Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Thalgar

#1
Tesla SW og AP / Oppgradering til HW 3 utan kjøp av FSD?
lørdag 26. november 2022, klokken 21:43
Med stadig fleire ting berre tilgjengeleg med HW 3.0 blir det etterkvart eit handicap å ha 2.5. Veit at folk med FSD får gratis oppgradering, men kan folk utan betala og få det?
#2
Tesla / Brukt Model X 100D 7-setar eller Model Y for familie på fem?
tirsdag 08. november 2022, klokken 19:12
Hei,

Er litt i tenkeboksen her. Har per i dag Model 3, kone og barn på 6 og 9. Ny verdsborgar kjem i februar, og då blir Model 3 litt for knøttete.

Har i utgangspunktet bestilt Model Y, men har med alt køddet med utlevering, ingen sjusetar tilgjengeleg, mindre nyttelast og manglande ultralydsensorar begynte hjernen å vurdera Model X, men då med sju seter og kun 100D for å takla langturar. Prisen for ein pre-raven er då omtrent som ein ny Model Y.

Til nå er avvegingane sånn:

Pro Model X:
- Digg å kunna ta med fleire i ein del situasjonar
- Større plass til barneseter, lettare tilgang med falkedørene, mogeleg å dela opp ungane
- Litt større bagasjeplass
- Parkeringssensorar

Pro Model Y:
- Ny bil, inkludert MCU3
- Potensiale for taklast
- Lengre garanti, mindre feil (?)
- Litt raskare lading, mindre forbruk, litt lengre rekkevidde, spesielt på vinteren
- Billigare forsikring, generelt billigare bilhald

Men vil gjerne høyra med folk her: Kva erfaringar har folk som har gått frå X til Y (og motsett?) Har de angra på byttet? Korleis er "livet med ungar" i dei to bilane? Kva er erfaringane med problem på 2018-modellar og seinare? Kor ofte har fleire sete enn fem vore nyttig?
#4
Model Y / Misfarging av lister?
onsdag 20. juli 2022, klokken 22:17
Har sett ein del Model Y og 3 med alvorleg misfarga svart trim. Kjem visstnok etter ublide møte med tøff kjemi i børstelause bilvaskemaskinar.

Er dette eit utbreidd problem, og veit folk kva slags vask ein i så fall bør unngå? I og med at Tesla frårår børstevask, er det i realiteten slik at ein berre kan vaska bilane for hand, òg om vinteren?
#5
Tesla SW og AP / Slutt for radar i Europa
onsdag 06. april 2022, klokken 11:10
"Fra og med levering i april 2022 vil Model 3 og Model Y bygget for det europeiske markedet og Midtøsten-markedet, ikke lenger være utstyrt med radar."

https://www.tesla.com/no_NO/support/transitioning-tesla-vision

#6
Tesla / Endringar på gang for Model 3 og Y...
onsdag 08. desember 2021, klokken 17:38
Mykje interessant her ja:

- Add cargo mass to model Y
- Adding a new connectivity card
- Adding a new infotainment computer
- Adding a New Low Voltage (15.5V) Lithium Ion Battery
- Adding laminated glass for the rear door
- Adding an R55 device as a rear towing device
- Update the user interface (new format based on updated Model S / X)

Full liste:
https://driveteslacanada.ca/model-3/full-list-updates-2022-tesla-model-3-and-model-y-uncovered/
#7
Tesla / Elon Musk har Asperger
søndag 09. mai 2021, klokken 18:11
"I'm actually making history tonight as the first person with Asperger's to host SNL"

"Musk attempted to explain his tweets, known to have quite an impact on the stock market. "Look, I know I sometimes say or post strange things, but that's just how my brain works. To anyone I've offended, I just want to say: I reinvented electric cars and I'm sending people to Mars on a rocket ship. Did you think I was also going to be a chill, normal dude?"

Då var det vel ein del ting som falt på plass..?

https://www.washingtonpost.com/arts-entertainment/2021/05/09/elon-musk-hosts-snl/

#8
Tesla / Skjær i sjøen for Tesla?
fredag 23. april 2021, klokken 18:25
Tilsynelatande går ting berre ein veg for Tesla - oppover. Aksjekursen er jo ein indikator på det. Men kva om Tesla i realiteten har skjær i sjøen som kan laga store vanskar for dei framover, i det minste i Europa?

1. Kor blir det av FSD? Musk har jo hypa dette herfrå til himmelen i åresvis. Men kva har eigentleg skjedd? Lite. Utrullinga av FSD-betaen går i krabbefart, med god grunn. Det er framleis langt igjen før dette systemet kan sleppast laust på vanlege folk. Kor lenge kan Musk halda fram med å overselga eit produkt så til dei grader?

2. Softwareoppdateringar. Dette har vore eit enormt trumfkort for Tesla lenge: Kjensla over å stadig få ein oppgradert bil. Men no har jo dette stagnert. Det er lenge sidan det kom noko vektig nytt frå den kanten. "Juleoppdateringa" var jo ein flopp. Lite blir gjort for å utbetra viktig grunnleggande funksjonalitet. At karta i europeiske bilar ikkje har blitt oppgradert på nær to år er jo parodisk.

3. Giga Berlin. For å halda seg relevante i Europa må Giga Berlin koma i gang, og det raskt og stort. Alternativet er at VW og Hyundai-konserna erobrar den potensielt svært lukrative CUV/SUV-marknaden fordi ein rett og slett ikkje får tak i Model Y. Men Tesla har problem både med å få nok batteri, tysk byråkrati og ikkje minst å få nok folk til fabrikken. Kva skjer om Model Y i realiteten ikkje kjem skikkeleg i gang i Europa før godt ute i neste år?

4. Aukande konkurranse. Lenge var Tesla totalt overlegne på elbilmarknaden på grunn av ladenettverk og rekkevidde. Den fordelen minkar kvart einaste år, mens Tesla endå slit med rykte for middelmådig byggekvalitet samanlikna med gamle bilprodusentar. Kva skjer t.d. i Noreg med Tesla-salet utover hausten og vinteren etterkvart som Ioniq 5, ID4, EV6, Enyaq og Q4, saman med andre, blir tilgjengeleg i stort omfang mens Model Y sannsynlegvis lar venta på seg?

Fortel meg gjerne kor eg tek feil!
#9
Model 3 / Tesla erkjenner designproblem på M3 produsert før mai 2019
tirsdag 20. oktober 2020, klokken 12:24
Ikkje køyr gjennom store vasspyttar ;)

"In rare instances, certain components on Model 3 vehicles built at the Fremont Factory before May 21, 2019, might be damaged when driving through standing water on a road or highway with poor drainage or pooling water. In these rare instances, the rear fascia might detach from the vehicle and harnesses and/or body fasteners/mounts might also be damaged. "

Del av løysinga: Å installera underdekselet som bilar med hengarfeste har...

https://electrek.co/2020/10/19/tesla-admits-design-flaw-rear-bumper-falling-off-water/
#10
Tesla SW og AP / Ny pris for AP
mandag 22. juni 2020, klokken 16:22
For dei som ikkje har det: Nå har Tesla redusert prisen på vanleg AP frå 25 000 til 16 700.
#11
Model 3 / Funksjon til hol bak framhjula?
fredag 01. mai 2020, klokken 21:46
Er det noko slags mogeleg forklaring på kvifor Tesla har putta to relativt store hol bak kvart framhjul? Fungerer jo som oppsamlingsplass for diverse graps, og verkar jo som eit heilt merkeleg val. Men må jo bevisst, spesielt sidan Tesla sine skvettlappar ikkje dekkar holet.

Er ein som spurte Tesla om dette her, og fekk som svar at dette var per design.

https://teslamotorsclub.com/tmc/threads/holes-in-wheel-wells.169632/

Idear om kvifor desse finst?
#12
Tesla SW og AP / Rapportering av fantombremsing
tirsdag 07. april 2020, klokken 11:49
Sikkert mange som har fått dette med seg, men TOCN har oppretta ei side kor ein kan rapportera fantombremsing:

"For å hjelpe Tesla å forbedre kjøreegenskapene på problemstrekninger, er det nå mulig gjennom følgende skjema å rapportere inn steder der du som fører har erfart at fantombremsing forekommer."

https://www.tocn.no/2020/04/fantombremsing/


#13
Tesla SW og AP / Status for autopilot i 2020?
onsdag 18. mars 2020, klokken 10:05
Eg er ein av dei som kjøpte TM3 utan autopilot våren 2019, og dermed berre har "dum" cruisekontroll. Med all klaginga over fantombremsing og "ping-pong" i diverse trådar har eg i grunnen følt meg heldig som ikkje er prisgitt automatikken til Tesla.

Men tek eg feil? Er autopilot per i dag påliteleg, nyttig og verdt pengane? Eller skulle folk ønska seg å som meg ha "vanleg" cruisekontroll i staden?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA