Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - vesttrønder

#1
CCS / ChaDeMo hurtigladere / AppCheck og Elton feilar?
tirsdag 27. juni 2023, klokken 23:04
Set og planlegg Danmarkstur til helga. Ser at Elton har støtte for mange operatørar (sjølv om prisen er høg). Men så plutseleg feilar appen og seier at mobilen min feilar ein sjekk. Då får eg ikkje lenger opp fullstendig profil og ei heller tilgang til å sjå info om ladarar eg klikk på i kartet.

Er det andre som har hatt problem med dette? Har ikkje flett ny mobil, men Android 10 i det minste.
#2
Då kom det nettopp epost med ganske kjedeleg innhald:

SitatFra 15. juni vil du KUN oppnå rabatt gjennom å registrere deg i Elton-appen og legge inn ditt NAF Xtra som betalingskort. Les mer om Elton og last ned appen her.
:-1:

Elton er jo enkel og grei å bruke, men det er jo også den som er definitivt dyrast i mange tilfelle. Ikkje at eg brukar så mykje "utelading", men dette er jo ikkje eit godt argument til å behalde kortet.
#3
EV 6 / Rekkevidde sommardekk vs vinterdekk
onsdag 03. mai 2023, klokken 18:54
No når våren kjem ser eg at vi klare forbruk på ein plass mellom 14 og 17 kWh/100 km på langtur (GT-Line, AWD, ganske full bil, roleg køyring med ungar i baksetet) på vinterdekk som er 19''. Sjølv i Trøndelag er det snart på tide å legge om til sommardekk. Desse er 20''. Er det nokon som har erfaring med korleis rekkevidda er samanlikna med vinterdekka? Pga ein del køyring på grusveg gjennom året har eg litt lyst å prøve å få byta til meg eitt sett sommardekk på 19'' også.
#4
EV 6 / Brukt GT-Line SE eller vente på Exclusive?
tirsdag 20. desember 2022, klokken 22:16
Vurderer å finne brukt bil istadenfor å betale nesten 40k i avgifter over nyttår... Ser det finst nokre GT-Line SE å få tak. Men då må eg "legge vekk" litt rekkevidde samt HDA II, samanlikna med Exclusive. Finst mange GT-line brukt-importert til ein "rimeleg" penge også, men tenkte å unngå det. Nokon som har tankar rundt desse vurderingane?
#5
Solterra / Levering
torsdag 10. november 2022, klokken 18:33
Er det nokon her som har fått litt erfaring med bilen? Skulle få min i oktober, men det skjedde ikkje. Fekk i dag vite at bilen faktisk rakk å bli produsert i sommar rett før stoppen pga recall. Men det har gått evig lang tid å få den på båt, den er visst på veg no, men ikkje forventa til landet før i februar. Så, tygg litt på kva eg skal gjere med det. Har også bestilt ein EV6 som truleg også kan tenkast å vere på veg ca då. Og enn så lenge er EV6-en faktisk billegare og har lenger rekkevidde.
#6
Alt det andre / Installere smarthuspakke og ENOVA-Støtte
onsdag 17. august 2022, klokken 22:53
Fann eit tilbod om installering av FutureHome smarthus-hub + Easee-lader til ca 7500 + 14500. Dette skal kvalifisere til Enova-støtte på 35%, seier leverandøren.  No har eg alt installert ladar tidlegare i år, og då seier leverandør at eg kan få støtte for den likevel om eg installerer resten. Så, i teorien skal då installasjon av hub bli gratis.

Virka dette fornuftig eller er det nokre red flags? Har middels nytt hus frå 2007, men særleg smart er det ikkje, og har egentleg ikkje store ambisjonar heller. Men styring av vvb kunne nok vore smart.
#7
Solterra / Prøvekøyring av Solterra
onsdag 15. juni 2022, klokken 15:13
Er det fleire som har fått vore borti bilen? Eg fekk prøvekøyre nokre hundre meter i Trondheim i dag. Det var jo litt kort tid til å bli skikkeleg kjent med bilen, men førsteinntrykket er godt. Frøkna var med også. Ho meinar at bilen ser litt rar ut (spesielt plasten rundt hjulbuen), men meget god plass inni og godt førarmiljø. Sidan vi er i ein bil-skvis bestilte vi rett og slett; lovnaden er at bilen kjem i september/oktober. Så då får vi sjå! Skulle gjerne ha køyrt den meir, men det var ingenting som skreik "NEEEEI" med bilen, så då blir det bra med bil i vinter! Dei har nokre få bilar igjen med levering i haust, elles er det mars/april neste år som gjeld. (Elles var det litt facinerande/skummelt å sjå at sals-hallen var kjemisk fri for Subaru... Enten blir Solterra bra for dei, ellers så ser det ut som kroken på døra for det bilmerket her til lands?)
#8
Hyundai Ioniq 5 / Kjøpe "enkel" versjon?
mandag 16. mai 2022, klokken 12:13
For å korte ventetida vurdera eg ein bruk bil. Denne er importert, og er ein enkel versjon utan rattvarme, ventilerte seter, 360-kamera osv. For oss er pris viktig, og vi lever godt utan dei funksjonane. Det er over 50' i forskjell opp til "topputstyrt". Å kjøpe ein slik bil, er det tabbe for bruktverdi og salgbarheit om 3-4 år?
#9
Kjøp og salg av elbiler/elkjøretøy / Ynskjer kjøpe EV6
lørdag 14. mai 2022, klokken 21:46
Kunne gjerne tenkje meg å kjøpe EV6 AWD. Utstyrsnivå og farge er ikkje frykteleg nøye, men mest open for dei lågaste nivåa. Hengarfeste vil vere bra. Det er lenge å vente på ny...
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA