Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Tut tut

#1
Kvifor er det ei dårleg løysing?
#2
Leaf 2018- 40kWt og 62kWt / Kva må eg passa på ved bruktimportert bil?
torsdag 24. november 2022, klokken 20:02
Bestilt bil (40 kWh Tekna, 2018) frå Rebil med 14 dagar åpent kjøp. Bilen er bruktimportert, det la eg ikkje merke til før etter eg hadde bestilt. Kva kan vera ulemper ved bruktimport? Kva bør eg sjå ekstra etter før eg evt. bestemmer meg for å behalda bilen eller ikkje?
#3
Sitat fra: knute på søndag 11. september 2022, klokken 10:01
På parkeringsplassen rett utenfor Hønefoss kirke, så har Kople fått satt opp en haug med AC-ladere, og en par hurtigladere. Totalt 8x CCS, ingen Chademo.
Igjen har Kople satt opp litt spesielle ladere. En fra Siemens, som ved Norefjellsporten, og tre fra StarCharge som jeg aldri har sett noen andre steder før.

Det er eitt Chademo-punkt. Mogleg det ikkje var aktivt i starten.
#4
ë-C4 / Sv: Citroen E-C4 GPS og app problemer
tirsdag 02. august 2022, klokken 14:43
Sitat fra: TomEri på tirsdag 21. juni 2022, klokken 03:29
GPSen lever sitt eget liv. Den følger ikke med hvor man kjører, hopper vilt rundt og den viser ikke riktig. Noen flere som opplever dette? Hvis du har opplevd dette: Hva har du fått gjort? Funker det i dag?

Eg la inn siste oppdatering av skjerm-firmware og kartverk. Ingen forskjell i GPS-oppførsel, den drar framleis på bærtur med ujamne mellomrom.
#5
ë-C4 / Sv: Citroën C4
onsdag 20. juli 2022, klokken 00:51
Eg veit ikkje kor mykje spoileren tvers over bakruta har å sei for rekkevidda, men at den reduserer sikta bakover grundig er i alle fall sikkert. Når eg køyrer på tørr grusveg legg det seg masse støv og sand under, og der ligg det fint beskytta mot regn og vær slik at bakruta under spoileren (nedre halvpart) ikkje er gjennomsiktig lenger.
#6
ë-C4 / Defekt navigasjon?
tirsdag 14. juni 2022, klokken 13:34
Eg henta meg ein e-C4 frå Fleks i dag, og det var stort sett fin bil, men navigasjonen var heilt ubrukeleg. Den trudde for det meste eg var fleire kilometer frå der eg faktisk var. Er det andre som opplever liknande?
#7
Elbilforeningens svarte brikke er av og til vanskeleg for meg. Det går stort sett til slutt, men den blå brikken og Kople sin går greit. Den blå er dyrare å bruka enn Kople sin på Kople-ladarar.
#8
Kia Soul EV / Ein prosent er ikkje ein prosent?
søndag 20. februar 2022, klokken 19:50
Mistenker at batteriet på min 2015 Soul EV er dårleg nok til at det er garantisak, og har tatt eit par turar for å observera målt forbruk i prosent og kWh/100km.
Ein ting som har oppstått er at bilen gjerne ladar til over 80% på snøggladar utan tilsynelatande besvær når batteriet er varmt, men tilgjengelege km per prosent blir veldig lågt.
På siste testtur: Lada til 100% frå ladeboks, køyrte 58 km, kom fram til ladestasjon med 49% batteri. Tilsvarar 0,9 %poeng per km. Lada til 85% på snøggladar, køyrte heimover att. Måtte lada på nytt etter 41 km, då viste bilen 18%, eller 1,6 %poeng per km. Dette var frå Hønefoss til Nes i Ådal og tilbake, ein strekning med lite høgdeforskjell.
#9
Sitat fra: turfsurf på lørdag 08. mai 2021, klokken 11:32
Sitat fra: Tut tut på fredag 07. mai 2021, klokken 19:13
Men eg meiner at det er tryggare å liggja i 60 km/t på motorveg med 110-grense, fordi det er så lett å køyra forbi.
Det er absolutt ikke tryggere å ligge i 60 på motorvei enn på landevei. Da blir hastighetsforskjellen stor, og er trafikken tett nok vil du få en flaskehals der folk må bytte fil for å komme forbi deg. Dermed må folk begynne å bremse opp, og man får trekkspileffekt bakover, og potensiell kjedekollisjon.

Å uttale noe slikt viser total mangel på forståelse for dynamikken i trafikk på motorvei. Det er ikke uten grunn at på mange motorveier er det forbudt for saktegående kjøretøy i de ytterset filene, og innimellom minimum anbefalt fart.

Eg snakkar om norske motorvegar. Der er det lov å trekka hengar utan bremser. Hengar utan bremser og med last er ikkje lov å køyra raskare enn 60 km/t.

Eg har prøvd å køyra i 60 på motorveg og på bygdeveg. På bygdevegen lagar eg ein propp heilt til eg finn ein plass der eg kan køyra til side og sleppa forbi, eller til den bak meg synest det er trygt nok å køyra forbi. Av og til er desse forbikøyringane ganske stygge, i svingar eller med liten margin til møtande trafikk.

På motorvegen er det lett å sjå på lang avstand at eg køyrer sakte, og det er lett å leggja seg ut tidleg og køyra forbi. Heilt trygt, for det er jo ingen møtande trafikk. Eg prøver sjølvsagt å ikkje køyra når det er veldig mykje trafikk.
#10
Sitat fra: Thomas Parsli på fredag 22. januar 2021, klokken 16:15
Sitat fra: Tut tut på fredag 22. januar 2021, klokken 15:06
Motorveg er den vegtypen det er minst problematisk å liggja under fartsgrensa på. Dei som kjem bak kan berre leggja seg til venstre med ein gong og susa forbi. På vanlege vegar med mange svingar er det vanskeleg både å køyra forbi og å sleppa fram.

Min erfaring, etter litt for mange langturer med 24kWh Leaf er at å ligge i 70km/t der det er 90km/t er et sted mellom ubehagelig og farlig  :o
Unntaket er hvis du finner deg en trailer/lastebil å ligge bak.

Javisst er det ubehageleg å liggja langt under fartsgrensa. Men eg meiner at det er tryggare å liggja i 60 km/t på motorveg med 110-grense, fordi det er så lett å køyra forbi. Eg synest det var mykje meir slitsamt å liggja i 60 (eg hadde hengar utan bremser) på smal bygdeveg med 80-grense og utålmodige bilar bak meg. Langt mellom plassar det er trygt å køyra forbi, og ikkje alltid lett å sleppa forbi heller.
#11
https://www.nrk.no/nordland/norsk-elbilforening-vil-ha-flere-ladestasjoner-for-elbil-_-enova-er-usikre-pa-behovet-i-fremtiden-1.15466479

Eit stykke ned i artikkelen står det:
Sitat
Likevel stiller [Enova] spørsmål om behovet i fremtiden vil være det samme som i dag. De peker på at flere av dagens elbiler har en helt annen rekkevidde enn bare for noen år siden.
– De fleste elbilene som skulle ha ladestasjoner i 2015 hadde en rekkevidde på mellom 80 og 160 kilometer. Dette har forsterket seg drastisk. Nå ser vi biler som har en rekkevidde på opp mot 700 kilometer.

Jodå, vel og bra det, men bilane frå 2015 skal då vera på vegen til 2030? Min halvgamle Soul EV får ikkje lengre rekkevidde av at det kjem nye modellar.
#12
CCS / ChaDeMo hurtigladere / ChaDeMo-ladefart over 50 kW?
fredag 23. april 2021, klokken 15:16
Eg har ein Kia Soul EV, som ifølge https://elbil.no/elbil/kia-soul-electric/ skal klara opp til 80 kW lading. No er dei fleste ChaDeMo-ladarar 50 kW, og der får eg 50 kW maks. Men ein del nyare ladestasjonar påstår å ha 62,5 kW ChaDeMo, og der får eg også 50 kW. Er spec på elbil.no feil, eller kva er grunnen til at eg ikkje får meir enn 50 kW?
#13
Elbiler i media / Sv: På fjelltur med elbil
mandag 29. mars 2021, klokken 23:12
Dei kom fram laurdag kveld. Eg trur det er meir sannsynleg at dei ikkje gadd å gå ut midt på natta for å køyra bil i ein time til, og heller gjekk og la seg med bilen ståande i vegbanen. Og så hadde dei flaks med journalistar som ikkje har greie på elbillading.
#14
Motorveg er den vegtypen det er minst problematisk å liggja under fartsgrensa på. Dei som kjem bak kan berre leggja seg til venstre med ein gong og susa forbi. På vanlege vegar med mange svingar er det vanskeleg både å køyra forbi og å sleppa fram.
#15
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Plassering av hurtig/lynladere
lørdag 26. september 2020, klokken 12:57
Viss eg hugsar rett har ladarane på Dombås to CCS-kablar og ein ChaDeMo. I tillegg er det ganske trongt der ladarane står, og kronglete avvikling av ladekø. Viss ladarane var plassert med to parkeringsplassar per ladar ville det berre vore halvparten så mange ChaDeMo-ladeplassar som i dag. Det ville neppe fått ladekøen til å bli kortare eller gå smidigare. Det er ein del ChaDeMo-bilar på vegane. Slik det er no kan nestemann i kø køyra fram straks ein bil køyrer ut, utan å sjekka om ChaDeMo-kontakten er opptatt på naboplassen eller ikkje.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA