Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Edison

#1
Har ein Model Y Performance i bestilling med estimert levering i april som eg lurer på om nokon er interessert i å bytte mot ein Ioniq 5 + eit fornuftig mellomlegg.

Blå bil og svart interiør. Kan avtale bestilling av vinterhjul og hengarfeste. Nypris ved bestilling i dag er 622 000, med estimert levering i juni.

Ta gjerne kontakt på melding.
#2
Kjøpe elbil? / Peugeot e-208 vs. VW ID.3
fredag 07. mai 2021, klokken 12:20
Er det nokon som har erfaring/samanlikningsgrunnlag med desse bilane? Prøver sjølv å gi råd, men har ikkje prøvd nokon av dei. 

Bilane som blir vurdert er 45 kWh-varianten av ID.3 med "Style" utstyrsnivå, som er inneheld det mest nødvendige, og i tillegg har LED Matrix, til rett over 300 000 kr.

e-208 kjem på omtrent det same med nest høgaste utstyrsnivå. Dei er då ganske likt utstyrt.

Av det eg finn ut på nett har dei ganske lik rekkevidde og ladefart. ID.3 vinn på plass, mens e-208 har eit (subjektivt) finare interiør og ein dose sjarm. Sjølv heller eg mot å anbafale ID.3 pga. rein elbilplattform og bedre plass, i tillegg til at den skal produserast i stort volum og VW er difor avhengige av å ordna opp i det som eventuelt er igjen av SW-problem og app. PSA er kanskje litt meir avslappa der? Eller er dei bra nok i utgangspunktet?

#3
Kjøpe elbil? / Verditap E-tron 50 vs. E-Niro vs. Model 3 AWD
tirsdag 01. oktober 2019, klokken 13:12
Eg slit med å velge mellom desse tre. Så tenker at eg vil kjøpe den som gir meg lavast sannsynlig verditap (i %) over 3-4 år.

E-tron 50 føles mest komplett, med hengarfeste, plass, praktisk bagasjerom, AWD og god bakkeklaring. Spørsmålet er om denne vil få eit kraftig verditap dei neste åra når ~50 mils rekkevidde blir standarden. Eller er prisen såpass god at eg kan sleppe unna med rundt 60-70 tusen i året?

Eg tenker at alle tre vil få konkurranse av fleire nye modellar, blant anna Model Y og Vision iV, som garantert vil slå godt an. Model 3 får kanskje den største konkurransen her? Men vil folk kjøpe ein brukt E-tron når dei kan få ein nybil med lengre rekkevidde for berre litt meir? Eller er Audien såpass overlegen Teslaen i komfort og kvalitet at det vil vera eit marked for han?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA