
Treng ikkje pickup, men med den rekkevidda på Tri Motor og plass til surfebrett, ski, ATV og ymse, så var det jo bare å slå til.
Og sidan Dual Motor visstnok kjem først, vart det ein bestilling av den og.
Folk kan meine mykje om designet, men har aldri møtt pilotar som takka nei til å fly F117 fordi maskina såg ut som eit flatbanka strykejern.
#3
Lading av Tesla / Sv: Etterlysning!! Frakteoppdrag til Brokelandsheia
søndag 03. januar 2016, klokken 23:56
Check PM
#4
Model S 2013 - 2022 / Sv: Bør jeg angre mitt kjøp?
tirsdag 01. desember 2015, klokken 12:14
Det er nokre som har vore uheldige og fått ein skikkeleg mandagsbil av Tesla, det er heilt klart. Dei bilane som stadig må inn på verkstad med alvorlege feil utan at feilen blir endeleg reparert, er heldigvis få. Men frustrasjonen hos eigarane stig nok eksponentielt med antall verkstedbesøk, og det har eg all forståelse for.

Oss andre 99% av Tesla eigarar er nok veldig fornøyd med bilen.
Eg har sidan nov-13 fått ca 60k km i S85, 6k km i 70D og til no 11k i P85D. Alle bilane har vore meir eller mindre problemfrie, sjølv om eg har fått bytta DU 2 ganger og bilane har hatt vanlege problem som dugg og vatn her og der. Alt uansett i MikkeMus kategorien, meir lett irritasjon og ingen grunn til å klikka i vinkel. Ingen driftstopp, havari eller feil som har stoppa bilen.

Tidlegare bilar har eg som regel hatt større og fleire problem med.
Det gjeld alt frå Alfa Romeo, Golf GTI, Porsche 911, VW Tiguan og Audi Ur-Quattro. Utan at eg har vore misfornøyd med bilane av den grunn, det er jo mekaniske innretningar som før eller seinare vil utvikla feil.

Tesla har utan tvil vore det beste bilkjøpet eg nokon gang har gjort.
P85D den beste bilen eg har hatt reint kjøremessig, men 70D er utan tvil den pakken som gjer mest valuta for pengane.

Gled deg til jul og ny 70D, eg garanterer du ikkje treng lang tid for å innse at du har ingen grunn til å angra!

Det må i fall vera at du ikkje bestilte Tesla for lenge sidan
#5
Model S 2013 - 2022 / Sv: Calling P85D owners world-wide
søndag 01. november 2015, klokken 21:19
Sitat fra: Elbil fundamentalist på søndag 01. november 2015, klokken 20:06
Sitat fra: Havebigfun på søndag 01. november 2015, klokken 13:45
Det er en 3. faktor:
Unngå flere hundre P85D- eiere som er knallsure fordi de har blitt lurt og får tilbud om tilbakekjøp samtidig som en 85D nå koster det samme som det vi betalte for P85D- 85D kunne vi kjøpt for 120k mindre den gangen.
Spørs om Tesla tar seg råd til å erte den mest loyale kjøpergruppen ytterligere, som attpåtil har den største kjøpekraften.
De har gjort det noen ganger før, eks da Sig- bestillere som hadde forskuttert mange penger i lengre tid fikk bilene levert etter std kunder høsten 13 :(

Hvis man tolker presseansvarlig rett har de desverre ingen smerter med det...
120.000 er da uansett billig for å få +/-500hk og 400NM mer vs 380hk? Oppgraderingen av 85D kom først i april og har vel da ingenting med saken å gjøre? Da hadde P85D eierne fått gleden av å være først ute og fått skinne i rampelyset i 2 mnd, å være midtpunktet hos venner og familie der dere kunne kjøre deres private "speedmonster" med alle som ville sitte på, men spontanlatter tommel opp. Stemningen var rimelig kuul i P85D "kirken" da, var den ikke? Nå er selveste Teslaguten blitt deppa også... Snakk om å snu suksess til nederlag!!

Man trenger ikke å være spesielt kjøpesterk for å kjøpe hverken P85D eller 85D med de fordelene eilbilmiljøet har fremskaffet til dere og alle andre som kjøper elbiler i alle prisklasser. Griseheldige har dere vært!! Er dere likegyldige til at denne saken skader den elbilsatsingen som muliggjorde kjøpet i utgangspunktet??
[/

Eg kjøpte ikkje P85D for å gleda meg over å vera først ute, skinna i lampelyset, vera speedmonster etc.

Bilen vart bestilt straks den var tilgjengeleg, med utsatt levering til september/oktober 2015.
Stemninga i kyrkja var og er irrelevant til kva som er fakta. Same gjeld hektoprisen for effekt og dreiemoment.

Det var primært 4-hjulsdrift i kombinasjon med ytelsar av ein ny dimensjon som gjorde at det vart P85D, og ikkje 85D. Og marknadsføringa til Tesla var så bra at eg putta kr 120 000 ekstra i lomma på Elon Musk&Co.
Tesla har ikkje levert det dei har lova, og då forventar eg at dei ordnar opp.
Og Teslaguten er ikkje den som deppar, og alle får høve til å komma med ei forklaring og forslag til løysing når det er eit problem.

Tesla har i denne saka ikkje gjort det, og det tek eg konsekvensen av.
Eg likar å bli behandla som folk når eg legg igjen millonar av kroner hos eit firma.
Når mi subjektive kjensle av Tesla som firma no er i strid med det, så er det mitt valg å ikkje handla meir med Tesla. Kva andre gjer, er opp til den enkelte.

Eg skal heller ikkje greia ut om dei politiske baktankane som gjorde at elbilar i Noreg har fått unike betingelsar. Det er vel ikkje tvil om at enkelte på Løvebakken tenkte at desse fordelane kunne redda Think. Og hadde det eksistert ein einaste Tesla då, så hadde aldri elbil-fordelane vorte av slike dimensjonar.

Kor griseheldig vi har vore kjem vel an på kor rasjonelt du kan tenka;
I Noreg har vi fått tilgang til ein bil som utan samanlikning gjev det beste kost/nytte forhold til 90% av alle privatbilistar.
Eg godtar heller ikkje at eg står i gjeld til "Elbilmiljøet", og at vi P85D eigarar skader elbilsatsinga.

Det som skader, er Tesla som ikkje viser vilje til å retta opp beviselege feil i eit produkt dei har solgt under falskt flagg.

Money talks, and my money walks. To someone else than Teslamotors Inc.
#6
Model S 2013 - 2022 / Sv: Calling P85D owners world-wide
søndag 01. november 2015, klokken 20:24
Sitat fra: Elbil fundamentalist på søndag 01. november 2015, klokken 20:06
Sitat fra: Havebigfun på søndag 01. november 2015, klokken 13:45
Det er en 3. faktor:
Unngå flere hundre P85D- eiere som er knallsure fordi de har blitt lurt og får tilbud om tilbakekjøp samtidig som en 85D nå koster det samme som det vi betalte for P85D- 85D kunne vi kjøpt for 120k mindre den gangen.
Spørs om Tesla tar seg råd til å erte den mest loyale kjøpergruppen ytterligere, som attpåtil har den største kjøpekraften.
De har gjort det noen ganger før, eks da Sig- bestillere som hadde forskuttert mange penger i lengre tid fikk bilene levert etter std kunder høsten 13 :(

Hvis man tolker presseansvarlig rett har de desverre ingen smerter med det...
120.000 er da uansett billig for å få +/-500hk og 400NM mer vs 380hk? Oppgraderingen av 85D kom først i april og har vel da ingenting med saken å gjøre? Da hadde P85D eierne fått gleden av å være først ute og fått skinne i rampelyset i 2 mnd, å være midtpunktet hos venner og familie der dere kunne kjøre deres private "speedmonster" med alle som ville sitte på, men spontanlatter tommel opp. Stemningen var rimelig kuul i P85D "kirken" da, var den ikke? Nå er selveste Teslaguten blitt deppa også... Snakk om å snu suksess til nederlag!!

Man trenger ikke å være spesielt kjøpesterk for å kjøpe hverken P85D eller 85D med de fordelene eilbilmiljøet har fremskaffet til dere og alle andre som kjøper elbiler i alle prisklasser. Griseheldige har dere vært!! Er dere likegyldige til at denne saken skader den elbilsatsingen som muliggjorde kjøpet i utgangspunktet??
#7
Model S 2013 - 2022 / Sv: Tesla på finn.no
søndag 01. november 2015, klokken 19:46
Fekk 530k med 1 standard sett hjul. Fornøyd med prisen, ryddig handel.
21" grå blir lagt ut på Finn, så det blir nokre kroner der og.

Min sto 1 veke på Finn, tok ikkje bryet med å leita fram danske sider.
Men det kan nok vera lurt.
Har du kjente i Danmark som du kan "selga" bilen til, for så å videreselga utpå nyåret med dansk registrering, så kan det vera ekstra lurt :)
#8
Model S 2013 - 2022 / Sv: Tesla på finn.no
søndag 01. november 2015, klokken 19:04
Ser veldig fint ut!
Ha litt is i magen, tippar bilen din går til Danmark for ønska pris.
Min gamle 85S reiste med Superspeed til Hirtshals idag for nytt liv i Danmark, oppkjøpt av ein forhandlar.

Når årsskiftet nærmar seg, så vil det nok vera mange danskar som vil kjøpa brukt Tesla i Norge.
Danskane forstår seg visst godt på kroner og øre... ;)
#9
Model S 2013 - 2022 / Sv: Calling P85D owners world-wide
søndag 01. november 2015, klokken 18:54
Tesla har på kort tid greidd å ruinera den unike tilliten som var bygd opp mellom firmaet og kundane. Då snakkar eg om dei av oss som fekk levert bil tidleg, og som har kjøpt P85D basert på lovnadene om ein bil med fantastiske ytelsar.

Eg veit at 700hk er ytterst hypotetisk, dreiemomentet er omtrent einaste som faktisk er ihht lovnadane frå Tesla.
Hadde informasjonen om at effekt på P85D faktisk kun er ca 50hk over ein P85 og skilnaden til 85D nærmast marginal, ja da hadde dei knapt fått nokon til å kjøpa P85D. Dei fleste hadde handla 85D, og det angrar eg på at eg ikkje gjorde.

P85D er ein fantastisk bil, men det er jaggu også 85D.
Problemet til Tesla er at eg føler meg lurt etter å ha betalt kr 120 000 ekstra for noko som nærmast er knappar og glansbilder.
Eg har skrive og bedt om tilbakemelding frå Tesla på korleis dei vil løysa problemet. Ikkje hørt ein lyd, og det irriterer meg.

Ein ting er heilt sikkert, kjem det ikkje til ei rask løysing, så kjøper eg ikkje så mykje som ein caps frå Tesla.
Min X-reservasjon kan dei få tilbake, det finns snart fleire gode alternativ.

Eg kan tola mykje av lange ventetider på service, småkrøll med bil, forsinkelsar på nye modellar etc.

Men å bli lurt og møtt med arroganse, det aksepterer eg ikkje.
#10
Model S 2013 - 2022 / Sv: TMS bruktbilpriser
torsdag 15. oktober 2015, klokken 16:08
Du får nok lett ein bil prisa til 600k for 500k. Det er bare å betale med danske kr
#11
Kjøp og salg av deler og utstyr / Sv: Michelin Pilot Sport 3 19"
mandag 31. august 2015, klokken 18:56
Hei!

Sjekk PM.
#12
Model S 2013 - 2022 / Sv: Elon Musk twitter til Bjørn
mandag 10. august 2015, klokken 17:14
Gratulera Bjørn! Vel fortjent ;)
#13
Sitat fra: Trønderleaf på onsdag 13. mai 2015, klokken 12:57
Dette blir aldri idiotsikkert og det er litt rart at det er lovlig å bruke ACC uten et grundig kurs først.

Fly er fulle av autopilot funksjoner og der har pilotene grundig opplæring i overvåking av slike systemer, og spesielt i hvilke begrensninger de innebærer.
Det er i grunn veldig viktig at den som bruker slikt har kompetanse til å oppfatte når systemet ikke gjør slik det skal, eventuelt slår seg av. Det er små marginer når man ligger i motorveihastighet.

Og tror man kan vente lenge for at autopilotfunksjonene skal bli lovlige å bruke. (tenker ikke på ACC)

Trening og kompetanse er alfa&omega.

Etter 30+ år i cockpit på alt fra WW2 fighters til full- automatiserte Boeings,
så er det lenge sidan fasinasjonen over automatikken vart bytta ut med skepsis. Trenden med å introdusera meir og meir automatikk for å gjøra rutineoppgåver enklare,  er for så vidt grei når alle parter har god kunnskap til kapasitetar og begrensningar.

Det er ikkje tilfelle når Tesla brått har vårslipp på hypermoderne teknologi ut til alle som kan betale.

Eg er overraska at eit amerikansk firma, forankra i ein kultur med søksmål og enorme erstatningsbeløp, tør å selga eit slikt teknologisk avansert produkt
utan signering av allslags juridiske avtaler som fritar Tesla for ansvar.


#14
Vi kjem dessverre til å få fleire slike ulykker. Overdreven tru på kapasiteten til automatiske system som ACC, autopilot, autobrake, lane change etc er risikabelt.

Når sjåføren i tillegg har minimalt med trening i bruk av system og liten kompetanse om begrensningane, så er det ein livsfarlig kombinasjon.

Tesla+automatiske system+inkompetent sjåfør
= runaway cruisemissil på 4 hjul  :o

#15
Model S 2013 - 2022 / Sv: Vatn inni(!) bakluka
søndag 10. mai 2015, klokken 14:58
Kom nett ein liten foss av vatn fra bakluka på min bil også..  :'(
Stått parkert ute fleire dagar, tildels kraftige regnbyger.

Baklyktene kunne lett fungert som akvarie for småfisk, og mistenker problemet har vore der ei stund. Trur skade fra vatn er grunn til at dioder i øvre bremselys ikkje funkar.

Er det henvisning frå Tesla til Drammen Karosseri som er resepten her?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA