Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Lars J

#1
Hei

Har annonse under tema; Kjøp og salg av elbil, https://elbilforum.no/index.php?topic=54788.0
Gjelder min gamle Classic 2001-modell.
Håpar at nokon vil ta seg av denne og halda liv i den.

Mvh Lars Juhani Ådnanes

#2
Kjøp og salg av elbiler/elkjøretøy / Think Classic 2001 til salgs
mandag 01. februar 2021, klokken 13:05
Hei

Vurderer å selgja min Think Classic. Dette fordi eg i ny leilighet ikkje har plass til to bilar.
Think'en er første gong registrert 2001. Eg har hatt bilen sidan desember 2008. Kilometerstand i dag; 111592 km.
Den er kjørt forsiktig for å skåna batteriet, dvs. lite brukt på motorveg (ca ingenting) og i 80-soner (minimalt).
Den er EU-godkjent ut mars i år. Er den ikkje solgt før godkjenninga utløper, innløyser eg vrakpanten.
Eg brukar bilen til småturar (byen). Robometer gjekk i svart for nokre år sidan, etter det har eg vore svært påpasseleg å ikkje kjøra med låg SOC.

Bilen står i Sandnes. Går til høgstbydande over vrakpanten.
Interessert? Ring gjerne 41556639 for kjapp kontakt.

Mvh Lars Juhani Ådnanes
#3
Tenkte å skifta 12 V batteriet i Classicen i helga. Det står faktisk originalt 12 V batteri i bilen enno (2001 modell). Det har gått greit, fordi dei siste åra har eg alltid hatt tilkopla 12 V batteriladar når bilen står heime i garasjen.
Kapasiteten på 12 V-batteriet er nok no veldig redusert, merkar det ved at DC/DC -omformar, vannpumpe går hyppig når den er parkert utan denne 12 V lading.

Lurte på om det var noko eg måtte gjera før eg koplar ifrå kablane på 12 V batteriet, var det noko ein måtte gjera med DC/DC-omformaren, eller?

Antar at eg finn batteri på Biltema som passar, dersom du veit type, så send gjerne tips om det. Takk.
#4
Think City "Classic" (2000 - 2002 mod) / Bytte støtdempar framme
torsdag 13. desember 2018, klokken 16:34
Hei
Har hatt min Think Classic på EU-kontroll i dag. Fekk ein 2'ar på støtdemparane framme, dei må skiftast i følgje kontrollanten (Haukali i Sandnes). Dei visste ikkje type dempar som er brukt og då heller ikkje kor dei kan skaffa nye demparar som passar.
Er det nokon som kjenner til dette, dvs. type støtdempar som kan brukast framme på Think Classic?
#5
Think City "Classic" (2000 - 2002 mod) / Problem med vannpumpe?
søndag 06. mai 2018, klokken 14:31
Hei

Då eg starta for å kjøra Thinken i går, så var den heilt stille, normalt så høyrer eg lyd frå vannpumpa for kjøling. Slik var det heile gårsdagen, ingen pumpelyd. Radiatorvifte starta og gjekk normalt (trur eg). Kjørte kort tur rolegt i Sandnes, så trur ikkje det var det store kjølebehovet, men må jo ha pumpe som virkar.

Har sjekka litt meir i dag, då eg testa første gongen og starta bilen, ja då starta jammen pumpa også, alt i orden (trudde eg). Hadde tatt av fronten og deksel under motoren for å kikka/inspisera, alt ser greit ut. Ingen spor etter  lekkasje, passeleg mengde med kjølevæske. Høyrer at vatnet sirkulerer i systemet. Skjekka også sikring nr 10 og 29, desse er OK.
Vaska bilen medan eg hadde fronten av, før eg satta alt isaman igjen sjekka eg på nytt. Starta bilen, men no er det heilt stille igjen, ingen pumpelyd, ingen sirkulasjon i kjøleveska.

Stemmer det at pumpe alltid skal gå når motoren er starta (grønt lys)?
Hvis Ja, teori på kva som er feil?
Dersom eg må skifta pumpe, kor kan eg få fatt i ny?

Lars
#6
Hadde tenkt meg på skitur på fjellet i går. I det eg begynte å kjøra kjem det advarsel; "Regeneration not available" (eller noko liknande, huskar ikkje ordlyden heilt). Det var 0 gr.C, altså ikkje spesielt kaldt. Når eg slapp «gasspedalen» trilla bilen som om den var i nøytral, så advarselen var reell.

Etter at eg hadde kjørt 15 km (det meste på motorvei), var fortsatt advarselen der. Så forsvant advarselen, og grense for ca 5 kW regenerering viste seg på skjermen.

Eg tenkte at med slik bil, kan eg ikkje reisa på fjelltur. Batteriet er jo heilt kaldt når eg skal heim igjen, turen startar med nedoverbakke i mange kilometer (ca 500 meter ned), ingen belastning på motor/batteri , dvs. ingen tapsvarme som varmar opp batteriet, og bilen er tung (mykje potensiell energi), kan jo ikkje kun bruka bremsene for å kontrollera hastigheten, dei vil gå varme!!! Livsfarlegt!!

Det vart difor ein skitur i «låglandet» i går.
Dette var ingen problem i fjor vinter, hadde mange skiturar på fjellet. I fjor var det alltid batterivarmar som kom på automatisk når det var kaldt, info på displayet som viste det. Har ikkje sett denne infoen på displayet i år, så den funksjonen er vel fjerna (?).

Andre som har hatt dette problemet?
Er det mulegt å slå på/av batterivarmar manuelt?
Antar at batterivarmar og kupevarmar er to uavhengige system, og at det difor ikkje hjelper å forvarma kupeen, stemmer det?
#7
Hei

Høgre speil på Think Classicen er knust.
Er det nokon som kjenner til kva for type utvendig speil står på Classic'en?
Og kor kan eg eventuelt få kjøpt det?
#8
Hei

På forumet under Leaf er det ei ønskeliste med endringer for neste modell.

Ein ting eg faktisk har sakna er 230 V 50 Hz uttak i bilen. Ytelsen på uttaket burde vore i størrelseorden 2-3 kW (minst 10 Amp, gjerne 16 Amp), slik at eg kunne brukt denne til elektrisk verktøy, vannkokar, o.l.
Hadde vore veldig galant å komme med Thinken på "skogsoppdrag" (fyringsved), og få benytta el.kjedesag.
Tenk også kor greidt å ha 230 V tilgjengeleg på campingtur!

Veit at enkelt alternativ er eit (bråkete) bensinaggragat, andre vil kanskje foreslå omformar som ein får på Biltema eller CO med tilkopling til 12 V systemet, men dette blir for pusslete.

Det er jo kraftig omformar i bilen, den til hovedmotoren! Antar at det er heilt uaktuelt å kunna modifisera denne til å forsyna 230 V stikkontakt (krever vel bl.a. ein skikkeleg brytar mellom omformaren og motoren slik at ikkje motoren går samtidig).

Det kunne vore kjekt med eit fast opplegg i bilen med 230 V stikkontakt, men alternativet er portabel enhet.
Dei fleste (alle?) elbilane har elektrisk varmeapparat på typisk 2-3 kW. Denne kretsen burde det vel vore mogeleg å bruka.
Dvs portabel enhet med tilkopling "varmekursen" med spesiell stikkontakt/støpsel (DC frå hovedbatteriet inn), vekselrettar, og 230 V 50 Hz stikkontakt uttak.
Ein slik portabel enhet kunne jo vore uavhengig av bilmodell/type, forutsatt at den håndterer ulike DC-spenningar inn. Einaste ekstra er då at spenning frå hovedbatteriet må vera tilgjengeleg (enkel sak?)

Kanskje finnest denne på markedet allerede? ::)
#9
Det har vore diskutert ymse variantar av "range extender" her på forumet tidlegare. Eg har tenkt på ein sak som kanskje bidrar marginalt, men som kan hende er enkel å få til.
Det går på 12V systemet. Det er diskutert i annan tråd om reduksjon av belastning på dette systemet bidrar, e.g. overgang til LED belysning.

Eg har Think Classic med robometer. I tomgang når eg har starta bilen, så går det strøm ut av hovedbatteriet på typisk 4.0 A. Dersom er skrur av hovedlyset (på med park-lys), går strømmen ned 1.5 A til typisk 2.5 A.
Eg antar at all denne strømmen (dvs. 4.0 A) går via DC/DC omformar til 12 V-systemet.

Eg har installert eit enkelt 230 V opplegg i bilen som er spenningssatt når kabel er tilkopla med ladekabelen. Dvs. eg har vanleg stikkontakt i bilen som eg benyttar til vedlikeholdsladning 12 V batteri og vanleg kupevarmar som eg brukar om vinteren. Ladar til hovedbatteriet kontrolerer ag av/på med ekstra brytar. Dvs for å lada hovedbatteriet må den vanlege ladekabelen koplast og denne brytaren skruast PÅ. Er denne AV er det likevel spenning i stikkontakten i bilkupeen, og 12 V ladar og kupevarme kan benyttast.

Det eg har tenkt på er å installera eit større 12 V batteri i tillegg til eksisterande. Dette 12V batteriet vil stå med lading når bilen er parkert ved ein ladestasjon (med vanleg «Biltema-ladar»), og forsyner elles 12 V systemet i bilen med strøm under kjøring og når parkert utan strømtilkopling.
Dette batteriet blir ikkje tilkopla DC/DC-omformaren og vil difor ikkje belasta hovedbatteriet. Beholder sjølvsagt DC/DC-omformaren og det lille 12 V batteriet. Dette må kunna koplast inn som «back-up» dersom det nye batteriet skulle nærma seg på å bli tomt under kjøring.  

Grunnen til at eg tenkjer på dette er:
a)   Med konstant uttak 4 A på hovedbatteriet når «tenning» er på, «stjeler» dette ein god del av kapasiteten (med sakte bykjøring Sandnes-Forus, kan dette utgjera 20 % av totalforbruket).
b)   Kostnad på 12 V batteri er betydeleg mindre enn kostnad på NiCd batteri som er brukt i hovedbatteriet (kost/Wh), altså bør dette bli rimelegare "range extender".

Spørsmål eg lurer på:
1)   Stemmer det at det ikkje er forbruk direkte på hovedbatteriet utanom DC/DC omformar, når motoren ikkje går ("tenning" på, men bilen står stille eller trillar fritt)?
2)   Kor stor laststrøm er det totalt på 12 V-systemet under kjøring?
3)   Kor stor laststrøm er det på 12 V-systemet når parkert («tenning» av)?
4)   Er dette gjennomførbart (denne ide som her er beskrevet)? Er det andre moment som må takast i betraktning?
5)   Forslag til praktisk løysning/koplingsskjema?
6)   Spesielt vedrørande omkopling til «back-up» (=det eksisterande lille batteriet), må det skje avbruddsfritt?

NB! Dette er kun på ide-stadiet, er langt frå sikker på om eg går vidare med det!
#10
Think City "Classic" (2000 - 2002 mod) / Gearlås
mandag 16. mai 2011, klokken 15:23
Hei

Eg har fått eit nytt problem med gearlåsen på Thinken.

Ved operering av gearvelgjar frå R til P (eller motsatt) vil tannhjul på ein liten el.motor gripa i tannkransen på gearlåsarmen og bevega denne mellom høgre (åpen) og venstre (låst) grensebrytar, sjå bildet i vedlegg.
Ved gearlåsarmen er det også ein fjørspent arm, sjå bilde i vedlegg. Eg er veldig usikker på hensikten med denne fjørspente "hjelpearmen".

Problemet er at ved operering av gearvelgjar frå R til P (gearlåsarm skal gå frå høgre mot venstre på bilete), så verkar det som om den fjørspente armen av og til heng seg opp. Dvs den står konstant i ca samme posisjon som den har i open posisjon. Når gearlåsarmen bevegar seg mot venstre, spenner fjøra seg difor ytterligare, og gearlåsarmen klarer ikkje å komma til låst posisjon. Den vesle elektriske motoren stoppar ikkje, det virkar som om tannhjul på motoren og tannkransen på armen glipper. Etter 6 sekund stoppar motoren og det kjem ein akustisk alarm.
Eg kan hjelpa gearlåsarmen over til låst posisjon med fingeren, og merkar at eg då må bruka litt kraft.

Dersom eg så tar gearvelgaren frå P til R igjen, skjer bevegelsen av gearlåsarmen svært hurtig og med ein liten smell. Det betyr vel at den fjørspente armen normalt skal dempa bevegelsen den vegen, men i dette tilfellet blir gearlåsarmen dratt hurtig tilbake. Igjen så glipper kontakt mellom tannhjul på motor og tannkransen på gearlåsarmen.

Når den fjørbelasta armen heng seg opp, klarer eg å bevega den mot høgre (med skrujern), men ikkje mot venstre (den retning den skulle bevega seg i for å følgja gearlåsarmen).

Dersom den fjørspente armen følgjer bevegelsen til gearlåsarm er alt alltid OK.

Er det nokon som har erfaring med dette, eller har tips til meg?

Midlertidig (permanent) utbetring som er gjort er utkopling av el.motor. På dashbord har eg montert ein liten tre-posisjons vippebrytar. Denne har eg kopla til kontakt (socket) for signal frå grensebrytarane. Ved operasjon av gearvelgjar frå Ptil R, må eg like etter operera vippebrytaren for å simulera grensebrytarsignal til kontrollenheten.
Når eg stoppar, er det først velgjar frå R til P, så like etter operasjon av vippebrytar. Fungerer egentleg heilt fint (kona er fornøgd). Gearlås står konstant ulåst.
Må alltid huska på håndbrekket og bør unngå parkering i bratt bakke.
#11
Think City "Classic" (2000 - 2002 mod) / Varmetråder i frontrute
torsdag 03. mars 2011, klokken 11:13
Hei

Har hatt ein Think Classic i nokre år. I den tida har ikkje varmetråder i frontrute virka. Varmetråder i bakluke er OK. Kunne tenkt meg å funne ut kva som er feil.
Er det nokon som kan tipsa om kor eg finn ledningane som går til trådane i frontruta?
(Oppe, nede, høgre, venstre, av med panser eller ikkje av med panser, etc. ?)
#12
Hei

Eg har hatt ein Think Classic i vel to år, og i periodar så får eg ei feilmelding ved start.
Dvs den startar egentleg normalt (grønn lampe OK), men når eg sett den i gear (fram- eller bakover), går det ca 8 sek (antatt tid, har ikkje målt) og så kjem alarm "SYSTEM FAULT, SERVICE REQUIRED" og gult utropsteikn. Strøm på robometeret går samtidig ned frå ca 4 Amp til typisk 2 Amp.  Bilen kan ikkje kjørast.
Eg stoppar bilen, og prøver ny start ("tenning" av og på). Etter ein del forsøk er feilen borte og bilen kan kjørast.
Dette har skjedd i enkelte periodar, ein periode i fjor sommar, ein liten periode i haust, i vinter har den vore fin, inntil i går, då kom problemet på nytt. I går på veg heim frå jobb holdt eg på å gi opp, men endeleg virka den fint igjen.

Er det nokon som har forslag til kva som kan vera galt?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA