Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - kvignes

#1
Dekk / Felger / Sv: Forskjell på A-dekk til Leaf?
fredag 17. april 2015, klokken 14:17
"Best" er det dekket som kostar minst og får meg lengst over lang tid :-) Takk for svar.
#2
Dekk / Felger / Sv: Forskjell på A-dekk til Leaf?
fredag 17. april 2015, klokken 11:25
Men for å spørre heilt enkelt: Kva er det beste sommardekket til ein tre år gammal Nissan Leaf?
#3
Dei siste gongene eg har vore innom på Randaberg har det vore gratis å lada der. Eg kontakta Lyse for å høyre kva som var årsaka. Dei sa at det hadde vore trøbbel med mykje nedetid, og at dei hadde valgt å kobla ut betalingsløysinga midlertidig. Nokon som har vore innom dei siste dagane og kan seie om det framleis er gratis? I såfall er det jo litt irriterande for dei av oss som har abonnement...
#4
Var og lada i går. Hadde med brikke. Brukte ho ikkje. Altså er det framleis gratis. Rart.
#5
Mekanisk / Karosseriskader - Bakluke
torsdag 05. juni 2014, klokken 17:27
Har for andre gong fått fotball i bakluka. Første gong måtte den skiftast. No vil eg prøve meg sjølv. Nokon som har erfaring med å dunke ut bulkar i bakluka? Den virkar ikkje til å tåla all verdens.....
#6
Rogaland elbilforening / Sv: Chademo hurtiglading i Rogaland
tirsdag 01. april 2014, klokken 14:45
Dersom eg kjem til ein forlatt bil som er ferdiglada, ser eg det som sjølvsagt at eg kan overta ladinga? Ellers hadde eg ein herlig episode i helga, der eg blei skjelt ut av ein hissig Leaf-taxisjåfør i helga. Han meinte, heilt seriøst, at han hadde "rett" på å bruke hurtigladaren om "natta når normale folk skal ligge i senga si og sove". Det nytta ikkje at eg argumenterte med at eg skulle heim for å gjere nettopp det. Han stakk vidare, så så veldig kritisk kan det ikkje ha vore....
#7
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Hurtiglader på Aksdal
tirsdag 14. mai 2013, klokken 12:48
Ja, det er jo sant. Samtidig er det kun denne på Aksdal som har vore problematisk i mitt tilfelle.
#8
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Hurtiglader på Aksdal
mandag 13. mai 2013, klokken 17:47
Good. Hurtigladarar er kjekt, men tre svikt på ett år gjer at eg ikkje klarar å stola heilt på denne ladaren.
#9
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Hurtiglader på Aksdal
mandag 13. mai 2013, klokken 08:22
I går svikta denne ladaren meg for tredje gong på eit år. Sjølv om han var markert grøn, var fekk eg opp feilmelding på feilmelding. Ser at han framleis er grøn. Har andre vore der og lada i går/dag og fått liv i ladaren?
#10
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Hurtiglader på Aksdal
lørdag 26. januar 2013, klokken 12:51
Det er ei trøst, ja. Og nå ser det ut for at han er oppe og går igjen.
#11
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Hurtiglader på Aksdal
onsdag 23. januar 2013, klokken 00:47
Ute av funksjon då eg ankom 2350 i kveld. Har varsla Haugaland kraft.
#12
Hurtilading av Leaf / Sv: folkeskikk ved hurtiglading
søndag 13. januar 2013, klokken 12:06
Herlighet. Det kjem inn under "for dumt". Når ein kjører taxi kan ein ikkje lade med kundar i bilen. Det seier seg sjølv.
#13
Rogaland elbilforening / Sv: Chademo hurtiglading i Rogaland
torsdag 10. januar 2013, klokken 14:00
Det tek ikkje akkurat av med aktivitet på Rogalands-sidene for tida, nei! Men: Ladaren på Åsen er IKKJE i gang ennå. Og det er lite nytt om andre ladarar i fylket. Har snakka med Lyse, og slik eg tolkar dei blir det ikkje så mange gode nyheter på kort sikt. Litt betre utsikter på lang sikt, men då snakkar me om eit par år og utover. Tenk kor gildt det til dømes ville vore med ladar på Vikeså og Moi.
#14
Hurtilading av Leaf / Sv: folkeskikk ved hurtiglading
torsdag 10. januar 2013, klokken 13:42
Eg har etter kvart fått ein del erfaring med "kølading", særleg på Aksdal hurtigladestasjon i Rogaland. Det første som slår meg, er at det er stor grad av velvilje ute og går. Førre onsdag kom eg til ladestasjonen, og det stod då to andre bilar der. Ein med sjåfør, ein utan. Bilen med sjåfør lada. Etter ti, femten minutt kom han ut av bilen, og kunne fortelja at han hadde tatt ladaren ut av den andre bilen på staden. Den var då ferdig hurtiglada, og var gått over på "langsom" lading for dei resterande 10-15 prosenta. Eg overtok så plassen til han som stor der då eg kom. Etter kort tid kom det nok ein bil. Eg hadde ikkje bruk for meir enn 10-15 minutt lading for å komma meg heim, og overlot så plassen til den nyankomne. Den bilen som var utan førar då eg kom, var framleis på plass, framleis utan førar. Poenget mitt er: Det ville vore djupt urimeleg om tre bilar måtte stå og venta i 45 minutt på at denne bilen skulle bli fullada før ein våga seg til å ta ut ladepluggen. Det er nå så mange el-bilar at ein ikkje kan forventa å få bruka hurtigladaren meir enn 30 minutt i slengen. Mi erfaring er at det er stor aksept for å ta ut ladekabelen til andre sine bilar, dersom desse er ferdig med hurtiglade-biten av ladinga. Nøkkelen til suksess her er å vera smidige, bruka sunt bondevett og hjelpa kvarandre. Dersom ein parkerer ved ein hurtigladar og trur ein skal kunne stå der i ein time og lada utan at dette fører til stor irritasjon hjå andre, trur eg ein vil oppleva mange skuffelsar i åra som kjem.
#15
Rogaland elbilforening / Sv: Chademo hurtiglading i Rogaland
lørdag 17. november 2012, klokken 19:17
Korleis ligg det an med den nye stasjonen på Åsen? Er den åpna?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA