Det er stadig foto av kablar som ikkje heng saman, delvis smelta kontaktar etc på forum og fb. Førre helg var 2 ladarar straumlause og ein hadde delvis smelta kontakt (eg har meldt ifrå til Tesla) i Grong. Eg kjører ofte i nærheiten av Stjørdal og ser stadig "reduced service" i navigasjonen der. I Grong var det ingen andre bilar, så eg kunne bruke den 3. ladaren eg prøvde, men eg begynner å få litt ladeangst før sommarferien: Held superladarane på å ramle saman?