Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Hamiso

#1
Hei, Svingen og Nilssen!
Takk for tips.
Har smurt ein del under der utan å få giret i D.
Elles er vel dei elektroniske feilmeldingane noko anna? Eller tenkjer de at det kan ha ein samanheng?
#2
Ok.
Takk. Har sendt deg ei melding her.
H.
#3
Hei, Engolf!
Nei, bilen tar ikkje imot lading etter den siste feilen. Men batteriet har halde seg bra. Er berre to-tre strekar i minus.
H
#4
Det blir eit spørsmål om å vere eller ikkje vere nå for ein Citroen C-Zero, kjøpt seint 2012, køyrd omlag 150.000 km.
Har hatt problem med gir ei stund, å få den i "drive". Og i løpet av siste vinter vil den heller ikkje starte ("plinge"). Får opp følgjande feilmeldingar frå diagnoseverktyet, som ikkje lar seg slette:

"Electric vehicle management ECU - Fault 1" og "Fault 2"
"Instrument panel -- meter - Fault 1"

På instrumentpanelet lyser gult lys med bil/utropsteikn og batteri.

Har tidlegare skifta 12-voltsbatteri, som har vore vedlikehaldslada til nå.

Bilen var direkteimportert og er prega av mykje rust på undersida. For to år sidan blei bremserøyr skifta, så det er i alle fall i orden.

Eg trur det kanskje er enkle grep som skal til for å få vekk feilmeldingane, som skifte av sikring e.l. Skulle gjerne ha lært meir om fiksing av ein slik bil. Dermed kunne det kanskje ha vore ein bil som framleis kunne blitt brukt til korte turar. Synes 150.000 km er kort levetid for ein bil.
Så eg lurer på om det er nokon som har moglegheiter til å ta ein tur til området Eidsvoll og sjå på den, og vurdere om det er liv laga?
Hadde vore interessant å formidle eit overlevingsprosjekt i denne gruppa.
Vennleg helsing;
Halvard
#5
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / Sv: Gir og smøring
onsdag 09. desember 2020, klokken 07:21
Har hatt mitt problem sidan seinsommaren. Det har ikkje hjulpe med 5-56 så langt, pastor. Kanskje fordi eg og brukte wd40 i starten. Rustløysar er nok ikkje dumt. Og rådet om tannbørste høyrest bra ut. Så tenkjer eg vil ofre tennene mine nå...
#6
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / Sv: Gir og smøring
onsdag 02. desember 2020, klokken 14:55
Takk, Engolf!
Park, revers og nøytral fungerer, ja. Så det verka på meg som at det er ein slags slark, sidan den nedste, "drive" ikke blei aktivert. Skal sjå om eg får spylt.
#7
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / Gir og smøring
tirsdag 01. desember 2020, klokken 13:04
Veit det er mange postar om girproblem med trillingen, og diverse løysingar.
Mitt problem er litt annleis, trur eg.
Hadde nokre feilmeldingar tidlegare som eg fekk bort ved hjelp av eit analyseverkty.
Men litt seinare fekk eg ikkje satt giret i "drive". Har spraya girvelgaren under bilen i lang tid med 5-65, men ikkje fått noko betring med det. Tenkte at det kanskje er noko som må justerast eller strammast?
#8
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / Sv: "Null hull!"
onsdag 26. februar 2020, klokken 12:02
Hei og takk for svar!
Ja, fann i mellomtida den tråden.
Har fulgt eit råd om å smøre over lenger tid, så har spraya 5-56 over fleire dagar på giret bak. Og i dag ser det ut til at det er i orden. Flytta girspaken fram og tilbake fleire gonger, og nå blir det registrert at den er i både "park" og "drive" som den skal.
Så det er kanskje eit tips til fleire, før dei kastar seg ut i dyre verkstadbesøk eller meir komplekse delebytte....(oppdatert)...det vil seie, bilen gjekk i to dagar, så kom det gule varsellyset med utropsteikn opp, og bilen ville ikkje lade...deretter varsellys for 12-voltsbatteri og bilen vil ikkje røre seg heller. Nå ser eg etter nytt startbatteri.
...12 volts batteriet var dødt. Men etter skifte til nytt batteri, lyser framleis gult varselslys og lys for 12 voltsbatteriet. Og bilen vil ikkje starte og lade. Så nå veit eg ikkje.
#9
Har eit problem med å få bilen i "drive". Har skifta girolje og smurt bevegelege deler ved girkassen, men det verkar å vere ein slark e.l. Det verkar på meg som at det kan vere ei enkel løysing ein stad. Har nokon eit forslag?

...elles...siste nytt;
Bestemte meg i haust for å framleis ha bilen. Den er ganske slitt, og batterikapasiteten ein god del svekka (5-6 mil på vinteren). Men kan fungere som bil nr. 2 til kortare turar. Bilen blei kjøpt i slutten av 2012, og vart etterkvart den den einaste bilen me hadde, så den har fått køyrd seg (120.000 km). Etter mars 2019 har ein TM3 overtatt som hovudbil. Pleier elles sjølv å sykle til jobb, så nå kan Citroenen gå over i pensjonstilvære og kun brukast ved spesielle behov eller som alternativ til butikk og slikt. For elles fungerer den imponerande fint. Gutungen var inne i den i sommar og hadde slått på kupelys, slik at 12-voltsbatteriet blei flatt. Etter ein "jumpstart" var det i gong igjen. Imponerande at det vesle batteriet framleis held koken.
Bremserøyra og eit hjullager blei skifta i haust (til 13.-14.000,- trur eg det var), og bilen blei EU-godkjend. Fekk elles melding frå verkstad om at noko bør gjerast med rust for at bilen skal kunna godkjennast om to år, og tenkjer å spandere slik Fluidfilm på den snart. Har høyrt at det skal vera eit firma ved Gardermoen. Bilen er direkteimportert og har veldig mykje rust i karosseri, rammer og slikt.

Fekk eit større problem hausten 2018, då eg ikkje fekk bilen til å lade og køyre. Bilen blei sendt til verkstad med Falken, men verkstaden klarte ikkje å løyse det skikkeleg. Trudde lenge det var noko med elektronikken, men meiner til slutt eg fann årsaka; Ved eit tidlegare verkstadbesøk blei girolja skifta. Og etter det trur eg ikkje dei har skrudd tappeskruen skikkeleg igjen, slik at det har lekka girolje. Dermed stod ikkje bilen i "park" slik at bilen ikkje kunne lade, og eg fekk heller ikkje satt bilen i "drive". Etter oljepåfylling og smøring gjekk bilen sånn nokonlunde. Men i det siste får eg berre satt den i "park", "reverse" og "neutral", men ikkje i "drive". Så det problemet eg innleia med kan jo skuldast slitasje i girkassen. Men håpar det er ei enklare løysing enn å skifte heile girkassen eller noko slikt.
#10
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / Sv: "Null hull!"
mandag 30. september 2019, klokken 16:15
Takk, Engolf!
#11
Mitsubishi i-Miev / Citroen C-Zero / Peugeot iOn / Sv: "Null hull!"
mandag 30. september 2019, klokken 14:45
To nye år har gått, ny EU-kontroll...og nå er det slutt på "null hull"-skrytet. Sit og forbannar vegvesenet si vintersalting og stiller spørsmål ved om det går mot slutten på mitt eigarskap av bilen.

Opna golvluka i bagasjerommet i sommar, og fann mykje rust og salt på innerskjermar og diverse. Ein kikk under på EU-kontrollen viste òg mykje rust.

Og EU-kontrollen konkluderte med rust og sprekk i bremserøyr, slik at bakbremsane ikkje virkar.
Er i kontakt med ein verkstad, Snap Drive på Dal, Øvre Romerrike for å sjekke kostnad. Dei vil fyrst sjekke om bremserøyra ligg over hovudbatteriet. I tilfelle meiner dei det blir for komplisert, og at dei ikkje vil gjere det. Dei kommenterte elles at dei syntes det var veldig tidleg med øydelagte bremserøyr på ein bil som er køyrd i omlag seks år.

Er det nokon som veit noko om korleis bremserøyra er plassert? Og om verkstader i området Øvre Romerrike som er i stand til å gjere dette? Og kva det kan koste?
#12
Vel, til dei som måtte vera interessert;
Kona drog med bilen til Mekonomen Årnes. Og prisen enda på....
21.197,-
Det er jo gjerne det som skjer når bilen er levert, og dei på verkstaden seier at her er det ein del meir, og det er lite ein kan få gjort med det, sånn i farten.
Det var for
-skifte av to vinterdekk framme
-skifte av begge hjullagra framme
-skifta bremseskiver og klossar begge sider framme, skifta kalipperar begge sider framme, smøring
-firehjulskontroll og justering...
ja.
Så reservane berre flaug ut.
Sit akkurat nå og forbannar den austnorske saltinga.
#13
Har problem med å bruke ladarane til "Lade i Norge" som Nes kommune tilbyr på Årnes, på vår 2012 C-Zero.
Har registrert rfid-kortet (Elbilforeningen) i "Lade i Norge", support i "Lade i Norge" bekreftar at dei har registrert at ladekabel er plugga i bilen, dei har til og med krevd betalt, basert på antal minutt ladekabelen var plugga i (men fjerna kravet etterpå). Det er berre at ladinga aldri startar. Andre elbilar, til og med andre trillingar, ser samstundes ut til å få lade utan problem.

(Oppdatert:) Har stort sett ikkje opplevd problem med lading andre stader. Det vil seie; ladeboksane på Jessheim storsenter har etterkvart blitt noko kranglete. Sist gong rapporterte kona at det byrja å lade, så stoppa det, fleire gonger. Så kom det eit gult varselikon på skjermen i bilen. Men ved å bytte til andre ladeboksar fann ho til slutt ein som fungerte. Så er det desse nye sakte-betal-ladeboksane som er problemet? Fryktar at desse boksane skal øydelegge ein elles velfungerande bil.

I forhold til Årnes og support i "Lade i Norge", så har eg gitt opp dei. Deira enkle forklaring er at det har gått ein sikring, og at det er Nes kommune som må ordne det...Grei måte å kome seg ut av eit slitsamt ansvar.

Så det ser ut til at det er eit eller anna mellom akkurat vår bil og desse ladarane, eller betalingsløysinga til "Lade i Norge". Sender dette ut her i alle fall, og håpar at nokon kanskje har ei god forklaring/løysing.


#14
Du skal ha takk for alle tips, Engolf. Og er imponert over kor mange verkstader du har erfaring med.
Men har ikkje fått svar frå fleire av desse. Og er avhengig av å få det gjort helst på Årnes eller Jessheim. Så ser ut til at eg får bruke Mekonomen Årnes og tilbodet deira.
Uansett takk!
#15

Takk for tips Tomrh. Har sendt dei ein epost. Og takk for alt bryderi, Engolf. Sendte ein sms til I.H.Service, men fekk ikkje svar.
Merkeverkstaden Aasen Bil på Minnesund skulle ha over 11.000,- Har nå sendt ei melding til NAF òg, men dei gjer vel ikkje slikt arbeid.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA