Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Tollwut

#1
ID.4 / Periodisk service hos NAF kontra hos merkeverkstad
mandag 13. november 2023, klokken 15:16
Min id4 GTX er straks to år og det er tid for første periodisk service.
Bilen er kjørt 59.000 km

På den lokale merkeverkstaden skal dei ha 8400,- kr for periodisk service av ID4 GTX.
Det syntest eg var rådyrt og tok kontakt med den lokale NAF-stasjonen.

NAF skal ha kr 3883,- for servicen.
Servicen hos NAF skal blir registrert i elektronsik servicebok og skal iflg NAF sikre at garantien gjeld.

Kva er det evt. som er med i ein service utført av VW-verkstad kontra det ein får hos NAF, som forsvarar meirprisen?  Eller er det berre rein mjølking av kundane?

Vil jo ikkje betale meir enn nødvendig - men kva er nødvendig...?
#2
ID.4 / Korleis avslutte månadsmedlemskap for Tesla-lading?
onsdag 06. juli 2022, klokken 13:10
Eg var nyleg ein tur i Nord-Sverige. Einaste alternativ for lading om eg ville ta kortaste ruta, var to Tesla-ladarar som var opne for andre merke.  Har forstått at ein kan betale for medlemskap ein månad utan binding og få den billigare medlemsprisen - og det gjorde eg.

No vil eg ikkje bruke Tesla-ladar på mange månader og vil avslutte medlemsskapen før eg blir trekt for ein ny månad.

Korleis avsluttar ein medlemskapen? Eg finn ingen alternativ for det, verken i appen eller ved å logge inn på min Tesla-konto frå PC.  Det går ingen plass fram at eg er medlem - utover det at eg vil få medlemspris ved lading.

Er det nokon som kan hjelpe meg...?  :)
#3
ID.4 / 3-fasa lading på 230V-anlegg. Fungerer det til ID4?
torsdag 26. august 2021, klokken 12:53
Eg har bestilt ID4 GTX.  Skal no etablere ladestasjon.
Har 230V og 80A hovudsikring.

Har lese at ikkje alle bilar fungerer godt med 3-fasa kurs på 230V-anlegg - og at 3-fase på 230V
rett og slett kan skade bilen. 

Les óg at ein på ein 32A 3-fasa kurs kan oppleve at bilen ladar berre 3,6 kw og ikkje 7,2 som ein skulle forvente.

Det heiter at dersom ein skal ha 3-fasa kurs på 230V-anlegg, må ein forsikre seg om at bilen tåler dette og ladar optimalt.

Eg vil ikkje skade bilen eller risikere å få dårlegare ladeeffekt.  Samtidig ønsker eg å vere framtidsretta og montere 3-fasa, dersom dette fungerer like bra.

Nokon som har kunnskap om dette eller erfaring på området? 
Vil ID4 fungere optimalt med 3-fasa kurs på eit 230V-anlegg? 

Altså - bør eg få lagt 1- eller 3-fasa 32A kurs på mitt 230V-anlegg?
#4
ID.4 / 10 eller 12“ infotainmentsjerm
tirsdag 27. juli 2021, klokken 15:49
Skal kjøpe ein id4 GTX.  Har prøvekjørt ein med 12" infitainmentskjerm.  Standardutrustinga er 10".  Kor mykje merkar ein i praksis at skjermen er mindre?  Eller sagt på ein annan måte: Er skilnaden så stor/vil eg sakne dei to tommane så mykje at det er verd prisskilnaden til infotainmentpakke+ ?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA