Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Emner - Einride

Sider: [1]
1
Zoe / Check Electric System
« på: Torsdag 15. Desember 2016, klokken 19:45 »
Har i det siste hatt fleire tilfeller av feilmeldinga "check electric system" på bilen. Bilen har fungert heilt fint, me har i alle fall kome oss heim eller til jobb kvar gong. I tillegg har feilmeldinga stort sett forsvunne etter ei stund (lås bilen, vent ca ti minuttar), men no har feilmeldinga dukka opp oftare og oftare, så i går ringte eg Motorforum Bergen for å få den på verkstad.

Fekk då beskjed om å ringe Renault Veiassistanse sidan eg då ville få leigebil, noko som tydeligvis ikkje var noko automatikk i om eg leverte bilen til MF direkte. Så då kom Viking med redningsbil i går og henta den, og eg har fått ein leigebil frå Hertz fram til laurdag. Ringte MF i dag og då hadde dei enda ikkje fått sett på den, så anar ingenting om kva dei eventuelt finner.

Er det andre som har vore borti dette problemet og har måtte hatt bilen inn på verkstad? Og i så fall, kva fann dei ut då?

2
Zoe / Planlagt lading/ladekalender feilet
« på: Fredag 19. Februar 2016, klokken 09:24 »
Har dei siste par månadane hatt ladekalenderen aktivert slik at lading startar kl 0100, og det har fungert heilt ypperleg. Fram til i dag morges...

Starta varme/AC frå bilnøkkelen som vanleg, medan eg kledde på arvingen, men då eg kom ut for å koble bilen frå ladestasjonen stod den til 47%, omtrent det same den var når eg parkerte bilen i går kveld. Eg høyrte at den lada (stakkars dei med 22 kW ladar heime og Renault Zoe...), men den hadde altså akkurat begynt å lade.

Eg sjekka difor ladehistorikken på web, og der er det ingen som helst indikasjon på at den har prøvd å lade i natt i heile tatt. Derimot begynte den å lade kl 0757, akkurat når eg satte i gang varme i bilen.

Er det andre som har opplevd same problemet med ladekalender her? Eg hadde heldigvis meir enn nok batteri til å kome meg til og frå jobb i dag utan ladestopp, men det var berre tilfeldigheter som avgjorde.

3
Zoe / "Hurtiglading" ved lavare temperaturar
« på: ſøndag 22. November 2015, klokken 12:05 »
Er ein tur hos familie i helga, og utan ladar tilgjengelig heime der, må eg ty til 22 kW lading for å ha nok til å komme meg heim, helst utan fleire stopp.

Køyrde difor ut på McDonald's Heiane og kobla til ein 22 kW ladestolpe der. 39% kapasitet ved start, estimert tid til fullt: 3 timar og 10 minutt...  :(

Lada 62 minuttar og ved avslutta lading var kapasitet på 86%. Med andre ord ca 45% lada på ein time. Temperaturen ute var ca - 3 grader ved start, ca - 1 ved endt lading. Litt kaldt til vestlandet å vere, ikkje spesielt kaldt for de  aust og nord  i landet.

Kva erfaringar har andre her med lading vinterstid? Kva med de som har Q210, blir ladehastighet på 43 kW like mykje redusert ved lavare temperaturar?

4
Zoe / Mobilholder
« på: Tirsdag 25. August 2015, klokken 21:45 »
Er det nokon som har ein universell mobilholder dei kan anbefale som passar i Zoe? Vil helst unngå noko som festar i dashboard eller frontrute, litt fordi det sjeldan ser spesielt bra ut, men òg fordi mobilen då kjem veldig høgt opp og langt vekk. Ideelt sett ville eg hatt ein holdar som ein set fast i luftventil i midtkonsollen.

Eg kjøpte ein på eBay, som skulle passe i luftventilen på stort sett alle bilar, men det inkluderer tydeligvis ikkje Renault Zoe...

5
Zoe / Første dag med ny Zoe: Battery charging impossible
« på: Lørdag 20. Juni 2015, klokken 21:00 »
Fekk utlevert ein heilt ny Zoe Intens 2015 i går frå Motorforum Bergen. Grunna mykje tull frå eit elektrikerfirma som skulle installere Pod-point ladepunkt heime er ikkje dette på plass enda, men kjem forhåpentligvis på plass tidleg neste veke, så me er nødt til å bruke (semi-)hurtigladar fram til dess. Det burde jo ikkje vere noko problem med fleire ladarar i nærleiken! Vel...

Me satte kursen utover til Straume og Sartor senter i dag formiddag og hadde rundt 80 km estimert rekkevidde igjen når eg parkerte på senteret. Valgte å ikkje prøve å lade her, sidan me fortsatt hadde over 50% batteri igjen. Etter å ha vore på Sartor satte me kursen nordover mot Øygarden, med plan om å lade anten på Ågotnes, eventuelt Sartor senter eller Kiwi Godvik på vegen tilbake, sidan alle dei har semi-hurtig AC-lading.

Når me var på veg tilbake stoppa eg på Kiwi Ågotnes og kopla til ladestolpen der. Måtte bruke SMS-lading sidan eg enda ikkje har fått Fortum-brikka frå Motorforum. I displayet på bilen stod det ved start av lading "Ongoing checks", på ladestolpen stod det at ladinga var starta. Så dukka meldinga "Battery charging impossible" opp i bilen. Eg ringte Fortum og dama i telefonen prøvde å starte lading igjen, men eg fekk same meldinga igjen. Så dukka i tillegg "Electric motor failure" opp i displayet. Veldig lovande for ein heilt ny bil!

Resultatet etter den ladinga var at eg ikkje ein gong fekk start på bilen. Ringte forhandlar og han ba meg låse bilen, vente 5-10 min og så prøve igjen. Etter ca 4-5 min var det eit klikk i bilen og feilmeldinga forsvann. Eg starta bilen og tok ikkje sjansen på å lade der igjen, så eg fortsatte til Sartor senter for å prøve der.

På Sartor starta eg lading igjen, same resultat: "Battery charging impossible". Ingen meldingar om motorhavari den gongen, men lade ville bilen uansett ikkje. Prøvde to gonger før me gav opp og fortsatte til Kiwi Godvik. Nokon som vil tippe resultatet der? Stemmer, fekk ikkje lada der heller. Ringte Fortum igjen, dei prøvde å starte lading igjen, og eg fekk også beskjed om å prøve å resette stolpen ved å bruke nødbrytaren under displayet. Det hjalp sjølvsagt ikkje.

Med ca 40 km rekkevidde igjen ringte eg forhandlar enda ein gong, og han hadde dessverre ingen gode forslag anna enn å ringe Renault veiassistanse for å få bilen heim eventuelt transportert til Motorforum så dei kunne lade den og sjå om dei fann ut noko.

Me kjørte frå Kiwi i Godvik for å få oss litt mat, og kom igjen etter eit par timar for å gi det eit siste forsøk: "Battery charging impossible", og i tillegg kom meldinga "Electric charge cut, charging was stopped" eller noko i den duren. Meldinga stod ikkje så lenge før den forsvann og vart erstatta av den vanlige "battery charging impossible". Me gav opp og køyrde heim, og bilen står no heime med ca 30 km estimert rekkevidde (19% batterikapasitet).

Ein siste mulighet er å spørre ein i nabolaget om å få lade der ei lita stund. Har sett at dei har ein Zoe, så håpar at dei har ladepunkt installert. Viss ikkje blir det ein spennande tur til Motorforum på måndag. Eg bur omlag 20 km frå dei.

Eg søkte litt på nettet og fann ut at det er mange som har hatt feilmeldinga "Battery charging impossible", til og med på forumet her. Det ser ut til at Zoe er ekstremt kresen på jordinga ved lading? Fint at bilen beskyttar elektronikk, motor og ladar, men ikkje om det betyr at den plutselig ikkje ladar i heile tatt!

Var klar over "ladeproblematikken" med IT-nett og den sagnomsuste Zaptec-kladden alle ventar på, og det er forsåvidt greit. Men når ikkje ein gong hurtiglading fungerar som det skal? Det fristar lite å legge ut på tur der lading undervegs er involvert, for å seie det sånn!  :-\

Vedlegg er ladehistorikken frå My ZE Online.

Sider: [1]