Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Kruttbil

#1
Skoda ENYAQ / Bredest baksete? ID4 eller Enyaq?
lørdag 06. mars 2021, klokken 18:16
Hvilken av ID4 eller Enyaq er det lettest å tvinge tre barnestoler inn i?
#2
ID.4 / Bredest baksete? ID4 eller Enyaq?
lørdag 06. mars 2021, klokken 18:15
Hvilken av ID4 eller Enyaq er det lettest å tvinge tre barnestoler inn i?
#3
Kjøpe elbil? / Trebarnsfamilie - e-Niro eller ID.4/Enyaq?
torsdag 04. mars 2021, klokken 20:20

Heisann!

Vi treng bil før vårt tredje barn kjem til verda i august. Til no har vi klart oss med Bildeleringen og sykkel, så bilkjøp er heilt nytt for oss. Eg fryktar vi har sett oss blinde på Kia e-Niro, og treng at nokon anten snakkar oss frå det eller bekreftar at vi er inne på riktig spor.


BEHOV

  • BRUKARAR: To vaksne og tre barn i alder 0, 2, 4. Gjerne tre barnestolar i baksetet.
  • BRUKSOMRÅDE: Barnehagelevering i by + ein månadleg langtur på 200 km + ein-to årlege turar på 500 km. Helst ikkje under ca 450 km rekkevidde? Einaste bil i familien.
  • PRIORITET: Type kjedeleg! Trafikksikker, driftssikker, praktisk. Dersom den er gøyal å køyre og fin å sjå på er det ein etterlengta bonus.
  • BUDSJETT: Sluttsum godt under 600 000. Helst så lite som mogleg, men heller høg prislapp for kvalitet enn å lide i åresvis :o Difor tenkjer vi primært nybil med lang garantitid og forhåpentlegvis problemfritt bilhald i nokre år.
  • TIDSRAMME: Minsten kjem i august, og det vil gje oss langt betre ting å drive med enn bilkjøp, så eg vil helst ha bilen før sommaren :p


DESSE BILANE ER VURDERT

  • Kia e-Niro: Ser ut som det beste alternativet i skrivande stund, særleg mtp forholdet mellom pris, størrelse og rekkevidde. Men eg fryktar at bilen vil kjennest litt gammal når det no dukkar opp så mykje nytt og spennande i 2021.

  • VW ID.4 / Skoda Enyaq. Usikker leveringstid er kanskje ei ulempe. Men desse ser veldig flotte ut (særleg Enyaq)! Større bilar er ein stor fordel for vårt behov (men er det eigentleg betre plass til barnestolar i bakseta her enn i e-Niro?)

  • Diverse seks-sjusetarar: Dei har anten for høg pris (Tesla) eller for kort rekkevidde (Nissan, Peugeot, Opel, Citroen, Maxus). Vi treng uansett ikkje meir enn fem seter, berre meir plass. Vi prøvekøyrde Maxus Euniq for nokre helger tilbake og var ganske skuffa.

Eg vil vere utruleg takknemleg for gode innspel på kva vi bør gjere! Er e-Niro allereie for gammal til at vi bør kjøpe den no, mtp nyare konkurrentar som ID.4 og Enyaq?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA