Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - sturle

#1
Lading av Tesla / Gratis hurtiglading langs Autobahn!
tirsdag 03. november 2015, klokken 16:10
I fylgje ei pressemelding frå Bundestag skal Tyskland byggje 400 hurtigladarar med trippel-standard langs Autobahn.  I starten vert dei gratis å bruke.  Då skulle det vere slutt på all rekkjeviddeangst i Tyskland!
#2
Lading av Tesla / Varm Type2-kontakt
torsdag 30. juli 2015, klokken 00:51
Kontakten i ladestasjon-enden av type2-kabelen min vert veldig varm etter ein til to timars lading på 22 kW.  For varm til å ta på den enden som har vore inne i ladestasjonen.  Er det vanleg? 

Kabelen er levert av Tesla.  Har lagt merke til det dei tre siste gongane eg har hatt ei lengre ladeøkt på 22 kW, og avslutta medan han framleis lada på full effekt.  Bil-enden vert ikkje meir enn lunka.
#3
Elbilen i Samfunnet / Lokalval
søndag 24. mai 2015, klokken 14:49
Hugs at det er lokalval i år!  Sjølv tok eg kontakt med Dei grøne, som stiller liste for fyste gong i år her i byen, og la fram eit heilt konkret framlegg om utbygging av ladestasjonar på viktige stader, samt ei støtteordning for private verksemder som vil setje opp ein ladestasjon til gratis bruk for sine kundar.  Byen har ikkje ein einaste offentleg sakteladar (Kiwi har ein 32A til sine kundar, Coop hadde to 16A men dei er no inngjerda i eit mini-hagesenter og utilgjengelege) og ligg 60km vest for næraste offentlege hurtigladar.  Fram og attende er like langt, og dette er opplagt eit problem for elbilistar som vil komme til byen på ulike tilstelningar eller som turistar.  Sjølv innan kommunen kan køyreavstanden til sentrum vere over 80 km utan høve til lading på strekninga.

Berre nokre timar seinare stod framlegget i partiprogrammet for lokalvalet!

Eg kjem sjølvsagt til å utfordre dei andre partia på det same i valkampen.  Dersom eg kjem på eit nytt framlegg, kan det hende eg sender det til eit anna parti.  Det er alltid bra at fleire har politikk på eit felt, for då vil dei snakke om det i valkampen.  Elles har dei ein tendens til å ville skifte emne.
#4
Lading av Tesla / TT-nett med N-leiar
onsdag 25. mars 2015, klokken 14:12
Eg har fått vite at eg har 230V TT-nett med felles null-leiar og jord inn i huset.  Det må vel vere ein slags hybrid av IT og TN?  Eit slags TN-nett, men med 230V i staden for 400V?  Er dette nyttig på nokon måte?  Kan eg til dømes bruke ein Y-Y-trafo ved opptransformering til 400V, om eg skulle komme over ein slik?  Eg vil tru at ein enkel Y-Y autotransformator er billigare enn ein Y-d-transformator for 230V IT til 400V TN, utan at eg har sjekka prisar.
#5
På pressekonferansen i dag, sa Elon Musk: This year, more superchargers deployed in the world than sum of all superchargers to date.

Ny dobling!  Kvar skal dei få plass til alle?  Om ikkje programvareoppdateringa får slutt på rekkjeviddeangsten, er det i alle fall kort til neste superladar.

Elles sa han (med atterhald om skrivefeil frå kjapt referat):
Sitat
Feature 1: Range Assurance application. Always running in the background, even when nav isn't in use. Communicates with Superchargers and network, warns you before driving out of range if the Tesla Charging network is being used heavily. Over the next 12 months, all of Europe, U.S. (save for Northern Alaska), Most of China, all covered. Also works to look up weather, take terrain into account. Software update 6.2 makes it impossible for the driver to run out of range unless they intenionally try to. The car will double check. You have to say "Yes I'm sure Twice" in order to run out of range.

Feature 2: Trip planner: will automatically include best list, best route for your trip, including the best charging opportunities on your route. Also figures out how long to charge in each location, messages you when it's time to go. This matches the "conveinence flextion point" of the trip. Time driven to time charging ratio will work out really well  with Trip Planning update.

I tillegg sa mykje som ikkje har å gjere med lading.

Oppdateringa skal rullast ut om 10 dagar.
#6
Audi / Audi R8 e-Tron, 92 kWh, ca 450 km
onsdag 04. mars 2015, klokken 09:55
Rykta om at Audi kjem med ein rein elektrisk "Tesla-killer" har vorte meir handfaste.  Audi R8 e-Tron er klar for levering frå 2016.  Ladesystem er CCS.

Dei tyske nettsidene til Audi seier at dei tek imot ordrar i 2015, og lovar levering i 2016.  Ser ikkje noko på dei norske sidene.
#7
Lading av Tesla / Egomap, planlegging av langtur med lading
fredag 28. november 2014, klokken 13:27
Kom over e·go via Electrive.  Genialt system for planlegging av langtur med lading for elbil eller offentleg transport.  Det dekkjer dessverre berre Irland og Nord-Irland førebels, men noko slikt kan eg absolutt tenkje meg å sjå ein full europeisk versjon av.  Tek omsyn til høgdeprofil på ruta og føresler fleire alternative ruter med ladetid pr ladepunkt undervegs.  Det hadde vore supert med noko slikt integrert i navigasjonssystemet i bilen.
#8
Lading av Tesla / Sikringar og termisk overlast
torsdag 21. august 2014, klokken 12:02
Eg har ei oppgåve til elektrikarane her med å finne kor lenge eg kan overlaste ein 10A-kurs utan å risikere at sikringen ryk.  Det generelle spørsmålet er:  Kor lenge held ein sikring som frå før har ei kontinuerleg last på x A når  han får ei tilleggslast på y A når summen er større enn det sikringen toler av termisk last?

Døme: Ein 10A automatsikring type L med kontinuerleg last på 6A som får ei tilleggslast på 8A.  Summen er 14A.  Kor lang tid tek det før sikringen går?

Ein vanleg 10A automatsikring, treg eller rask, skal etter det eg forstår tole 14A i ein time før han går, men opplagt ikkje dersom han frå før har hatt ei kontinuerleg last på 6A over lang tid.

Den praktiske oppgåva:
Eg har ein 10A-kurs i garasja.  Problemet er at varmtvasstanken går på same kurs.  Eg har ikkje meir plass i sikringsskåpet, og det er ingen annan kurs som er betre eigna.  Utover varmtvasstanken er det ei ein UPS med tilkopla PC (ca 1A).

10A-kursen er god so lenge varmtvasstanken ikkje er på.  Typisk spenningsfall ved 8A lading er 4-5V.

Problemet er den varmtvasstanken.  Når termostaten slår inn går sikringen på under eit minutt, sjølv når ladestraumen er skrudd ned til 5A.  Varmtvasstanken dreg litt over 8A.  Sikringen (L-type) skal vel klare 14A meir enn eit minutt?

Eg har eit script som oppdagar spenningsfallet på inngangen til UPSen og stansar lading av bilen når termostaten på varmtvasstanken slår inn.  Problemet er at det ikkje klarar å stanse ladinga fort nok, og sikringen (alltid den same) ryk likevel.  Kan det hjelpe å skifte sikringen, eller må eg til med tidsur eller ei meir avansert løysing for å få varmtvasstanken til å halde seg avslått under lading.  Med 200l varmtvatn gjer det ingenting om han er av heile natta og mykje av dagen utanom dusje- og bade-ungar-tid.  Eg må berre vere sikker på at berre ein av dei er på over tid.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA