Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Tut tut

#1
Leaf 2018- 40kWt og 62kWt / Kva må eg passa på ved bruktimportert bil?
torsdag 24. november 2022, klokken 20:02
Bestilt bil (40 kWh Tekna, 2018) frå Rebil med 14 dagar åpent kjøp. Bilen er bruktimportert, det la eg ikkje merke til før etter eg hadde bestilt. Kva kan vera ulemper ved bruktimport? Kva bør eg sjå ekstra etter før eg evt. bestemmer meg for å behalda bilen eller ikkje?
#2
ë-C4 / Defekt navigasjon?
tirsdag 14. juni 2022, klokken 13:34
Eg henta meg ein e-C4 frå Fleks i dag, og det var stort sett fin bil, men navigasjonen var heilt ubrukeleg. Den trudde for det meste eg var fleire kilometer frå der eg faktisk var. Er det andre som opplever liknande?
#3
Kia Soul EV / Ein prosent er ikkje ein prosent?
søndag 20. februar 2022, klokken 19:50
Mistenker at batteriet på min 2015 Soul EV er dårleg nok til at det er garantisak, og har tatt eit par turar for å observera målt forbruk i prosent og kWh/100km.
Ein ting som har oppstått er at bilen gjerne ladar til over 80% på snøggladar utan tilsynelatande besvær når batteriet er varmt, men tilgjengelege km per prosent blir veldig lågt.
På siste testtur: Lada til 100% frå ladeboks, køyrte 58 km, kom fram til ladestasjon med 49% batteri. Tilsvarar 0,9 %poeng per km. Lada til 85% på snøggladar, køyrte heimover att. Måtte lada på nytt etter 41 km, då viste bilen 18%, eller 1,6 %poeng per km. Dette var frå Hønefoss til Nes i Ådal og tilbake, ein strekning med lite høgdeforskjell.
#4
https://www.nrk.no/nordland/norsk-elbilforening-vil-ha-flere-ladestasjoner-for-elbil-_-enova-er-usikre-pa-behovet-i-fremtiden-1.15466479

Eit stykke ned i artikkelen står det:
Sitat
Likevel stiller [Enova] spørsmål om behovet i fremtiden vil være det samme som i dag. De peker på at flere av dagens elbiler har en helt annen rekkevidde enn bare for noen år siden.
– De fleste elbilene som skulle ha ladestasjoner i 2015 hadde en rekkevidde på mellom 80 og 160 kilometer. Dette har forsterket seg drastisk. Nå ser vi biler som har en rekkevidde på opp mot 700 kilometer.

Jodå, vel og bra det, men bilane frå 2015 skal då vera på vegen til 2030? Min halvgamle Soul EV får ikkje lengre rekkevidde av at det kjem nye modellar.
#5
CCS / ChaDeMo hurtigladere / ChaDeMo-ladefart over 50 kW?
fredag 23. april 2021, klokken 15:16
Eg har ein Kia Soul EV, som ifølge https://elbil.no/elbil/kia-soul-electric/ skal klara opp til 80 kW lading. No er dei fleste ChaDeMo-ladarar 50 kW, og der får eg 50 kW maks. Men ein del nyare ladestasjonar påstår å ha 62,5 kW ChaDeMo, og der får eg også 50 kW. Er spec på elbil.no feil, eller kva er grunnen til at eg ikkje får meir enn 50 kW?
#6
Kjøpe elbil? / Testing av brukt elbil før kjøp
onsdag 14. august 2019, klokken 23:46
Eg leitar etter ein passeleg batteribil, og har lese at det er lurt å ta ein NAF-test. Er det berre ved privatkjøp, eller bør eg også vurdera det ved kjøp frå forhandlar? Pleier forhandlarane godta det? Kven andre kan gjera tilsvarande test? Er det andre som er betre enn NAF på tilstandsrapport for elbil?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA