Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Jak

#1
Kjøpe elbil? / 50 kwh - hva er poenget
onsdag 15. juni 2022, klokken 12:41
Citroen berlingo kjem som ny elbil med batteri på 50 kwh, i 2022... ka e poenget liksom, nok ein bil som har for kort rekkevidde. Håplaust, sett opp mot alle dei andre elbilane som kjem ut på markedet no. Det er jo som å lansera ein bensingbil med 15 l tank. Dersom denne hadde hatt minimum 60 kwh så hadde den vore eit alternativ, både i pris og rekkevidde.  Frustrert!
#2
Euniq 6 / Sv: Euniq 6
tirsdag 24. mai 2022, klokken 12:56
Hei,
har akkurat hatt 1 t i denne bilen. Merk at eg brukar bil som nytteredskap og bryr meg lite om komfort og har lite erfaring med dyre kvalitetsbiler.
Her er mine inntrykk: Stor romsleg bil som er ok å kjøre. Fin innvendig og gode sete. Minus: sete kan kun flyttast att og fram og rygg opp og ned, og ratt kan kun flyttast opp og ned, så dersom sete og ratt passer så er det bra men manglar tilpassing dersom det ikkje passer, for meg gjorde det at deler av rattet ligg framfor display. Ut over det så har skjerm kun touch på en del ting og det er for mykje grafikk i display som eg kunne vore foruten. Bilen er ikkje tight i kjøringa, dvs fjøring og slik flyt litt men eg synes det var heilt greit. Prøvde på litt ujamn veg og det går greit. Ser elbil sin test klagar på merkeleg regenerering. Denne kjem med 3 ulike innstillinger, der den som er nr 3 er nesten full bremse medan den "svakaste" nr 1 fungerar tilnærma normalt, sjølv om det går eit par sekund før den slår inn. Kjørte litt motorveg og litt landeveg, hadde att 188 km og 55% på batt, forbruk 21.5 kw, så rundt 400 km med 12 grader og regn.
Oppsummert så er dette ein stor bil men ikkje optimale kjøreegenskaper men det kjem kanskje av at det er stor akselavstand og stor bil vs e-niro og MG, største minuset for meg er få justeringsmoglegheiter sete og ratt.
#3

Men vi kan snu det på hovudet. Eg kan køyre bil fordi eg bur litt vanskeleg til, jobbar i eit av dei store næringsområda som alltid ligg utanfor sentrum og med det har dårleg kollektivdekning, og eg skal levera barn i barnehage, og i tillegg realisera meg sjølv og få tid til alt mogleg i fritida mi. For å få tid til dette og jobbe fulltid så må eg køyre bil, og eg meiner at det er det minste samfunnet kan gjera er å tilrettelegga for meg slik at eg kan sleppa å gå på akkord med mine egne valg. Men når eg har valgt å bu på denne plassen, når eg har valgt å jobbe 100 % i den jobben, når eg har valgt å få ungar som skal i barnehagen, kven er det då som skal ta konsekvensane av dei valga? Skal andre sine skattepengar brukast på tilrettelegging for meg? Eller skal eg ta konsekvensane av mine egne valg?

Dette er sett på spissen men det er ei oppfatning at samfunnet skal bruke enorme ressursar på å tilrettelegga for at folk skal kunne bu kvar dei vil og jobbe kvar dei vil. Imidlertid så er dette elendig ressursbruk. Eg veit veldig godt at alle kan faktisk ikkje bu kvar dei vil eller få ein ok jobb overalt samtidig som ein har litt kontakt med familie (og i tillegg når Bergen kommune meiner dei har full barnehagedekning som inneber at enkelte får barnehage 6 mil bustad og i motsatt retning frå jobb), men det er like fullt eit valg som den enkelte tek.

Kvifor skal mine skattepengar brukast til å tilrettelegga for at folk i oslo vest skal kunne køyre enkelte inn til jobben sin? Bompengar gjer at brukarane faktisk betalar, noko eg synes ser rettferdig. Til meir du brukar ein veg til meir bør du betale. 
#4
Sitat fra: ZerOmancer på tirsdag 27. mai 2014, klokken 00:06

Framsynd og konstruktivt? Når den har blitt doblet to ganger allerede, uten merkbar effekt på annet en lønninger og boligpriser  vil jeg heller kalle det en gammel vane.. ;D


Feil, I år i forhold til i fjor har det vore ein klar nedgang i biltrafikk inn til sentrum. Auka økonomisk belastning, enten ved parkering eller bompeng, er det som har klart best markert effekt på endra bruksvaner, jf. x antal publikasjoner og forskning på området, f eks frå transport økonomisk inst.
#5
Sitat fra: Amoss på mandag 26. mai 2014, klokken 16:57
Feil, det er tre ting som fungerer, og du har glemt den viktigste biten: Å faktisk ha ett kollektivtilbud som tilfredsstiller behovet for de man vil ha over på dette. Nå er ikke jeg i fra Bergen, så om kollektivtilbudet der tilfredsstiller aner jeg ikke noe om. Men her jeg bor blir man i alle fall IKKE tilfredsstilt av kollektivtilbudet :p

Nei, sjølv på plassar med eit godt kollektivtilbod så vel mange å køyre med bil, så det godt kollektivtilbod åleine er ikkje nok. Det må i tillegg vera ein stor (ikkje berre liten) ulempe å bruke bilen. Dette fordi det for den enkelte er meir tidsbesparande å køyre bil, kan styre over når og kor ein fer i tillegg til at det er større komfort.
Men så klart dersom det ikkje er noko alternativ har ein heller ikkje noko val. Imidlertid har alle som jobbar i større bysenter i Noreg eit alternativ.
#6
Dobling av bompengesatsen i bergen er noko av det mest konstruktive og framsynte som har skjedd i forhold til handtering av trafikken i bergen. Med ei forventa folketalsauke på 120 000 i og rundt bergen innan 2030 så vil det ikkje vera mogleg å bygge nok vegkapasitet, derfor må trafikkavviklinga (les: transport av folk) verta meir effektiv slik at vi klarar å oppretthalde eit næringsliv i Bergensområdet. Då nyttar det ikkje med kvar mann sin elbil. To ting fungerar for å få folk over på kollektivtrafikk; færre p-plasser og høgare kostnad.
#7
Kjøpe elbil? / Kjøpekontrakt eller berre epost?
fredag 31. januar 2014, klokken 09:00

Hei,

er det godt nok å sende ein avtale pr epost som selger/kjøper bekreftar ved kjøp av bil eller bør det vera utforma ein kontrakt der begge signerar (som er litt utfordrande når ein kjøper bil langt vekke frå)?
Dersom ein skulle kome opp i ein uenighet kva vil vera godt nok?
#8
Takk for tips, sendt epost.
#9
Takk for svar!

Skal starte å pendle til jobb med to stk bompasseringar. Ser i elbilkalkulator at dersom eg kjøper fossilbil kontra elbil til 20000,-, så vil Kostnad/utgifter vera 26.000,- meir på fossilbil enn elbil i året. Dvs at eg kan spandera 25.000,- i rep pr år og framleis gå i "pluss".

Kan alltid eit batteri fiksast på desse bilane?
#10

Ser på denne:
http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=46116270

er det vill gambling å kjøpe denne for ein med gjennomsnittleg evner innan elektronikk og motor?

At den bruker meir kjølevatn er det lik snart batterihavari?
#11
Kjøpe elbil? / Sv: Garanti på importbiler
fredag 10. januar 2014, klokken 17:53
Tusen takk for gode svar!
#12
"Nye" TH!NK City produsert fra 2008 - 2012 / Think verksted Bergen
tirsdag 07. januar 2014, klokken 17:44
Nokon som veit om det eksisterar noko i Bergen?
#13
Kjøpe elbil? / Sv: Garanti på importbiler
tirsdag 07. januar 2014, klokken 14:43

Ok, men i norge er nybilgarantien 5 år / 120.000 km, er ikkje dette det same som fabrikkgaranti?
#14
Kjøpe elbil? / Garanti på importbiler
tirsdag 07. januar 2014, klokken 12:14
Hei,


vurderar ein bil frå eit einmannsselskap til ein grei penge, importbil. Dersom ting går til h.... kan ein då levera den inn på kva som helst peugeotforhandlar og få det fiksa på generell garanti (har alle biler nybilgaranti?)eller må eg gjennom forhandlar (som kanskje ikkje eksisterar lenger)?

mvh
J
#15
Vanleg spørsmål men er denne noko å satse på?

http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=45989065

Kva kan eg forventa meg av feil? Evt kva vedlikehold må utførast framover?

Og finnes det plassar i Bergen som driv med vedlikehold på Think?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA